Mange barn og unge fortel at ”musikk betyr alt”. Det skal vi ikkje kimse av. Boka I transitt – fortel om musikk som reiskap for positiv og håpefull utvikling for barn og unge i barnevernet, skriv redaktør av boka, Karette Stensæth.

Fra forsida på boka I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern, © Annette Øvrelid

Boka I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern spør: Kan musikk vere ein ressurs for barn og unge i barnevernet?

Underteikna er saman med Viggo Krüger og Svein Fuglestad stolt av å kunne presentere ei unik samling av tekstar om verdifulle musikkarbeid i barnevernsfeltet. Med over 20 års erfaring som musikkterapeut med barn og unge med ulike og samansette utfordringar vil eg hevde det er på tide med ein publikasjon med brei vinkling på tema.

Boka beskriv musikkarbeid som skaper inkludering og gir opplevingar av suksess, glede, håp og anerkjenning – og distraksjon frå traume. Verdien av musikkdeltaking i grupper står sentralt. Her blir musikkaktiviteten ein meistringsarena som inviterer til deltaking og skaper konstruktive sosiale relasjonar.

Typisk for denne bokas tekstar er at musikkarbeidet blir tilpassa kontekst og den enkeltes behov og interesse. Forfattarane beskriv korleis musikkarbeidet sensitivt blir tilrettelagt barn med fosterforeldre i barnehagar, ungdomar som slit med vanskeleg åtferd og avhengighet og utfordringar knytt til rus og psykisk helse, unge flyktningar med traume som bur på anstaltar, eller unge vaksne i fengsel eller i ettervern.

Foto: Norges musikkhøgskole / Kimm Saatvedt
Foto: Norges musikkhøgskole / Kimm Saatvedt

Kom nærmare!
Bokas tittel stammar frå songen Transitt, som er skrive av Morten Lorentzen og Viggo Krüger saman med ungdomar som deltok i musikkteaterprosjektet Kom nærmere i Bergen. Denne songen blir framført av ei som vi kan kalle for Ida. Det å vere i transitt, midt i mellom, i overgangane, mellom til og frå, er ein dekkande metafor for det Ida og mange barn og unge i barnevernet opplever. Ida syng om følelsen av å leve sitt liv i transitt, på vent og på veg ein annan stad. Vi kan alle forstå at det å ikkje høyre til nokon stad, anten det er i geografisk eller psykologisk forstand, er vanskeleg. Det å ikkje vite kva morgondagen bringer, eller kven ein kan forholde seg til, gjer det vanskeleg å slå rot. Eller som Ida, syng i songen: ”Derfor beholder jeg alltid jakka på.”

Draumen for Ida er å leve eit sokalla normalt liv: Å vakne kvar morgon, heime, med sin eigen familie, spise frukost, gå på skolen, vere med vener, delta på fritidsaktivitetar, osv. Dette enkle, som er så sjølvsagt for mange av oss, er Idas høgaste ønskje. Men den konstante transitt-følelsen uroar henne. Den hindrar henne i å knyte seg til (nye) menneske og stader. I verste fall fører den til ei eksistensiell krise for henne, som igjen kan gi utviklingstraume, som er typisk for mange barn og unge innanfor barnevernsomsorga. Ei utviklingstraume kjenneteiknast som alvorleg traumatisering forårsaka av vedvarande krenkingar i tidlig barndom. Ofte er slike krenkingar påført av nokon som er nær i familie og omgangskrets.

For unge menneske som opplever krenkingar og traume kan ein konsekvens bli at dei sluttar på skolen, står utan jobb og får problem med rus og avhengighet. Å reparere smerta deira har vist seg å vere svært vanskelig. Mange, både profesjonelle og frivillige, gjer sitt beste for å hjelpe utan å bli nemneverdig anerkjent for innsatsen sin. Barnevernet i Norge blir ofte omtalt med negative termar. Vi treng ikkje leite lenge i media for å finne historier prega av problema, angst og maktesløyse.

På-kobling og deltaking
Vi som er forfattarar i denne boka utfordrar eit problemorientert fokus der ein skal reparere skader eller behandle diagnosar. Vi tar for oss eit meir ressursorientert fokus. Det samsvarar med perspektiv som er karakteristisk for norsk musikkterapi og inneber å utgangpunkt i det dei unge meistrer og har positive assosiasjonar til. Det kan for eksempel vere å spele bassgitar, skrive songtekstar eller få ansvar for lyd og opptak av låtar. Ved å bygge vidare på dei positive erfaringane dei får styrkast den unges opplevingar av meistring, sjølvtillit og identitet. Slik blir musikken og fellesskapet rundt ein reiskap for dei unges ”på-kopling” (og ikkje berre avkopling). I det lange løp kan dette vere med på å bygge sunne samfunn.

Å sikre på-kopling hos utsette barn og unge er sentralt. Det motsette, og spesielt det ekstremt motsette, er både farlig og skummelt. Deeyah Khan, den prisløna britiske reporteren, seier i sin dokumentarfilm om unge jihad-krigerar at deira radikalisering først og fremst kan forklarast med smerta dei føler ved å møte rasisme, utstøyting, marginalisering og isolasjon. På-kopling og inkludering, og enda betre: deltaking, blir heilt avgjerande.

Deltaking er i dag ikkje bare ein rett barnet har; det er også viktig for utdanning i demokrati og medborgarskap. Men det er også noko dei unge treng trening i. Kunnskapsbasert viten og systematisk arbeid med musikkgrupper kan gi slik trening, men da i ein form som skaper tillit og respekt og som skjer i beskyttande forhold med betydingsfulle andre. Dialog framhevast i denne boka som eit heilt sentralt element i musikkdeltakinga, dialog som startar med ein ansikt-til-ansikt-posisjon og med ei grunnleggande erkjenning av Den andre. Dialog er utganspunktet for å skape gode og tillitsfulle relasjonar, som er utgangspunkt for positiv og trygg utvikling og modning.

Barn og musikk – eit viktig forskningsområde
”Barn” er diverre eit undervurdert og underprioritert tema, både når det gjeld forskingsinteresse og pengar. Barnevernet, som byggjer på systematisk og kunnskapsbasert forsking, etterlyser større fokus på positive og kreative initiativ, ikkje berre diagnosar og forklaringsmodellar. Nyare forsking på musikkterapi og tilstøytande felt har tilbydd nokre verdifulle bidrag i så måte. Men vi treng fleire bidrag, mange fleire. Denne antologien beskriv nokre historier – som Idas historie -, som viser at å delta gjennom musikken gir en eksistensiell verdi med eit stort sosialt potensial for enkeltpersonar som får blomstre gjennom musikalsk uttrykk.

Musikkfilosofen Susanne Langer sa at ”Music’s role is not to stimulate feeling, but to express it”. Å uttrykke seg gjennom musikk er for mange barn og unge menneske naturleg og noko dei opplever som motiverande. For dei er musikk ”livsviktig”, det betyr ”alt”, som dei sjølv seier. Og kanskje opplevast musikken nettopp så viktig fordi den uttrykker (sterke) følelsar som er vanskeleg å uttrykke på andre måtar. Forsking på barn har gått frå å vere forsking om barn til å være forsking med barn. Barnet blir ikkje lenger sett på som et objekt for kunnskap men eit fungerande og levende menneske som har si eiga stemme. Dermed har Ida faktisk ein rett til å snakke og uttrykke seg. Vi er forplikta til å lytte til henne før vi tar beslutningar om hennar liv. Musikken – og for Ida, songen – tilbyr ei form som er nærliggande for henne å uttrykke seg gjennom.

Barnets stemme…
Vi som arbeider med unge menneske som Ida, ser at musikken gir henne ei sterk og tydeleg stemme. Ved å delta i skrivinga av songen Transitt, og deretter ved å framføre denne frå scena med eit publikum som ”vitne” til hennar song, framstår Ida med ein tydeleg personleg autoritet, som ein person som der og då kan ta hand om sitt eige liv. Vi som er vitner til dette empatiserer med henne. Mens Ida syng om at ho beheld jakka på, kjenner vi kanskje ei forplikting til å kaste jakka?

Transitt
(tekst: Morten Lorentzen, henta fra side 247 i boka)

Hvor skal jeg hen?
Hvor kom jeg fra?
Hvor lenge kan jeg bli?
Når må jeg dra?
Jeg blir en stund
Så må jeg gå
Det er derfor jeg alltid
beholder jakka på

Jeg er i transitt
Mellom til og fra
Jeg er i transitt
Alltid klar til å dra
Å begynne på
veien hjem
Når jeg finner den

Knytter ikke vennskap
Setter ikke rot
Det har livet lært meg
Fra alt som jeg forlot
Binder meg aldri
For tett eller for nært
Best for alle parter
At ikke alt blir for kjært

Jeg er i transitt
Mellom til og fra
Jeg er i transitt
Alltid klar til å dra
Å begynne på
veien hjem
Når jeg finner den
Bare på besøk
Bare på besøk
En gjest som kom og ble helt
til tilliten røk
Bare på besøk
Bare på besøk
Alle er vel egentlig bare på
besøk!

Karette Stensæth er førsteamanuensis ved Fagseksjon for musikkpedagogikk og musikkterapi på Norges Musikkhøgskole, og redaktør for boka.

Publisert:

Del: