Hopp til innhald
Nordic Voices – Reges Terrae omslag

Nordic Voices – Reges Terrae: Samstemt klangvev

ANMELDELSE: – I ein slik musikk, der polyfonien står meir i fokus enn det retoriske, kjem Nordic Voices sitt enkle klangideal meir til sin rett enn vanleg. Ensemblet har alltid fascinerert med sine framtredande solistiske utøvarar og samstundes homogene klang, men fascinerer ikkje mindre ved denne innspelinga. Dette skriver Ballades anmelder om albumet Reges Terrae av Nordic Voices.

Av Ida Habbestad

Kombinasjonen mellom gamalt og nytt er til fascinasjon for mange, og frå tid til annan støyter ein på musikarar og ensemble som orienterer verksemda si mot ytterpunkt i den klassiske musikkhistoria. Dei arbeider med middelalder-, renessanse- og samtidsmusikk – som om det gjekk ei rett linje mellom periodane – og hoppar galant bukk over alt som er mellom dei.

Eit enkeltståande døme er Ensemble Recherche sitt prosjekt «The Witten In Nomine Broken Consort Book». På Ultima i år fekk me høyra eit utdrag av det omfattande verket, der ei heil rekkje komponistar skriv verk med utspring frå den engelske In Nomine-tradisjonen. Meir gjennomgåande finn ein døme hjå songarar, mellom anna i vokalensemblet Trio Mediæval som er verdskjende for sine tolkingar av middelaldermusikk, samt nyskrivne (ofte middelalderinspirerte) komposisjonar.

Sjølv om den tilsvarande kombinasjonen mellom nytt og gamalt òg er Nordic Voices sitt varemerke, har tyngdepunktet – i alle fall slik eg har erfart dei – kvilt meir i den samtidige musikken enn i den eldre. Mine siste møte med ensemblet har funne stad på Ultima; mellom anna som husensemble i Lasse Thoresens konkressens-prosjekt, og på konsert med ei heil rekkje tingingsverk basert på element frå norsk kveding og mongolsk overtonesong. Her igjen finn ein altså døme på komponistar inspirerte av gamle latinske tekstar, gregoriansk song og urgamle folkesongteknikkar – men det er ei anna historie.

Jordlege – og himmelske – kongar

For det er «Reges Terrae» det handlar om her; og med denne plata får me eit døme på korleis Nordic Voices arbeider med den eldre musikken. Eit første påfallande trekk ved plata er korleis den ikkje opplevest som nokon kontrast til kva eg har høyrt ensemblet gjera tidlegare, men heller som ein heilt naturleg del av repertoaromfanget og klangregistret deira. Vidare er det beteiknande for ensemblet at dei har valt musikk utanfor allfarveg – av høvevis ukjende komponistar –og som ikkje nødvendigvis er utgiven på CD.

Me finn oss på 1500-talet, i møte med ei rekkje renessansekomponistar ved Karl Vs hoff. I likskap med andre fyrstar, keisarar og kongelege på denne tida, knytte han til seg utøvarar og komponistar som ein sjølvsagt del av tenarskapen, ikkje minst for å belysa kva status han hadde. Pierre de Manchicourt, Cristóbal de Morales, Jacobus Clemens ’non Papa’, Francisco Guerrero og Nicolas Gombert hadde altså alle ei tilknytning til keisaren frå Spania – enn om ein ikkje veit mykje om kor nær relasjonane faktisk var.

Tittelen «Reges Terrae» – kongar av jorda – har uansett ein dobbel botn. Som føresetnad for at verka er komne til, står den alt nemnde Karl V. Samstundes er det andre kongelege i verktekstane; kongane som samlast i Judea og følgjer ledestjerna for å finna det nyfødde Jesusbarnet – også han ein konge. Eller ein syng om dronninga av himmelen, jomfrua over alle jomfruer, om det store mysteriet, og vidare.

Gjennom det heile er musikken – og tolkingane – lett, ledig og flytande i langstrakte renessanselinjer. Generelt opplever eg musikken frå denne tida som vanskeleg å gripa – med få konkrete haldepunkt å festa seg ved – men framføringa her vert aldri monoton eller stilleståande, heller variert og etter kva eg kan bedømma dessutan stilsikker. Intonasjonsmessig er det òg forbilledleg, og einast i det ellevte sporet stussar øyret ved eit par innsatsar.

Solistisk men homogen klang

Ledige stillinger

I ein slik musikk, der polyfonien står meir i fokus enn det retoriske, kjem Nordic Voices sitt enkle klangideal meir til sin rett enn vanleg. Ensemblet har alltid fascinerert med sine framtredande solistiske utøvarar og samstundes homogene klang, men fascinerer ikkje mindre ved denne innspelinga, der me i dei lange, enkeltståande stemmeføringane vert kjende med kvar av dei fem, utan at dei nokon gong trekkjer for langt frå kvarandre. Slik står innspelinga att for meg som éin einaste stemmevev – rein, klår, og tydeleg.

Reges Terrae kom ut på Chandos i september.

Medverkande:
Tone Elisabeth Braaten
Ingrid Hanken
Ebba Rydh/Marianne Beate Kielland
Per Kristian Amundrød
Frank Havrøy
Trond Olav Reinholdtsen

Ledige stillinger

Relaterte saker

Nordic Voices,

Fartein Valen-prisen 2008

Fartein Valens motetter for blandet kor er noe av det ypperste komponisten har skrevet, de er også blant det vanskeligste...

Ragnhild Berstad

Konkressens

Under fjorårets Ultimafestival vart den første fasa av Konkressens gjennomført; eit seminar der det vart gjeve innføring i norsk kveding...

Nordic Voices,

Nordic Voices feirer 10 år

Vokalensemblet Nordic Voices holder konsert i Universitetets Aula tirsdag 25.april kl 20.00. Konserten har tittelen «Studies After Nature» og markerer...

Det Norske Solistkor

Sterk satsing på kor og større jazzensembler

Kulturrådet gir 17,7 millioner kroner fordelt på 94 musikkensembler for 2006. Tilskuddene til musikkensembler er økt med 4,5 millioner kroner...

Ophelias: Death By Water Singing1 (Foto: Joakim Foldøy)

Norsk musikk i fokus under Huddersfield-festivalen 2005

Huddersfield Contemporary Music Festival har norsk musikk og norske utøvere som et hovedfokus i år. Med på det norske toktet...

Nordic Voices,

Norsk korsuksess i Japan

Representert ved Nordic Voices og Oslo kammerkor var Norge det eneste landet i Norden som var tilstede med mer enn...

Flere saker

Susanna med Baudelaire & piano på Henie Onstad Kunstsenter

Å sette en artistundersøkelse under debatt

Den nylig lanserte Artistundersøkelsen fra Gramart og UiA har skapt debatt, både under sist ukes Bylarm og i tidsskriftet Konteksts...

Guro Kleven Hagen Valdres SSymf

Symboltungt festivalprogram i Valdres, med skjebnen og økologisk balanse i over- og undertoner

Symboltungt på brannstasjon med Skjebnesymfonien og ukrainske og svenske folkemelodier – og skjør idyll med økologi som undertone. Her er...

JM Norway, organisasjonen for ungdom og musikk, fyller 50 år. Feiringen skal skje gjennom hele året, men 7. mai markerte starten på jubileumsåret. På bildet er fra venstre musiker Ibou Cissokho, musiker Selma French Bolstad og leder av JM Norway, Ingunn Sand

Budsjettlekkasje: Økning på 800 000 til JM Norway

Regjeringen vil styrke arbeidet med likestilling og mangfold i kulturlivet, og gir organisasjonen JM Norway en økning på NOK 800...