Hopp til innhald

Ny styreleiar i Borealis

Generalforsamlinga i Borealisfestivalen har vald Monica Salthella (37) som ny styreleiar. Salthella tek over styreleiarvervet etter Rune Gaustad som vart vald som styreleiar på det første ordinære rådsmøtet i Borealis desember 2004.

Den bergensbaserte finanskvinna er administrerande direktør i Formueforvaltning Vest AS (Borea-gruppen) – og har ei lang og innhaldsrik merittliste: Utdanna siviløkonom ved London School of Economics; tidlegare viseadm. direktør i Sparebanken Vest og adm. direktør i Skandia Fondsforvaltning. Ho har lang styreerfaring og har for tida styreverv m.a. i Eiendomsspar (Christian Ringnes), Eksportfinans, Jægergruppen, Universitetet i Bergen og Norsk Film Kommisjon.

— Me i Borealis trur at Salthella vil bety mykje for festivalorganisasjonen – med si lange erfaring både som leiar og gjennom sine styreverv. Hennar kunnskap om det private næringslivet i Bergen vil også vere særs verdifull for oss – ikkje minst i den vidare profileringa av festivalen i åra framover, seier festivalsjef Nicholas H. Møllerhaug i ein pressemelding.

Salthella tek over styreleiarvervet etter Rune Gaustad som vart vald som styreleiar på det første ordinære rådsmøtet i Borealis desember 2004. Gaustad valde å ikkje stille til attval – grunna flytting til Trondhjem og endra jobbsituasjon.

Dagens styre i Borealis ser slik ut:

* Styreleiar Monica Salthella
* Nestleiar Aashild Grana; dagleg leiar Kulturhuset USF

* Steinar Sekkingstad – kunsthistorikar; tilknytta Lydgalleriet og Bergen Kunsthall
* Grethe Melby – medievitar; skribent og kritikar; tilknytta ei rekke tidsskrift og aviser
* Hild Borchgrevink – musikkvitar – tilknytta Ultimafestivalen og Musikkinformasjonssenteret MIC

Varaer:

* Roar Sletteland – filosof – tidl. dagleg leiar ved Bergen Senter for Elektronisk Kunst
* Hans Knut Sveen – førsteamanuensis, Griegakademiet – cembalist i Bergen Barokk
* Susanne Christensen – skribent og kritikar – tilknytta forlaget Gasspedal

Dette i følge en pressemelding

Ledige stillinger

Relaterte saker

Borealis2007 logo

Strålande resultat for årets Borealis

Borealis vart i år arrangert for fjerde gong. Kunstnarisk nivå, publikumstal, billett-inntektar og ikkje minst ei rekke strålande internasjonale kritikkar...

Avgarde 04,

Ungt på AVGARDE

Lørdagens konsert har et ungt, friskt preg og byr blant annet på flere urfremføringer, unge fiolinister fra Nordnes Strykergruppe og...

Avgarde (plakat, 2007)

Uortodokst og variert på Verftet

Lørdag 14.april kl. 19.00 er det klart for ny AVGARDE-konsert på USF Verftet i Bergen. Denne konserten byr blant annet...

Borealis2007 logo

Kammerkonsertar med Garth Knox og Plus Minus

«Som dere alle observerer har dette stykket nå nådd et punkt hvor følelsene så og si er sluppet helt fri....

Bergen Filharmoniske Orkester – fioliner (foto: Eirik Reitan)

Frå det vesle til det store

Bergen Filharmoniske Orkester sitt bidrag til Borealis i år var ein konsert med verk av dei tre festivalkomponistane Luigi Nono,...

Bratsj (ill.)

Hvoslefs bratsjkonsert

Bergen Filharmoniske Orkester gir denne uken et allsidig bidrag til samtidsmusikkfestivalen Borealis: Fire verk, hvorav ett er en urframførelse. Det...

Flere saker

Pesta i låten Reborn av Cadaver

Ballade LXXI: Pesta, pilgrimer og Søndre

… eller Jenta med månen i munnen. Tre premierer, åtte videoer. Med Odin Staveland, Rebekka Garden, Stein And The Fury,...

Senternmh

Fem nye år for Senter for fremragende utdanning på Musikkhøgskolen

Beslutningen er tatt av Nokut etter evaluering.

Radio

Kulturministeren må svare om P1s lokalmusikkutt

Hege H. Liadal (AP) hevder at NRK har glemt sin regionale rolle og ber Helleland gripe inn. – Dette hverken...