Hopp til innhald
Bjarne Herrefoss med fele

Minnekonsert og kappleik i Bø

– I 2006 er der 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss kom til verda. Dette vil bli markert med ein storslagen minnekonsert til ære for honom i Gullbring Kulturanlegg i Bø, fredag 3. november. Ballade bringer her videre informasjon om denne store festkvelden i Telemark.

Bjarne Herrefoss var ein av dei mest markante spelemennene på siste halvdel av 1900-talet.

Få spelemenn kunne røre ved eit stort publikum på den måten han gjorde – det oppstod ein eigen aura rundt honom som aldri blir gløymt. Bjarnes veremåte og takande spel gjorde at han blei høgt verdsett og elska, både av eit stort publikum, men også av andre spelemenn og musikarar. Han skapa ein eigen stil som slo gjennom med kraft, og som framleis lever sterkt i veldig mange si toneverd.

Han var ein særs aktiv kappleiksdeltakar og deltok på desse i ein mannsalder. Slik hadde han mange vener iblant publikum og spelemenn, og han fekk heile tida nye oppigjennom åra. Dette vil syne seg på minnekonserten, der både aktørar frå hans eigen generasjon og yngre musikarar vil ære hans minne.

Frå familien vil me få gleda av å høyre sonesonen til Bjarne, Kristoffer Herrefoss, som er yngstemann både på konserten og på slektstreet. Og me får sjølvsagt også høyre sønene Magne og Roar Herrefoss. Desse tre Herrefossane er levande prov på Bjarnes musikalske arv.

Hauk Buen er av same generasjon og kaliber som Bjarne. Desse hadde mykje med einannan å gjera i kappleikssamanheng, særleg i unge år, og det er ein sjølvsagt ting at Hauk blir å høyre på konserten. Det vil også bøheringen Gunnar Innleggen,som i mange år var sambygding med Bjarne, og som også hadde eit godt venskap med honom.

Frå generasjonen like under desse to vil Knut Buen og Knut Hamre bli å høyre. Desse to Knutane var høgt verdsette hjå Bjarne, og dei hadde samarbeide med honom også utanom kappleikslivet. M.a. var det Knut Buen som gav ut kassetten «Draumespel» med Bjarne, og Knut Hamre fekk Spelemannspris for CDen «Toneflaum» i lag med Bjarne og Hallvard T. Bjørgum.

To yngre spelemenn frå Bø, som vaks opp i Bjarnes inspirasjon, er Per Anders Buen Garnås og Torgeir Straand. Desse blir også å høyre på konserten, og Per Anders er også den som skal leie det heile.

Men det var ikkje berre hardingfelespel som var stort for Bjarne. Han var generelt musikkinteressert, og også særs glad i god kveding. Difor er det gledeleg at både Marit Vaagen Lilleland og Agnes Buen Garnås – to kvedarar Bjarne sette ekstra høgt – vil vera med å heidre Bjarne på denne minnekonserten.

I tillegg til alt dette får me eit lite comeback; Arne Pladsen og Marit Bergland – gode vener av Bjarne som dansa mykje etter honom i yngre år, skal danse springar i hop for fyrste gong på mange år, til ære for Bjarne Herrefoss. Hæge Manheim og Johan Vaa vil syne oss ein gangar, etter tonane til bouzokien til Knut Loftsgarden, som har overført mange av Bjarnes slåttar til dette instrumentet.

Det er i det heile duka for ei svært innhaldsrik storhending i Bø fredag 3. november, slik minnet om Bjarne fortener, og me håpar på at så mange som rå møter opp for å heidre spelemannen me aldri vil gløyme.

Ledige stillinger

Laurdag 4. november går som vanleg Bøkappleiken av stabelen på Sandvin i Bø.

Arrangørane:
Spelemannslaget Bøheringen
Bø Dansarring
Bø Ungdomslag
Bø Juniorspelemannslag

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bjarne Herrefoss

Minnekonsert for Bjarne Herrefoss

I 2006 er der 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss kom til verda. Dette vil bli markert med ein storslagen...

Per Anders Buen Garnås

Tid for Seljordkappleiken

No er det tid for den årlege kappleiken på Granvin Kulturhus i Seljord att. – I år har me tenkt...

Annbjørg Lien på Telemarkfestivalen

Waltz with Annbjørg Lien

Telemarkfestivalen presenterer verdensartisten og folkemusikeren Annbjørg Lien som årets festivalkomponist. Lien vil fremføre sitt helt nyskrevne verk «Waltz with me»...

Lars Ánte Kuhmunen

Joik ved midnatt

INTERVJU: Ved midnatt fredag kan Telemarkfestivalen by på midnattskonsert på Kvennøya, Bø Museum ved Oterholt. Det er Lars-Ánte Kuhmunen og...

Torgeir Straand 07/Foto: Varden/ Halvor Ulvenes

Tilbake til Borgja gård

INTERVJU: Torgeir Straand er årets spelemann under Telemarkfestivalen. Søndag gjennomfører han festivalens avslutningskonsert som i år finn stad på Borgja...

Annbjørg Lien 1 (Foto: annbjorglien.com)

En godt bevart hemmelighet

INTERVJU: Annbjørg Lien står bak årets bestillingsverk på Telemarkfestivalen i Bø. Lien har satt sammen en internasjonal strykekvartett til framføringen...

Flere saker

Elisabeth M. Nesset

Inspirasjoner: Elisabeth Nesset velger Erland Dahlen

Ballade har snakket med trommeslageren Elisabeth Nesset om hennes fremste norske inspirasjonskilde, trommekollega Erland Dahlen, kjent for å ha spilt...

Luftforsvarets musikkorps Foto: Forsvaret

Kutt for Forsvarets musikk

Åtte musikerstillinger og fire dirigenter skal bort allerede til høsten.

Årets verk 2023 – Nils Henrik Asheim – Tine Surel Lange – Jan Erik Mikalsen

Komponistforeningens priser for Årets verk til Nils Henrik Asheim, Tine Surel Lange og Jan Erik Mikalsen

Et verk utforsker orgelet som instrument. Et annet er et trassig brøl og sier mye om den verden vi lever...