Hopp til innhald

Organisk heilskap

KONSERTMELDING: I Gjertsens univers av lyd finst stillfarne gnikk, klagande glissandi, pust og slag. Hjå Matre finst lekkert fraserte oppbygningar, der triller og kast skapar pulserande liv. Ballade har fått med seg kammermusikkfestivalens urframføringar, og meiner dei to komponistane har lukkast i å kopla kompleksitet med formidlande aspekt.

Av Ida Habbestad

At Oslo Kammermusikk Festival ikkje berre samlar all ny musikk under eitt, men sprer enkeltverk ut gjennom festivalen er ein positiv tendens. Når dei nye komposisjonane dessutan held høgt nivå, er det grunn til å sjå optimisk på stoda for samtidsmusikken.

Dei jamngamle komponistane Ruben Sverre Giertsen og Ørjan Matre er begge representantar for denne unge, lovande generasjonen som kammermusikkfestivalen trekk fram. Begge fortener plassen – og slik eg ser det, handlar det om deira lyttande haldning til musikken.

For i tillegg til praktiske eigenskapar, som at begge nye verk var skrivne for uvanlege kombinasjonar av to mørktklingande instrument, fanst også andre felles trekk ved verka som vart urframførde mandag og tirsdag.

Der var karakteristiske samanhengar, som det kviskrande, vare og luftige i uttrykket hjå begge. Samstundes virvla eit oppkomme av lydar under overflata; det stillfarne sto aldri stille. Denne heilt sanselege kjensla av liv kopla mot omfattande strukturar, meiner eg er vesentleg for at dei to verka fungerte så godt. Trass komplekst tenkte underlag, lukkast dei to i å formidla interessante og vakre klangar – og verka framsto med organisk heilskap.

Dialog

Ruben Sverre Giertsens «Duo» fann plass på eit elles vokalt repertoar mandag. Årsaka var truleg dei at dei to utøvarane, Cathrine Bullock og Dan Styffe, medverka under ei anna framføring, for elles fanst liten samanheng mellom dette og dei øvrige verka av Webern, Scumann og Mahler framført i Freiasalen. Også den fysiske avstanden mellom publikum og utøvarar var i overkant stor ved denne konserten, i kantina der store, sperrande bord med fordel kunne vore fjerna og lete oss komma nærare innpå. For det visuelle aspektet ved Giertsens verk hadde pedagogisk potensiale langt over kva som vart utnytta her: Synet av kva som produserer lyd kunne vore givande for dei mange som vart presentert for slik musikk for første gong.

Gjertsen fekk oss uansett til å spissa øyra, gjennom raskt passerande gniss og gnikk, stillfarne pust og såre glissandi. Bratsjens i sitt mørke register sett opp mot kontrabassens lysaste klang fascinerande vakkert, tidvis hest, dialogen mellom dei var talande.

Klangvev

Meir forseggjort var programmeringa tirsdag, då Ørjan Matres «Chant» vart omkransa av franske komponistar som Debussy, Murail og Messiaen. Klangleg raffinement kunne stå som felles overskrift, like mykje for Matre sitt verk som for dei andre.

Ledige stillinger

Marius Hesby og Rolf Borch fraserte homogent sine repetative strofer av triller og rask rørsle, kombinert med enkeltimpulsar og lange tonar. Dei to instrumenta fann saman og kontrasterte kvarandre i verket med ein langsam, spiralaktig utvikling, og skapte ein varm, appellerande klangvev.

Til sist Messiaens «Quator pour la Fin du Temps», som vart ein verdig og løfta avslutning – og ikkje minst ein sterk påminnar om ein annan komponist som har lukkast i nettopp å kopla kompleksitet med formidlande aspekt.

Håkon Austbø synte seg nok ein gong som suveren Messiaen-tolkar, Fredrik Schøyen Sjölin imponerte med sin uthaldne – nesten evige – intensitet i sin «Lovsang til Jesu evighet», den franske klarinettisten Michel Lethiec tok ut dei dynamiske høve i «Fuglenes avgrunn», og Arve Tellefsen let siste sats tona ut i avklara ro.

Med slike utøvarar og slike program er kammermusikkfestivalen på sitt beste.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arve Tellefsen

Oslo Kammermusikk Festival: Stagnert eller aktuell?

INTERVJU: Dei har alt gjennomført to konsertar, men i kveld finn den offisielle opninga stad. Oslo Kammermusikk Festival skal setja...

Carter ensemble/Foto: C.F.Wesenberg

Feirer Elliott Carter

I forbindelse med den amerikanske komponistens 100-årsjubileum, har cellist Johannes Martens sammen med en rekke andre musikere spilt inn et...

Arve Tellefsen

Tjuvstart på torsdag

Fredag åpner Oslo Kammermusikk Festival for tjuende gang med festkonsert i Oslo Konserthus. Men alt i morgen tjuvstarter kunstnerisk leder...

Oslo Sinfonietta: «Faces» cover

Moderne musikk i Gamle Logen

Oslo Sinfonietta, med Christian Eggen som dirigent fremfører verk av Debussy, Nørgård, Meland og Matre under Oslo Kammermusikk Festival. Den...

Truls Mørk08/Foto: Morten Krogvold

Truls Mørk åpner Oslo Kammermusikk Festival

Cellisten opptrer dessuten ved flere konserter under festivalen som i år finner sted i perioden 14. til 24. august.

Rolf Lislevand

Frå Vivaldi til Webern

FESTIVALRAPPORT: – Å einast besøka tre konsertar under Oslo Kammermusikkfestival gjev neppe noko godt grunnlag for å oppsummera årets mange...

Flere saker

Anne Cecilie Winther

Musikkvalget 2021: – Kulturen har vært selfiestick for ministeren lenge nok nå

Daglig leder i Oslo Kru gleder seg til regjeringsskifte. Men skjønner ikke hvorfor Kulturrådet spør henne om hvem hun anser...

Marius Neset er en av de nominerte til årets EDVARD pris Foto: Lisbeth Holten

20 år med EDVARD-pris markeres under TONOs 90 års-fest

Viktig å dele ut prisene på arenaer som oppleves som nære og naturlige for mottakerne, sier kommunikasjonssjefen. Her er årets...

Festivalsommeren som uteble: Stavernfestivalen er blant dem som søker staten om millioner etter pålagt avlysning

Etter pandemien: Jevnere blant kunstnerne, men staten forsterket forskjellene i næringene

Nye analyser av følgene av pandemien.