Hopp til innhald
Trina Coleman

Trina Colemans masterkonsert er kalt "Weary Blues: Poetic Texts of the Harlem Renaissance". (Foto: Bjørn Tore Paulen)

Masterportrett: Hamskiftaren

Musikkhøgskolen har laget en serie portretter av sine masterstudenter. Ballade viderebringer et utvalg av portrettene, og først ut er Trina Coleman, som reiser til Harlem på masterkonserten sin.

Artikkelen er produsert av og først publisert på Norges musikkhøgskoles (NMH) hjemmesider, og Ballade republiserer med tillatelse. 

Tekst: Karina Ayguavives Krokaa
Foto: Karstein Grønnesby, Bjørn Tore Paulen
Video: Trina Coleman

Renessansen, men ikkje den du trur. Ho har studert på eit koruniversitet, er songlærar på Universitetet i Innlandet, og har frilansa i mange år. Men no er tida inne for amerikanske Trina Coleman å gå sin eigen veg.

Mange lag
Trina blei introdusert for Harlem-renessansen av ein lærar på vidaregåande. Omgrepet refererer til oppblomstringa av afrikansk-amerikanarar sitt kulturelle og intellektuelle liv i USA mellom 1920 og 1940.

– Han viste meg korleis desse musikarane fekk lov å spele på scena, men ikkje sitje blant publikum, fortel ho.

– Og at det var fødestaden til jazzen slik vi kjenner han. Det er min historiske favorittperiode, utan tvil!

Trina Coleman. (Foto: Karstein Grønnesby)

For Trina har interessa for perioden fleire lag, fordi ho sjølv også har både afrikansk-amerikansk og europeisk bakgrunn. Det har dei to andre songarane ho jobbar med òg.

– Det er ei djuptgåande oppleving, fordi vi prosesserer ei felles erfaring frå ulike synsvinklar. Eg håpar den sårbarheita kan høyrast i musikken.

Trina fortel at Harlem-renessansen var svært viktig for afrikansk-amerikansk identitet, da han også var fødestaden til den filosofiske bakgrunnen for borgarrettsrørsla.

Masterprosjektet hennar handlar om det å vere frå ulike stadar.

Ledige stillinger

– Det har gjort meg til ein slags hamskiftar. No prøver eg å nøste opp i alle påverknadane og samle dei saman igjen på ein meir bevisst måte.

Ho beskriv det som å ha vore i eit nett.

– Eg løyser det opp og flettar det til eit tau som eg kan bruke på mitt eige vis.

Ut av komfortsona
Konserten til Trina har fått namnet «Weary Blues: Poetic Texts from the Harlem Renaissance».

Å formidle denne kunsten og kunnskapen til publikum er også ei viktig oppgåve for ho.

– Det er så avgjerande for å elske og forstå den tradisjonelle jazzen.

Ho har merka seg at studentane, akkurat som skribenten, ikkje veit så mykje om Harlem-renessansen som ein skulle tru på ein musikkhøgskole. Ho brukar ei standardlåt frå jazzen som eksempel:

– At «Take the «A»-train» er basert på å komme seg til Harlem for få tak i alkohol under forbodstida.

Langston Hughes, portrett fra 1936. (Foto: Carl Van Vechten / Library of Congress Prints & Photographs)

På konserten skal musikarane framføre Trina sine eigne låter, med tekst av Harlem-renessanse-poet Langston Hughes. Medmusikar Siv Misund er operasongar, mens Camilla Tømta har rolla som blues-alibi. Trina står for sjølv for jazzsongen, og seier ho elskar korleis dei syng saman og slik vev i hop ulike påverknadar.

– Dei er så fantastiske utøvarar at det kjem til å bli ein fest, seier ho fornøgd.

– Det er ikkje så ofte ein høyrer klassiske musikarar og blues-musikarar spele saman?

– Det einaste som skiljar oss er eigentleg frykt. Mens eg er litt besett av å halde meg i midten.

På masterkonserten «Weary Blues: Poetic Texts from the Harlem Renaissance» søndag 27. oktober har Trina Coleman med seg operasongar Siv Misund (øvst til venstre) og bluessongar Camilla Tømta (nede til venstre). Coleman nede til høgre, Langston Hughes øvst til høgre. (Foto: Kollasj, NMH)

Trina leiar to kor – det eine meir klassisk og det andre mest rytmisk. Ein del av masterprosjektet hennar er også å få dei to kora til å fungere i ei felles framføring.

– Eg vil at dei skal halde på sine tradisjonar og styrkar, og komponere for dei slik. Men når vi øver vil eg pushe grensene deira litt, så dei tar risikoar og får oppleve løna.

Eit vindauge inn
Ho kallar Hughes sin poesi ein refleksjon av musikken frå perioden.

– Noko av ideen bak Harlem-renessansen var at så mange ulike ting kom saman og blei til noko anna.

Ifølge Trina finst det djup refleksjon i tekstane – og tankar om identitet som alle kan kjenne seg igjen i, uansett kva for bakgrunn ein har.

– Vi er alle meir enn vi ser ut som. På den måten har vi alle eit slags vindauge inn i dette temaet.


OBS! Konserten er utsatt på ubestemt tid.
Trina Coleman holder sin masterkonsert
i Levinsalen på NMH søndag 27. oktober kl. 18.00. Konserten heter «Weary Blues: Poetic Texts of the Harlem Renaissance», og har fri adgang. Les mer her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

David Engmo NMH 3 053a33b754

Håkon Høgemo: – Kvifor lete det slik det gjere?

Kvar einaste slått er ei verd. Korleis den blir akkurat no, veit du ikkje før etterpå. I den lille verda...

Esther viola band – Serendip

«Oslos hippeste festival» blir ny hvert år

Serendipfestivalen arrangeres hvert år for og av studentene ved Norges musikkhøgskole. I år fikk vi innblikk i den yngre og...

Arne Toivo Fjose

Nattjazz 2022: Kropp, Puls, Pust. Griegakademiets eksamenskonserter var en herlig demonstrasjon av bassens mange uttrykk.

Den kanskje mest spennende opplevelsen en kan ha på festival er oppdagelsen av det/de ukjente, og en av de gode...

Gunn Hilde Erstad Haugen spiller bass i bandet Rendezvous Point. Her spiller bandet på Folken i Stavanger

– Må bevise at vi er gode nok

Institutt for rytmisk musikk ved UiA har utdannet noen av de fremste musikerne i landet, men blant de uteksaminerte studentene...

Flere saker

Mats Eilertsen, med kontrabass, i snø.

Koronakrønikene: Mats Eilertsen

Koronakrønikene er en slags dagbok fra pandemien. De starter med bassist og komponist Mats Eilertsen, som har skrevet om livet...

Fra den spontane paraden som viste fellesskap og motstand mot volden ved Herr Nilsen og London Pub.

En by i sorg – en musikkscene i solidaritet

TERROREN I OSLO: Musikkjournalist, DJ og skeiv aktivist Reidar Deadswans velger musikk til kamp og trøst. Som Intetskjønn, som i...

Illustrasjonsbilde

Global strømming går ned i koronatid

Mens musikkstrømminga går ned, øker andel folkemusikk, klassisk og barnemusikk i perioden med koronoa-lockdowns.