– Eg likar ikkje å polarisere musikkfaget i seg sjølv og utover seg sjølv. Vi i fagmiljøa må tenkje begge delar; vi må argumentere for at faget har ein plass i skulen, men samtidig jobbe for at det skal bli så godt som mogeleg, seier Jon Helge Sætre.

Foto: Kunnskapsdepartementet.

Sætre er førsteamanuensis ved fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har musikkundervisning i grunnskulen og lærarutdanninga som spesialfelt. I tillegg er han leiar i Nasjonalt fagråd for musikk, ein posisjon han har hatt sidan januar i år. Med dette sat han i førarsetet då fagrådet utarbeidde det tekstinnspelet som er utgangspunkt for avsnittet om musikkfaget i utgreiinga ”Fremtidens skole – fornyelse av fag og kompetanser”. 

Bestillingsverk frå Ludvigsen
I rapporten vart fokuset retta mot kva musikkfaget kan bidra med innafor sosial og emosjonell læring. Og sjølv om tekstinnspelet dei sende inn inneheldt mykje meir stoff, meiner Sætre det er greitt at det vart slik. Innspelet er eit bestillingsverk, og han er nøgd med at Nasjonalt fagråd for musikk tok utfordringa og gjekk skikkeleg inn i problemstillingane rundt nettopp den sosiale og emosjonelle læringa.

– Vi leverte eit svar på ei bestilling som besto av nokre få punkt me fekk frå Ludvigsen-utvalet etter eit møte vi hadde med dei. I staden for å velja kampstrategien tenkte vi: Kva skjer om vi går inn og tenkjer dette på nytt, fortel Sætre.

Musikkfaget viser fornying
Ludvigsen-utvalet ba fagrådet om å grunngje musikkfaget som skulefag, kome med framlegg til korleis ein kan få djupne og progresjon i læreplanen og setje opp mål for elevane si sosiale og emosjonelle læring. For å hente inn meiningar frå heile fagfeltet ba rådet om innspel frå medlemane sine, det vil seie alle høgare utdanningsinstitusjonar med over 60 studiepoeng i musikk. Sjølv om svarfristen var kort fekk dei mykje respons, og dei skriftlege svara danna utgangspunktet for det endelege tekstinnspelet.

Og Ludvigsen-utvalet må ha vore begeistra for det som vart levert. Sætre er i alle fall svært nøgd med at musikk, i tillegg til matematikk, er det faget som eksemplifiserer fornying av fag i Ludvigsen-rapporten.

– I nest siste utkast av utgreiinga var alle faga representerte med eksempel på fornying. Men i den endelege versjonen var det berre to. Eg oppfattar at dei valde musikkfaget fordi det gav eksempel på korleis ein kan tenkje det emosjonelle som ein del av den faglege heilskapen. Sannsynlegvis fekk dei ikkje så mange eksempel på det, trur Sætre.

Eit sterkt fag tenkjer nytt
Sætre trur at mange musikkfolk har vore for opptekne av å kjempe for at musikkfaget skal ha ein plass i skulen, og dermed ikkje har våga å vise at ein ikkje er nøgd med alt det inneheld i dag. Det er på høg tid med fornying.

– Vi må vera så sjølvsikre at vi tør å arbeide parallelt på begge områda utan å vera for redde for at faget skal bli radert bort. Eit sterkt fag tør å tenkje nytt. Eit svakt fag kjempar for sin eksistens, konkluderer han.

Sætre meiner at Ludvigsen-utvalet langt på veg ynskjer å ta inn att noko av det musikkfaget har mangla ei stund.

– Mange musikklærarar har vridd seg fordi dei ikkje har kunna leggje vekt på sosiale prosessar og emosjonar, men vore nøydde til å halde på eit snevert kunnskapssyn der alt kan målast og testast. No kan det bli mogeleg å skape eit fag som vi kjenner att som musikk. Det handlar om musikkfaget i seg sjølv, men då eit musikkfag der ein legg vekt på sosiale og emosjonelle sider som ein integrert og viktig del av faget, seier han.

– Mange musikklærarar har vridd seg fordi dei ikkje har kunna leggje vekt på sosiale prosessar og emosjonar, men vore nøydde til å halde på eit snevert kunnskapssyn der alt kan målast og testast.

Som eksempel trekk han fram at det sosiale kan handle om å øve og framføre noko saman, og at det er mange ting som må klaffe for at det skal bli bra.

– Det kan handle om at ein lyttar til innspel og set pris på andre sine framlegg. At ein er i stand til å følgje instruksjonar. Dette er både ein sosial og fagleg del av musikkfaget. Det same kan seiast om det emosjonelle: Det kan handle om faglege aspekt ved å skape, utøve og forstå musikk.

Vurdering blir ei utfordring
Å vurdere desse sidene av faget er likevel ei spesielt stor utfordring, trur Sætre.

– Ludvigsen-utvalet legg opp til å definere kompetansar og vurdere om ein har nådd måla, og dermed må ein også vurdere om kompetansemål er nådde i sosiale og emosjonelle sider ved faget. Dette vil nok møte motstand, mellom anna fordi det er motstand mot å røre den emosjonelle sida ved musikkfaget. Og det er stor fare for at ein vil snakke forbi kvarandre. Ein kan fort tru at ein snakkar om det same når ein snakkar om det emosjonelle, men det kan vera ganske ulike ting. Det er jo ikkje musikkopplevinga ein skal setje karakter på. Det blir heller korleis ein tek stilling til kjenslemessige komponentar og korleis en tek del i sosiale prosessar når ein utøver og skaper musikk, til dømes, seier han.

Han vedgår at heller ikkje han ynskjer at den personlige musikkopplevinga skal vurderast.

Jon H. Sætre. Foto: NMH.

– Musikk handlar om kjensler og identitet, flyt, groove, å bli rykka ut av kvardagen og ha kjensla av å vera med på noko viktig. Ei enkel form for vurdering av slike ting er heilt urimeleg. Men det sosiale og emosjonelle er også til stades i musikk på ein fagleg måte, for eksempel gjennom at ein øver saman og er nøydde til å lytte til kvarandre. Det er nok på grunn av dette at utvalet har valt musikk som eksempel.

Langvarig prosess
No er utgreiinga ”Fremtidens skole” ute på høyring . Når dei ulike høyringsinstansane har uttala seg skal det etter planen kome ei stortingsmelding. Og etter det kan ein utforme nye læreplanar, så sant regjeringa vil ta arbeidet heilt til mål. Uansett vil prosessen ta lang tid.

– Ein skal leggje merke til at Ludvigsen-innstillinga konsentrerer seg om prinsipp. Den overlet til ettertida å konkretisere kva som skal skje. Den legg opp til eit storstilt utviklingsarbeid når ein skal utvikle læreplanverket. Kva er nytenkinga i alle fag? Korleis skal samspelet mellom faggrupper foregå?

Sætre meiner at denne prosessen gjer det enno meir usikkert kva som skal skje.

– Derfor blir den politiske behandlinga spesielt viktig, og det blir spanande å sjå om regjeringa vil setje i gang det arbeidet som trengst, seier Sætre.

– Musikk handlar om kjensler og identitet, flyt, groove, å bli rykka ut av kvardagen og ha kjensla av å vera med på noko viktig.

Ludvigsen-utvalet var oppnemnd av den raud-grøne regjeringa, men vart ført vidare av den blå.

– Den nye regjeringa avslutta ein del prosessar som var i gang, så at dei let Ludvigsen-utvalet fullføra arbeidet sitt er kanskje eit teikn på at dei vil at prosessen skal halde fram. Det vart òg understreka av kunnskapsminister Røe Isaksen på pressekonferansen i juni, fortel Sætre.

Kompetanseorientert læreplan
Sætre meiner at det vil bli ei stor utfordring å utvikle ein ny, kompetanseorientert læreplan.

– Kunnskapsløftet, eller LK06, er på mange måtar ein god plan, men den slit med forma. Vi har mange små kompetansemål som er grupperte i noko som tolkast som innhaldsområde. Kunnskap og ferdigheiter står soleklårt i fokus. I praksis ser vi at lærarar snakkar om å ”dekkje” kompetansemål: ”No har vi vore innom den aktiviteten, og då har vi dekt kompetansemålet. ”Og det å vera så vidt innom er ofte det einaste ein rekk, men ideen med ein kompetanselæreplan er jo å jobbe langsiktig. Då held det ikkje å krysse av, seier han.

Med nye læreplanar vil ein måtte definere nokre få kompetansar. Og kompetansar inneheld både kunnskap, ferdigheiter, haldningar , motivasjon og emosjon. Det er ein annan måte å tenkje på.

Kunnskapsløftet har hatt for mykje fokus på kompetansemål, og for lite på det langsiktige løpet, meiner Sætre. Foto: Eldrid Oftestad.

Musikkfaget hjelper skulen til å nå måla
Sætre trur at mange musikkfolk vil like rapporten, men samstundes vil det kome reaksjonar. Sjølv set han pris på at innstillinga spelar på lag med dei praktiske og estetiske faga.

– Noko av det beste er at den viser korleis musikkfaget i seg sjølv, om ein er nøydd til å seie det slik, kan bidra til å nå skulen sine felles mål. Det blir heilt tydeleg at musikken har store fortrinn når det gjeld identitet, sosialt samspel og emosjonelle sider ved læring. Vi må stå saman og finne ut kva som skapar progresjon og gjev eit innhald som står i stil med skulen sitt heilskaplege danings- og yrkesførebuande oppdrag. Musikkfaget kan hjelpe skulen til å nå måla sine. Eg er sikker på at det går an å få til eit godt fag som går i den retninga, og er enno meir sikker på at det er behov for fornying, eller kanskje snarare ei forenkling, seier Sætre.

– Vi må stå saman og finne ut kva som skapar progresjon og gjev eit innhald som står i stil med skulen sitt heilskaplege danings- og yrkesførebuande oppdrag.

Han meiner musikkfolk i samla flokk må diskutere kva musikkfaget skal vera i framtida.

– Kva er dei sentrale byggjesteinane som byggjer kompetansane? Den delen er kanskje spesielt viktig for musikkfaget der ein har hatt ein legitimeringsstrategi framfor å gjera sitt ytste for at det skal bli eit godt fag .

Sætre sjølv er ganske nøgd med inndelinga i dei fire kompetansane i musikkfaget Nasjonalt råd for musikk spela inn til Ludvigsen-rapporten. Dei fire er å utøve musikk, å skapa musikk, å oppleva musikk og å analysere og kontekstualisere musikk.

– Det er ei omskriving. Å dele lytteopplevinga inn i ”oppleve” og ”analysere og kontekstualisere” gjer det doble perspektivet i lytteområdet tydelegare. Det er i seg sjølv er ei lita fornying, meiner han.

Publisert:

Del: