Hopp til innhald

Landets beste spelemenn, kvedarar og dansarar knivar i Vågå

Landskappleiken i Vågå er i gang. Det er ikkje langt mellom høgdepunkta når det folkemusikkinteresserte Noreg samlast til den årlege, uoffisielle noregsmeisterskapen, men sjølvsagt er interessa konsentrert om kven som er aller best til å syngje og spela fele her i landet. Dei beste kvedarane tevlar fredag, og laurdag skal 32 av landets fremste spelemenn fram for en sakkunnig dommartrio.

Laurdag kl. 10 er valdrisen Erland Joplassen førstemann ut i spel hardingfele kl. A, og når nr 14 og sistemann Frank Rolland frå Hardanger har spela sine to obligatoriske slåttar, har dommarane fått noko å tenkje på. Endå verre blir det truleg å vera dommar når 20 skarpskodde spelemenn på vanleg fele stiller til start laurdag ettermiddag.

I begge klassene stiller fjorårsvinnarane opp. Men verken Tore Bolstad (hardingfele) eller Torill Aasegg (fele) kan kjenne seg trygge på å kopiere innsatsen frå Rauland 2001. Her er fleire kandidatar til topplasseringa, og blant hardingfelespelarane er både yngste skotet på Buen-stamma, Per Anders Buen Garnås frå Bø, og ein av veteranane, Øyvind Brabant frå Nesbyen, gode nok til å vinne. Eller kanskje skal vi oppleve ein sensasjon med ein kvinneleg spelemann på toppen av sigerspallen? I 1960 delte Signe Flatin Neset førsteplassen med Odd Bakkerud, så det er lenge sidan sist. Åse Teigland frå Granvin i Hardanger var berre hårfint bak Bolstad i fjor, og Knut Hamres dyktige elev har forlengst spela seg opp i hardingfele-eliten.

Det er uvanleg høg kvalitet også i A-finalen på vanleg fele i år. Her er tidlegare vinnarar på rekkje og rad. Den fremste utfordraren til Torill Aasegg frå Byneset er kan hende ein annan sørtrønder – Trond Westberg frå Brekken som vann for to år sidan. Gudbrandsdølane stiller mannsterkt på heimebane, og Øystein Rudi frå Fron, frontfigur i gruppa Kvarts, har to sigrar frå før. Ungdommen bankar på her òg, Ingunn Linge Valdal, Andreas Skeie Ljones, Ingunn Bø og Gjermund Larsen vil vera å finne blant dei aller fremste.

Spenninga vil først bli utløyst under Meisterkonserten sundag. Då blir dei tre beste i kvar kategori henta inn og resultatet kunngjort.

Vokal A
Klasse A i kveding, eller vokal folkemusikk som det nå heiter, syng fredag ettermiddag. Også her er utfallet heilt ope. Gunhild Tømmerås som bur i Sverige, men syng i setesdalstradisjon, har vunne landskappleiken tre gonger og kan gjerne gjera det på nytt, men det er lenge sidan ein mann har vunne vokal A, og dei to siste års nr 2, telemarkingen Jon Anders Halvorsen, er sjølvsagt i favorittsjiktet. Det same gjeld tidlegare vinnarar som Ingvill Marit Garnås og Berit Opheim, men kanskje ligg det også her til rette for ein liten sensasjon – med fjorårets vinnar av vokal B, allsidige Odd Nordstoga, som ein svært interessant runner up.

Kongepokal
Den årlege kongepokalen på Landskappleiken går i år til beste par i dans hardingfele kl. A. Då landskappleiken for fem år sidan sist gjekk i Vågå, vann telemarksdansarane Hæge Manheim og Johan Vaa. Dei er med i år også og satsar på å forbetre femteplassen frå i fjor. Fjorårsvinnarane stiller ikkje i år, men søskenparet Liv og Nils Øyvind Bergset frå Numedal er sterke aspirantar til pokalen etter sølvplass i fjor. 24 «ekvipasjar» stiller til start fredag middag.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hardingfele

Landskappleik på Gjøvik

– Den fineste plassen på jord’n, synger Viggo i Vazelina, og mener Gjøvik. I 2003 er Landskappleiken lagt til Mjøsbyen....

Jan Beitohaugen Granli

Folkemusikkpøbb med storkanoner frå Valdres

Fredag den 25. februar er det klart for årets første folkemusikkpøbb i Tromsø. Trekløveret Gina Ingeborg Hagen (hardingfele, dans), Stian...

Åse Teigland (Foto: Norsk Folkemusikkatalog)

Første kvinne på 45 år: Åse Teigland vant Landskappleiken på hardingfele

Landskappleiken kan kalles «folkemusikkens Norgesmesterskap», og gikk i år av stabelen i vakre omgivelser på Røros. Årets utgave blir omtalt...

Flere saker

Foto: Christina Undrum Andersen.

En god begynnelse

Mange fyndige bidrag ble dårlig besøkt, det mest slurvete ble en folkefest. Juba Juba er en festival uten nevneverdig forbedringspotensial,...

I 2011 ble det bråk da Honningbarna slapp låta «Fri Palestina». Nå boikotter vokalist og cellist Edvard Valberg Øyafestivalen, som har investeringer i Israel.

Fra ingenting til alt – Honningbarna gjenåpner landet

Noen band kan ikke spille for sittende pubikum. Endelig kan Honningbarna legge ut på turné igjen.

Elisabeth Holmertz

Kunststipendiat Elisabeth Holmertz er klar for landets hundrede disputas

Stipendiatprogrammet i kunstnerisk utviklingsarbeid feirer sin hundrede disputas på landsbasis. Den er det sanger Elisabeth Holmertz på Musikkhøgskolen som står...