Hopp til innhald

Minnekonsert for Bjarne Herrefoss

I 2006 er der 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss kom til verda. Dette vil bli markert med ein storslagen minnekonsert til ære for honom i Gullbring Kulturanlegg i Bø, fredag 3. november.

Bjarne var ein av dei mest markante spelemennene på siste halvdel av 1900-talet, skriver arrangørene.

Få spelemenn kunne røre ved eit stort publikum på den måten han gjorde – det oppstod ein eigen aura rundt honom som aldri blir gløymt. Bjarnes veremåte og takande spel gjorde at han blei høgt verdsett og elska, både av eit stort publikum, men også av andre spelemenn og musikarar. Han skapa ein eigen stil som slo gjennom med kraft, og som framleis lever sterkt i veldig mange si toneverd.

Han var ein særs aktiv kappleiksdeltakar og deltok på desse i ein mannsalder. Slik hadde han mange vener iblant publikum og spelemenn, og han fekk heile tida nye oppigjennom åra. Dette vil syne seg på minnekonserten, der både aktørar frå hans eigen generasjon og yngre musikarar vil ære hans minne.

Frå familien vil me få gleda av å høyre sonesonen til Bjarne, Kristoffer Herrefoss, som er yngstemann både på konserten og på slektstreet. Og me får sjølvsagt også høyre sønene Magne og Roar Herrefoss. Desse tre Herrefossane er levande prov på Bjarnes musikalske arv.

Hauk Buen er av same generasjon og kaliber som Bjarne. Desse hadde mykje med einannan å gjera i kappleikssamanheng, særleg i unge år, og det er ein sjølvsagt ting at Hauk blir å høyre på konserten. Det vil også bøheringen Gunnar Innleggen, som i mange år var sambygding med Bjarne, og som også hadde eit godt venskap med honom.

Frå generasjonen like under desse to vil Knut Buen og Knut Hamre bli å høyre. Desse to Knutane var høgt verdsette hjå Bjarne, og dei hadde samarbeide med honom også utanom kappleikslivet. M.a. var det Knut Buen som gav ut kassetten «Draumespel” med Bjarne, og Knut Hamre fekk Spelemannspris for CDen ”Toneflaum” i lag med Bjarne og Hallvard T. Bjørgum.

To yngre spelemenn frå Bø, som vaks opp i Bjarnes inspirasjon, er Per Anders Buen Garnås og Torgeir Straand. Desse blir også å høyre på konserten, og Per Anders er også den som skal leie det heile.

Men det var ikkje berre hardingfelespel som var stort for Bjarne. Han var generelt musikkinteressert, og også særs glad i god kveding. Difor er det gledeleg at både Marit Vaagen Lilleland og Agnes Buen Garnås – to kvedarar Bjarne sette ekstra høgt – vil vera med å heidre Bjarne på denne minnekonserten.

I tillegg til alt dette får me eit lite comeback; Arne Pladsen og Marit Bergland – gode vener av Bjarne som dansa mykje etter honom i yngre år, skal danse springar i hop for fyrste gong på mange år, til ære for Bjarne Herrefoss.

Det er i det heile duka for ei svært innhaldsrik storhending i Bø fredag 3. november, slik minnet om Bjarne fortener, og me håpar på at så mange som rå møter opp for å heidre spelemannen me aldri vil gløyme.

Ledige stillinger

Arrangører er Spelemannslaget Bøheringen, Bø Dansarring, Bø Ungdomslag og Bø Juniorspelemannslag. Lørdag 4. november går som Bøkappleiken av stabelen på Sandvin i Bø. Les mer på Folkemusikk.no, som er nettstedet til Landslaget For Spelemenn.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bjarne Herrefoss

Bjarne Herrefoss: 1931 – 2002

Ein av våre fremste kunstnarar på hardingfele har no lagt bogen ned. Bjarne Herrefoss døde 15. mai, 71 år gamal.

Bjarne Herrefoss med fele

Minnekonsert og kappleik i Bø

– I 2006 er der 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss kom til verda. Dette vil bli markert med ein...

Rammeslag cover

Daniel Sandén-Warg: En reise fra Sverige til Setesdal

Historien om den unge svensken Daniel Sandén-Warg er en fortelling om dragning mot norsk folkemusikk, et unikt talent og sterk...

Gjermund Kolltveit

Hardtslående slåttesagn

«Skjoldmøyslaget» ble i fjor kåret til tidenes beste norske folkemusikkplate. Gjermund Kolltveit har skrevet bok om det sagnomsuste albumet.

Flere saker

Leif Ove Andsnes

Being Leif Ove Andsnes

Hvordan endrer musikk hjernen? Pianist Leif Ove Andsnes’ hjerne er skannet, og i samtale med hjerneforsker Stefan Kölsch får vi...

Dagfinn Koch

Tilsvar på Glenn Erik Hauglands udokumenterte beskyldning om at jeg sprer løgner

INNLEGG: Komponist Dagfinn Koch mener komponistkollega Glenn Erik Haugland kommer med en alvorlig, udokumentert beskyldning i sitt siste innlegg i...

Boyes Caféorkester

Ballade klassisk: Hør nordisk jul, musikalske latterkuler og Livs liv

Ola Nordals fremste tips for fridager i jula: Les om Liv Glaser. Og hør Liv Glaser. Her er både bok...