Hopp til innhald

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. – Vi merker oss også at Kulturrådet har gått bort frå tidlegare praksis om at festivalar må ha vore gjennomført i minst 3 år før dei kan få stønad.Dette gjev nye moglegheiter til små og kreative festivalarrangørar, som då får høve til å vise om dei har livets rett, skriver LfS’ Frode Rolandsgard i dette innlegget.

Av Frode Rolandsgard, prosjektleiar/ informasjonsmedarbeidar, Landslaget for spelemenn

Landslaget for spelemenn (LfS) er den største folkemusikk- og danseorganisasjonen i Noreg, og er aktivt med som medeigar i mange av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg. Landslaget for spelemenn ser det som positivt at mange av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg får auka stønad frå festivalstøtteordninga. Auken til folkemusikk/ verdsmusikk utgjer kr. 425 000,-

Folkemusikkfestivalane i Noreg er i dag særs viktige utviklarar og formidlarar av folkemusikktradisjonen, og auka tilskot til desse stør opp om denne viktige verksemda. LfS synest det er flott at kulturrådet stør oppunder dei festivalane som har vist seg levedyktige, slik at desse får utvikla kompetansen og fagmiljøa sine. Vi merker oss også at Kulturrådet har gått bort frå tidlegare praksis om at festivalar må ha vore gjennomført i minst 3 år før dei kan få stønad. Dette gjev nye moglegheiter til små og kreative festivalarrangørar, som då får høve til å vise om dei har livets rett. Dermed vil LfS også sjølv søkje festivalstøtteordninga til neste år til nysatsinga Folkelarm, som det første året fekk tilskott frå Norsk kulturfond.

LfS er direkte og indirekte medeigarar i Telemarkfestivalen (auke 100 000,-), Den norske Folkemusikkveka (auke 50 000), Jørn Hilme-stemnet (auke 50 000) og Osafestivalen (auke 25 000) og knutepunktinstitusjonen Førdefestivalen. LfS

tek mål av seg til å vera samarbeidspartnar og koordinator for alle folkemusikkfestivalane i Noreg, og er sjølv direkte eigar av dei største folkemusikkfestivalane, nemleg Landskappleiken (over 40 000 selde billettar) og Landsfestivalen i gammaldansmusikk (ca. 20 000 selde billettar).

Hausten 2005 starta LfS opp arrangementet Folkelarm, m.a.som eit servicetilbod til festivalane. På Folkelarm fekk festivalane møte kvarandre på eit sektorsamlande bransjetreff, og dei fekk sjanse til å sjå mange av dei beste artistane i Noreg på showcasescenene. Arrangementet var særs vellukka, og i framtida ønskjer LfS å bruke Folkelarm også til seminar og kompetansehevande tiltak for konsertarrangørar innanfor sjangeren.

Gjennom Samstemt-samarbeidet er LfS også med på å arbeide for betre økonomiske vilkår for musikkfestivalane.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kor 90 i Åmot Kirke, Modum

Nasjonal bevilgning fra Det Norske Komponistfond til Kor-90

Ikke før har musikkensemblet Kor-90 har fullført en vellykket jule- og adventsturné for 9. gang, så kommer nyheten om at...

Det Norske Solistkor

Sterk satsing på kor og større jazzensembler

Kulturrådet gir 17,7 millioner kroner fordelt på 94 musikkensembler for 2006. Tilskuddene til musikkensembler er økt med 4,5 millioner kroner...

St. Olavs orden

Øya og Norwegian Wood får null fra Kulturrådet

Både Øya-festivalen og Norwegian Wood er strøket fra kulturrådets festivalstøtte for 2006. Øya fikk i fjor 200 000, mens Norwegian...

Árinn 2005 logo

12 nye musikkfestivaler får tilskudd i 2006

I statsbudsjettet for 2006 er festivalstøtten økt med 3,5 millioner kroner. Dette har gitt Kulturrådet mulighet til å gi tilskudd...

Halvard Kaasa, NFD

Samstemt glede over statsbudsjettet

– Kulturpolitikerne på Stortinget har oppfordret musikkorganisasjonene til å komme med samlede krav. Det har vi gjort. Nå begynner pengene...

Annbjørg Lien, stort bilde

Folkelarm 2005 i Oslo denne helgen

Alle folkemusikkinteresserte i hovedstadsområdet bør nok kjenne sin besøkelsestid, når Norges største organisasjon for folkemusikk og folkedans, Landslaget for Spelemenn,...

Flere saker

Skjermbilde fra Edvard Grieg Kor Barn og unges hyllest til verdens helsearbeidere under koronakrisen

Rørende hyllest til verdens helsearbeidere fra ungt kor i Bergen

Edvard Grieg Kor Barn & Unge framfører «The Lord is my Shepherd» i musikkvideo til helsearbeidere i frontlinjen mot Covid-19.

Illustrasjonsfoto, Youtube Music

Youtubes strømmetjeneste til Norge

Youtube Music, med både en gratis annonseplattform og en premium versjon, åpnet for norske brukere tirsdag.

Christian Ihle Hadland

Som å få en bøtte is over hodet!

Pianist Christian Ihle Hadland fremfører Beethovens «Klaverkonsert nr. 3 i c-moll» med Det Norske Blåseensemblet, arrangert av Stian Aareskjold.