Torgeir Straand 07/Foto: Varden/ Halvor Ulvenes

Tilbake til Borgja gård

INTERVJU: Torgeir Straand er årets spelemann under Telemarkfestivalen. Søndag gjennomfører han festivalens avslutningskonsert som i år finn stad på Borgja gård. Her heldt ei rekkje sentrale spelemenn til på 1800-talet, og Straand framfører slåttar i tradisjonen etter dei, på instrumentet til eitt av familiemedlemmene, Gunnulf Borgen. – Borgja var som eit Soria Moria slott for meg då eg var liten spelemann, seier Straand til Ballade.

Kalender

BACH – HAYDN – BACH

03/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Av Ida Habbestad

Som 12-åring var Torgeir Straand til stades under den første solokonserten på Telemarkfestivalen. Året var 1993, og Hauk og Knut Buen var årets spelemenn.

— Eg var der saman med min læremeister Alfred Amundsen, og lurte på korleis det var mogleg å spela like fint, fortel Straand.

14 år etter står Straand for Telemarkfestivalens avslutningskonsert, og eg spør hardingfelespelaren om vegen fram og om kva som har vore hans viktigaste inspirasjonskjelder.

— Det er mange inspirasjonskjelder, svarer Straand. – Den største inspirasjonen var nok at eg fekk vera saman med dei verkeleg store spelemennene i Bø. Dei var viktige for at eg skulle få den lokale dialekta i spelet. Og det var dei eg møtte først; dei vart døropnarar for meg til den store musikkverda elles.

Straand trekkjer særleg fram Amundsen-familien i nabolaget som hadde Gunnulf Borgen som ideal.

— Dotter til Alfred Amundsen, Astrid Espeseth, var dagmamma frå eg var om lag eitt år gammal. Ho og mora, Agnes, rosemåla ofte i kjellaren medan eg sat oppe i stova og høyrde Alfred og broren Jens spela. Dei lova meg å læra meg å bruke hardingfela når eg fekk lange nok armar, minnest han.

Åtte år gammal starta Straand i Bø kommunale musikkskule, og var elev der i ti år. Lærarane var Kjell Bitustøyl, Heidi Løvlund og landskappleikvinnar Johannes Sundsvalen, sistnemnde frå 1992 til 2000. I 1995 kom Anund Roheim attende frå USA etter 45 år, og han og kameraten Gunnar Innleggen vart viktige lærarar. Frå 1990 var Straand aktiv i Bø juniorspelemannslag.

— Den moderne måten å organisera opplæring på har vore viktig for meg; at det har vore eit miljø med jamnaldrande i kombinasjon med at eg har fått med meg tradisjonen frå dei gamle, seier Straand.

Ukjent gamalt og kjent nytt

Om repertoaret sitt fortel han at det har vore enklast å tileigna seg folkemusikkmaterialet frå Telemark, sidan det er der han har halde til. Men han understrekar at det òg har vore viktig å utforska materiale frå andre stader i landet.

— Eg trur det er viktig at ein stadig får tilgang på nye ting dersom ein skal utvikla seg som musikar. Eg prøver å få tak i musikk både gjennom radio og CD, og gjennom samarbeidsprosjekt der eg får impulsar frå musikarar eg møter. I tillegg finst mykje uutforska materiale, gamle opptak som ein kan ta fatt i. Slik vert repertoaret ei blanding av ukjent gamalt og kjent nytt, seier Straand.

Ved årets konsert er det likevel repertoar frå oppveksten i Bø som står på programmet. Konserten finn stad på Borgja gård som var ein kulturinstitusjon gjennom generasjonar. Her heldt ei rekkje sentrale spelemenn til på 1800-talet, og Straand framfører slåttar i tradisjonen etter dei.

— Borgja var som eit Soria Moria slott for meg då eg var liten spelemann, fortel Straand, og berettar om dei som heldt til der.

— Der var Gunnulf Borgen som vann sju landskappleikar, broren Halvor som òg var ein meisterspelemann, og faren Halvor H. Borgen var ein av dei store mennene i bygda. Når han hadde sett hardingfela i høgsetet, hadde det innverknad på heile bygdekulturen i Bø, seier Straand.

Autentisk instrument

Kvifor vart tradisjonen så sterk akkurat her?

— Det var jo ein storgardsfamilie, påpeikar Straand. – Halvor H. Borgen kunne samla mange spelemenn på Borgja. Mellom anna var Knut Dahle frå Tinn på Borgja ein sommar. Han skulle eigentleg måla huset, men det han gjorde var å læra opp sønene til Halvor. Og Lars Fykerud, som var den som byrja ha konsertar på hardingfele, var der ein periode, og vart det musikalske idealet på Borgja.

Brødrene fekk altså høve til å læra av dei store meistrene i samtida. Frå Borgen-familien vart sonen Gunnulf ståande att som den viktigaste.

— Alfred Amundsen sa det slik at når Gunnulf spela, var det så storslagent; han hadde slike lange, kraftige bogedrag. Ryktet gjekk om at han hadde lengre boge enn andre. Det hadde han ikkje, men det seier noko om korleis han tok seg ut på scena. Og så hadde han fela ”Kjempa”, som er ei av landets mest kjende feler, fortel Straand.

Instrumentet, som i dag er eigd av Bø Museum, vert henta fram under konserten; musikk etter Borgen-tradisjonen kan så gjerne framførast på Gunnulf Borgens instrument. Straand berettar vidare om fela:

— Fyrst var ho eigd av Leiv Sandsdalen i Seljord, og namnet sitt fekk ho etter at Sandsdalen hadde spela i eit brudlaup der, og presten sa: ”Nå må de tage kjempen, Leiv, og spille!”. Det var ein av dei første ”moderne” hardingfelene. Både klang- og styrkemessig utkonkurrerer den klangen også i moderne feler. Då den kom til salgs, var det Halvor H. Haugen som hadde råd til å kjøpe instrumentet.

Viktig at det er prat om musikk

Til dagleg er Straand dagleg leiar for eit ingeniør og oppfinnarfirma på Kongsberg, der det byggjast nye patentar for teknologisk nyvinning i offshoreindustrien. Men eit musikalsk kollegium tykkjest viktig for Straand, òg på arbeidsplassen. Dermed er det ikkje rart at dei to andre som driv selskapet er Asmund Buen (son til hardingfelespelar Hauk Buen) og Gorm Syversen (son til Rolf Syversen, som i si tid spela med Jens Book-Jensen).

— Det er veldig viktig at det er prat om musikk, seier Straand. – Kreativitet, på papiret kan hjelpa ein på musikken og omvendt. Det er i krysningar mellom ulike fagfelt at nye idear ofte kjem, forklarer han.

Tross mykje arbeid er spelet altså høgt prioritert, og Straand som er leiar i Spelemannslaget Bøheringen har tid til i alle fall ein konsert i veka. I fjor gav han ut CD-en: ”Den gærne Bøheringen”, med tradisjonelle slåttar nytta til dans frå tradisjonen i Telemark. CD-en er produsert og gjeve ut av Knut Buen, som uttalte i eit intervju med Telemarksavisa i høve lanseringa: ”Torgeir har sett og hørt mange av de gamle spelemennene, han. Det kan du høre på spelet hans. Og derfor er han også en god ambassadør for spelemanntradisjonen”.

Men ynskjer Straand å tilføra noko eige i musikken?

— Alle tilfører vel noko, i og med at me har vårt eige idelydbilde i hovudet som me ynskjer få ut. Det vert på ein måte som når du høyrer folk snakka same dialekt; dei kan likevel ha stor skilnad i stemmebruken. Men kva det faktisk er eg tilfører må nok andre svara på. Det gode vert verande, det andre blir borte. Derfor er det hyggeleg når andre vil ta opp det du har gjort, meiner Straand, som avslutningsvis utdjupar kvifor det nettopp er folkemusikk han vil halda på med:

— Eg vert stadig imponert over komposisjonar; detaljene og rikdomen som finst i slåttematerialet. Det finst slåttar og langedrag som er på høgde med det beste av den klassiske musikken, til dømes Langedrag-slåttene, synest eg. Kanskje kjem det av at så mange gode spelemenn og toneskaparar har forma på det same utgangspunktet. Eg kallar det for musikkdarwinismen – det beste overlever; slik er det med folkemusikken.

Årets avslutningskonsert finn stad søndag 22. juli kl 16.00 i Raudstua på Borgja gård. Det er få plassar, og publikum er oppfordra til å komma tidleg. Meir informasjon på telemarkfestivalen.no

Stillinger

Stipendiat i musikk

Universitetet i Stavanger

Kantor/organist – 100%

Kongsberg kirkelige fellesråd

Kantor – 50%

Kongsberg kirkelige fellesråd

Kantor/ organist

Gloppen kyrkjelege fellesråd

Forskningsbibliotekar

Nasjonalbiblioteket

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev