
ØVER UNDER BUE I BUA: Frå salen som sju kulturforeninger i Ringsaker gikk saman om. Ringsaker Kulturråd arbeidde lenge med å få til eit eigna øvingslokale for kor og korps i søndre Ringsaker, ifølgje Kulturrom.(Foto: Kulturbua)
Regjeringa startar arbeid med kulturarenastrategi.
Regjeringa setter i gang arbeid med ein nasjonal strategi for kulturarenaer. Målet er fleire opne, tilgjengelege og inkluderande kulturarenaer i heile landet, og dermed meir deltaking, fellesskap og sterke lokale kulturliv, skriv Kultur- og likestillingsdepartementet i ei pressemelding.
– Enten du spelar trompet eller syng i kor: lokala du øver og framfører i burde vere godt tilpassa. Diverre er det mange kulturarenaer som ikkje er det. Det vil vi gjere noko med. For kulturarenaer er viktige for fellesskap, tryggleik og tilhøyrsle. Difor skal vi no lage ein strategi som vi tek sikte på å lansere i 2027, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Kulturminister Lubna Jaffery. (Foto: Stortinget)
Kulturarenastrategien skal ta utgangspunkt i utfordringane med dårleg tilpassa lokale og sjå på korleis eksisterande bygg og lokale i større grad kan takast i bruk til kulturføremål. Strategien skal òg vurdere korleis regelverk og statlege verkemiddel kan innrettast slik at dei i større grad støttar utvikling og bruk av kulturarenaer lokalt og regionalt.
– Vi veit at mange kulturmiljø må klare seg med lokale som eigentleg ikkje er eigna. Gjennom dette arbeidet ønskjer vi å gi kommunar og fylkeskommunar betre verktøy til å utvikle og ta i bruk kulturarenaer, og samtidig bidra til meir effektiv bruk av ressursane som allereie finst, seier kultur- og likestillingsministeren i pressemeldinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Arbeidet vil sjå både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet under eitt, med utgangspunkt i at dei i stor grad deler arenaer og infrastruktur lokalt.








