Hopp til innhald

Årets unge folkemusiker 2007

INTRO-folk kårer årets unge folkemusiker 2007: «Årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar «Årets unge folkemusikarar» i løpet av sommeren 2007.» Hele utlysningsteksten finner du her.

For søkjarar:

Kven kan søkje INTRO-folk 2007. Årets unge folkemusikarar

Alle kandidatar skal halde eit profesjonelt nivå og ha klart potensiale for å utvikle musikalske idear og dugleik. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ei profesjonell karriere innan musikk.

Det er høve til å melde seg på som

–Solist (ein enkelt utøvar som spelar solo)
–Solist med band/akkompagnement (snittalder som for grupper, inkl. solist)
–Gruppe

Solistar skal være fødde i tidsrommet 1.1.1977 – 31.12.1988. For grupper skal snittalderen ikkje være høgare enn 27 år.

Det er høve til å melde seg på både som solist og som del av ei gruppe same år.

Dersom ein solist med band/akkompagnement går vidare, skal han/ho nytte det same bandet/akkompagnement under både semifinale, finale og lansering.

Kva skal søknaden innehalde

— 10 min. representativ musikk med solisten, solisten m/band/akkompagnement eller gruppa i CD-format.

Ledige stillinger

— Ei A4-side med musikalsk CV, pressesitat, ambisjonar for framtida o.a. Søkjarar skal her si noko om kvifor nett han/ho eller dei ønskjer å verte lansert.

— Opplysningar om kontaktperson m/kontaktopplysningar (Namn, adresse, telefonnummer og elpostadresse)

— For grupper og solistar m/band/akkompagnement: Oversikt over alle gruppemedlem m/fødselsdato og kontaktopplysningar.

— Eit elektronisk pressebilde av søkjar med oppløysing på min. 300 dpi. (om bildet finns på ein nettstad, URL til denne).

— Ein artistomtale (egna for media/festivalar) på ca. 100 ord

Storsatsing på folkemusikk

— Rikskonsertane har sidan 90-talet satsa på lansering av dei mest framifrå artistane som er i startgropa til å byggje si eigen karriere. Erfaringane frå utøvarane innan klassisk musikk og jazz har vore svært gode, ikkje minst takka samarbeidet med eit 15-tals festivalar og organsisasjonar. No utvidast satsinga til å gjelde folkemusikk og samisk musikk, der samarbeid med folkemusikkorganisasjonar og festivalar er heilt sentralt. Vi har stor tru på at dette vert eit viktig tilskott til den positive utviklinga som skjer innan produksjon og formidling av folkemusikk for tida.

Helge Skansen, konsertsjef offentlege konsertar

Om INTRO-folk

Årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar «Årets unge folkemusikarar» i løpet av sommeren 2007.

INTRO-klassisk og Jazzintro er alt godt etablerte lanseringsprogram som har fått god omtale. Artistar som har vunne Jazzintro eller INTRO-klassisk har fått hjelp til å setje fart på karriera si i Noreg, og nokre har og vorte kjende i utlandet. No står folkemusikken for tur!

Årets unge folkemusikarar vil ein skape ein arena der utvalde unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får røynsle i formidling av folkemusikk på eit høgt nivå. Gjennom semifinalar, finale og lansering på førande festivalar kan eit breitt publikum verte betre kjende med dei som musikkutøvarar.

Presentasjon av alle deltakarane vil syne fram breidda og nivået på unge norske folkemusikarar og bidra til musikarane si vidare karrierebygging. «Årets unge folkemusikarar» vinn ei skreddarsydd lanseringspakke, sett saman av Rikskonsertane, Folkemusikkscena og Norsk folkemusikkformidling.

Vinnaren/ane vert lansert i 2007 og 2008 gjennom konsertar på INTRO-folk sine lanseringsfestivalar og turne i Noreg i regi av Rikskonsertene.

I tillegg kan ei rad andre verkemiddel tas i bruk, m.a.:

— Tilbod om å utvikle eit skolekonsertprogram i samarbeid med produsent, og å gjennomføre ein skolekonsertturné for Rikskonsertane.

— Moglegheit for tingingsverk.
— Tilbod om å nytte Rikskonsertanes digitale produksjons- og redigeringsstudio vederlagsfritt.
— Profileringstiltak, t.d. presentasjon på web.
— Hjelp til marknadsføringsmateriell som foto, plakatar og flyers.

— Promotering mot utlandet og/eller internasjonal lansering (i samarbeid med UD og MIC).

Semifinale-, finale- og lanseringskonsertar

Det vert i år 3 semifinalar med til saman 6 semifinalistar. Desse held stad på Folkemusikkveka på Ål, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Riddu Riddu, med 2 grupper/solistar på kvar stad. Semifinalane skal skje i form av ein konsert på 45 minutt pr. gruppe/solist.

Finalen finn stad under Telemarkfestivalen der tre grupper/solistar møtes. Finalespelet skal skje i form av ein konsert der kvar finalist spelar 45 min.

Konsertar på lanseringsfestivalane Jørn Hilme-Stemnet, Farsundfestivalen, Osafestivalen og Kalottspel vert gjennomført i 2007 eller 2008.

Søknadsfrist: 1.oktober 2006.

Søknad sendast til:

Rikskonsertane

Lise Lundh

Postboks 4261 Nydalen

0401 OSLO

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hardingfele stående

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. – Vi merker oss...

Thea Tunås Bratteng (Foto: Aal Kulturhus)

17-åring fra Ål vant pris for unge folkemusikkutøvere

Den nasjonale prisen for unge folkemusikkutøvere delt ut for femte gang under årets Telemarkfestival i Bø i sommer. Årets prisvinner...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

Norsk folkemusikkformidling minner om fristen for å melde seg på prøvespill til INTRO-folk, som er 7. januar 2005. Rikskonsertene presenterte...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

INTRO-folk er et helt nytt lanseringsprogram for unge lovende folkemusikere der det overordnede målet er å styrke norsk og samisk...

Gro Marie Svidal

Finalistene til INTRO-folk er plukket ut

Solistene Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Benedicte Maurseth og Gro Marie Svidal, samt gruppene Rysstad/Sporsheim Berg, Geitungen og Sver er plukket...

Hilde Bjørkum, Førde,

42 prosent tilreisande til Førdefestivalen

42 % av publikum på Førdefestivalen kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Dette viser tala frå ei publikumsundersøking firmaet «a2a –...

Flere saker

Brenn. i Kulturkirken Jakob, Bylarm 2019. Foto: Alier Ajak Wuoi

brenn., Bylarm: Norsk rocks nye flammer

Det er bare å tro på hypen: brenn. gjør det veldig tydelig hvorfor de er et av 2019s mest forhåndsomtalte.

Vanlig da – forbudt i år. Tons of Rock er blant arrangørene som har søkt om millionstøtte

Tons of Rock flytter til Oslo

Fredriksten festning i Halden ikke lenger stor nok for rockefestivalen.

Skjermbilde 2025 03 27 kl. 14.30.46

Ballade video: A poor man’s fight

Vi svinger ut på veien med brenn., Paul-Ronny Angel, Beranek & EL/NeUe, Ingvild Austgulen, Nordlys, Celiin, Brooke Sharkey og Afargang.