Hopp til innhald

Unik plateutgjeving

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD – 40 år etter sin død. Bak denne plateutgjevinga står prosjektleiar Synnøve S. Bjørset og plateselskapet Ta:lik.

— Sigurd Eldegard er og var ein av dei største og viktigaste spelemennen i fylket vårt. Musikken hans er gull verd, sier prosjektleiar Synnoøve S. Bjørset. – På 1950-talet var innsamlarane Arne Bjørndal og NRK v/Rolf Mylkebust på vitjing hjå Sigurd, og gjorde då opptak med denne framifrå spelemannen. Det er eit utval av desse opptak som no vert gjeve ut på plate.

— Arkivopptak er ikkje berre ein kulturhistorisk dokumentasjon, slik mange trur. Det er også ei kjelde til store musikalske opplevingar. For det er i mange tilfelle snakk om verkeleg god musikk, ein tidlaus musikk som har stor musikalsk verdi også mange tiår etter at innspelingane vart gjort.

Ta:lik er eit plateselskap som har spesialisert seg på utgjeving av arkivopptak. Tidlegare har det kome plater med spelemennene Olav Moe, Haldor Røyne og Harald Fylken, alle frå Valdres. Men no er det altså Sogn sin tur, og det er Sigurd Eldegard som presenterast på den fjerde plata i serien.

Plata skal sleppast under Vestlandskappleiken i Bergen 4. – 6.oktober. Her blir det ei markering der Eldegardsinspirerte spelemenn og -kvinner spelar og fortel. Blant aktørane finn ein Håkon Høgemo, Synnøve S. Bjørset, Sogn Spel og Dansarlag, og Svein Nesje.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Synnøve S. Bjørset, live, 2002 (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Nordlandenes musikk

21. til 24. august samla åtte musikarar frå åtte Nordsjøland seg til fyrste øvingsveke og opningskonsert i maleriske omgjevnader i...

Synnøve S. Bjørset

Minimalistisk råskap på hardingfele

Synnøve Sæmundsdotter Bjørset er et lovende norsk talent på hardingfele. Med «Ram» debuterte hun nylig som soloartist, og har overbevist...

Jan Beitohaugen Granli

– MEN underslår halve historia

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjons-CDar med norsk musikk. Framlegget til nye CDar vart...

Hallingkast

Folkemusikkkonsert i «Afrika»

Oslo sitt lokallag for folkemusikk – Laget for Folkemusikk – fylte i 2003 hele 100 år. De er det eldste...

Gjermund og Einar Olav Larsen,

Slåttemusikk frå Verdalen

Plata «Søttenpassingen» med brørne Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen frå Verdalen blei onsdag sleppt med konsert og overraskingar på...

Odd Bakkerud, 1931 – 1989 (Foto: Ta:lik)

NRK og Ta:lik gjer ut unik CD med folkemusikk

NRK satsar vidare på norsk folkemusikk. No skal meisterspelemannen Odd Bakkerud (1931 – 1989) med hardingfela fram i lyset med...

Flere saker

Sondre Mæland og bandet framfører Angst

Ballade og Samspill presenterer Samspill Sessions: Sondre Mæland – «Angst»

Kva får du når du blandar ein oppvekst blant fjord og fjell med ti års erfaring som backingmusikar for mange...

Bombino og Knut Reiersrud i samspel

Vi må snakke om livemusikk av Knut Reiersrud og Bombino

Vi havner i verden! På flere måter. Ny podkastepisode ute nå.

Still fra Oskar Bremers musikkvideo til låten «Believe me»

Ballade Video XXXVIII: Halve himmelen og hellige fjell

Vi ringer ut januar med hele tre premierer. Se fine og aktuelle videoer med Lisa Skoglund, Nebula Horizon, Oskar Bremer,...