Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TV-team og fotografar på ein samtidsmusikkonsert nokonsinne – korkje i Noreg eller andre stadar. For glossy vekebladsfotografar og -journalistar var dette kanskje ei samtidsmusikalsk jomfrutur. Dei var kanskje utkommandert av kongestoffkåte redaktørar. Det er ein del av essensen i rapport nummer ein frå Nicholas Møllerhaug. Han kommenterer Magmafestivalen i Berlin for Ballade.

Konserthuset i Berlin

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Magmafestivalen vart laurdag opna i den gullglitrande Berlinerfilharmonien. For anledningen var hallen bada i tåke. Eit årvåkent dansk nasjonalorkester og dirigent Dausgaard slo an den royale opningstonen. Salen i seg sjølv går det myter om – storsalen i europeisk musikkliv. Det var altså ikkje fordi kronprinsen haldt ei velformulert tospråkleg (tysk-engelsk) opningstale (sorry, Kronprins!). Ein kunne tydeleg merke at berlinarane gledde seg over det dei høyrde og vil høyre i denne festivalveka.

Trass dette: for mange var det særeigent å sjå ein kongeleg som tok del i ein slik del av folket. Ein italiensk journalist frå Sardegna meinte dette var sjeldan. Ein Berlusconi ville aldri ha gjort noko sånt. The musical fringe innsåg kanskje at me nordmenn har ein nesten-konge med ein del kunstnarisk raffinement. Langt meir enn at han har ei mor som er portrettert av både Warhol og Gullvåg. Kronprinsen kom nemleg ikkje berre på førstedelen av opningskonserten for deretter å fly heim til kongeriket. Nei, anten har komponistforeningen sjarmert HKH Haakon M i senk – eller så gleda han seg veldig over ei slik invitasjon. Det såg ut som om det sistnemnde var tilfelle. Det gjaldt også oss mindre royale som sat i Kronprinsnærværet – me gløymde at han sat der tilslutt. Det musikalske foredraget var nemleg strålande.

Dette glitrande danske orkesteret spelte eit heildansk opningsprogram med stor innleving og patos. Instrumentelt viste dei eit same toppnivå som orkesteret som vanlegvis spelar i denne hallen. Særleg fekk dei vist det med den monumentale sjettesymfonien til Per Nørgård. Denne hugsar kanskje nokre frå den gong den blei spelt av Oslofilharmonien som ein del milleniumsfeiringa. Verket lev sterkt vidare etter tusenårsskiftet – men, det gjer ikkje minst avslutningsverket under konserten: symfoni nr 5 av Carl Nielsen – som verker som ein avansert versjon av Ravel sin Bolero. Blåsarane og slagverkgruppa viste eit solid handverk i båe av desse verka.

Opningskonserten i Scharoun sitt praktbygg var ikkje berre ei stor tonal (og rojal) oppleving. Me tilreisande fekk for første gong oppleve dette unike arkitektoniske verket innvendig. Dette huset er nesten ein tilstand – viss ein får roen i rommet. Då mørket senka seg over oss me nett denne roa. Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TVteam og fotografar på ein samtidsmusikkonsert nokonsinne – korkje i Noreg eller andre stadar. For glossy vekebladsfotografar og -journalistar var dette kanskje ei samtidsmusikalsk jomfrutur. Dei var kanskje utkommandert av kongestoffkåte redaktørar. Dette må ha vore morosamt også for Kronprins Haakon M. å ha i bakhovudet. Då er det iallfall ikkje så stor tvil om at kongehuset kan ha ein funksjon. Meiner eg.

Publisert:

Del: