Hopp til innhald

Moscow Art Trio og Det Norske Kammerorkester – Village Variations

PLATEMELDING: – Den musikalske oppbyggjinga er nært tilknytt handlinga, og finn seg dermed mykje mellom melankoli og surrealisme. Samstundes finn uttrykket seg i ei noko ubestemmeleg dragning mellom folketonen, kunstmusikken, jazzen og filmusikkens verd. Innfallsvinklane tykkjest uendelege, mener Ballades platemeldar om Village Variations.

Av Ida Habbestad

Etter å ha høyrt den modale, sørgmodige innleiing på plata «Village Variations» er det enkelt å gå med på at Misha Alperin sitt verk er knytt opp mot ei handling.

Sergey Starostin si såre klarinettone kjenst i førstinga nær lyden av Sigmund Groven sitt munnspel; desse tonane som ofte er knytt til skildringa av det naturnære. Kanskje aller mest karakteristisk som bakteppe for solnedgangsbilete mot slutten av ein kveld på NRK?

Akkompangert heilt enkelt av strykarane i Det Norske Kammerorkester banar Starostin veg, frå det innleiingsvise såre mot eit meir livleg uttrykk. Snart melder resten av trioen seg på, med standhaftig repetetivt materiale, meir leikne dialogar og festlege påfunn.

Tenkt ballett

«Village Variations» er skriven som ein tenkt ballett i 6 scener. Etter teksten å døma finn me oss i Russland – i eit middelaldersk landsbybrudlaup – der meir eller mindre konkrete hendingar finn stad.

Scentilvisingane risser spennet mellom det sørgmodige og det absurde; som tilvisinga til første sats. Der førebuar gjestane seg på å gå heim frå fest ved tidleg morgon. Svigerfar sit fortapt i melankoli – før han med eitt ser for seg den unge brudens stygge ansikt (!) og vert sint…

Denne litt svarte humor finst representert heile verket gjennom. Ein gløymd gjest går seg vill i den kalde skogen midt på natta – og får sin eigen arie. Satsen «Introduction and Wine Variations» treng i følgje komponisten ikkje treng noka nærare forklaring.

Og når Alperin i «Dance of the Yellow Farm» vender attende til innleiinga på brudlaupet er det for å skildra menneska si stive og høflege framtreden. Til alkoholen snart har teke dei og personlegdomen heilt vert endra. Kanskje ikkje så rart at påfølgjande scene, «Cry», er basert på gråtetradisjonar ved russisk gravferd?

Mange innfallsvinklar

Ledige stillinger

Den musikalske oppbyggjinga er nært tilknytt handlinga, og finn seg dermed mykje mellom melankoli og surrealisme. Samstundes finn uttrykket seg i ei noko ubestemmeleg dragning mellom folketonen, kunstmusikken, jazzen og filmusikkens verd.

Innfallsvinklane tykkjest uendelege. Her er islett av Stravinskij sitt tonespråk og rytmikk. Her er minimalstiske akkordbyggjingar som sender tanken til Glass og Reich. Ein skugge av Bartok finst under ein plass, samt store jazzpianistar – for å nemna noko.

Bidragsytarane leverer godt gjennom raske skifte. Kammerorkestret som godt kan kle Moscow Art Trio vert kanskje nytta på vel føreseieleg vis der dei akkompangerer og legg grunnstemningar. Men i stort fungerer dette bra – og meir utfordrande oppgåver i trioen er vel ivaretekne. Starostin sine glimrande stemningsskildringar er fulgt av Alperins til tider elleville påfunn; Arkady Shilkloper sitt mangfaldige instrumentarium imponerer òg.

Forlatt idé?

Underleg dermed, at utøvarane ikkje heilt lukkast halda trykket heile vegen gjennom; paradoksalt dermed at mange idear til saman kan verka stilleståande.

For eg saknar tidvis meire handling i verket – trass i at Alperin sjølv gjev uttrykk for eit ynskje om å overlata ting til lyttarens fantasi. Tidvis virkar forløpet for opplagt – fantasien får ikkje alltid kva den kunne trenga for å byggja nytt.

Truleg bunnar dette i idégrunnlaget verket her er tufta på. Musikalsk er mykje fortalt gjennom første sats og sidan går ideane til dels i ring. Likeeins i introduksjonane. Etter den forunderlege beretning for første scene, vert tilvisingane korta grundig ned. Når Alperin i fjerde scene berettar lenger, ser han attende i tid, som om han har byrja på nytt.

Dette vert for meg ein indikasjon på at det kanskje ikkje hende mykje meir den middelalderkvelden – forsterka ved at «Cry» sin omtale ikkje er noka scenetilvising, men ein personleg kommentar om Alperin sin eigen situasjon då han skreiv satsen. Heller ikkje siste sats har tilvisningar – den grunnleggjande idé tykkjest meir og meir forlatt.

Slik saknast altså ein konsistent utvikling i dette verket – der mykje særprega stemning finst –men der landsby-variasjonane virkar for likt prega og der heilskapen står att som uforløyst.

Moscow Art trio, Det Norske Kammerorkester
Musikk av Mikhail Alperin, tekster av Sergey Starostin

Moscow Art Trio
Misha Alperin
Arkady Shilkloper
Sergey Starostin

Det Norske Kammerorkester
Kunstnerisk leder: Terje Tønnesen
Fiolin I: Terje Tønnesen, Ashild Breie Nyhus, Tor Johan Bøen, Jøm Halbakken, Alyson Read
Fiolin II: Christina Dimbodius, Hans Morten Stensland, Silje Haugan, Camilla Kjøl
Viola: Juliet Jopling, Øyvind Plassen, Havard Rognil
Cello: Kari Ravnan, Ole Erik Ree
Bass: Marius Flatby
Perkusjon: Rob Waring

Ledige stillinger

Relaterte saker

Terje Tønnnesen

Det Norske Kammerorkester feirar 30 år

INTERVJU: Laurdag feirar Det Norske Kammerorkesteret sine 30 år med festkonsert i Kulturkirken Jakob. Konserten avrundar jubileumssesongen 2007, med blikk...

Det Norske Kammerorkester 07 2/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ultima.no

Det Norske Kammerorkester – Påskekonserter

Tonu Kaljuste leder i påsken tre konserter med Det Norske Kammerorkesteret og Solistkoret

Det Norske Kammerorkester

Kammerorkestret i østerled

Det norske Kammerorkester reiser idag på sin første turné til Østen noensinne. Orkestret har med seg pianist Leif Ove Andsnes...

Det Norske Kammerorkester

Ny direktør i Det norske kammerorkester

Per Erik Kise Larsen er tilsatt som ny direktør i Det Norske Kammerorkester etter Bernt Lauritz Larsen. Kise Larsen kommer...

Truls Mørk spiller Arne Nordheim

Truls Mørk og Det Norske Kammerorkester i Universitetets Aula på skuddårsdagen

29. februar byr det seg en kjærkommen anledning til å høre Truls Mørk i Haydns cellokonsert i C-dur med Det...

Det Norske Kammerorkester

Stor suksess for Det norske kammerorkester i Nord-Amerika

Det Norske Kammerorkester har hatt en pangstart på sin nye sesong etter 25 års jubileums-markeringen med en jubelombrust turné til...

Flere saker

Ida Grande Kaurin

Samtidsmusikkfestivalen Sonisk hage i Vigelandsmausoleet og Paulus kirke

Ta skrittet inn i hagen og opplev komponistenes egen festival i Paulus kirke fredag 8. april.

India møter Norge i ny musikkserie som skal vise fram særegne sjangerscener over hele verden

Gir ut musikk som bobler opp fra scener over hele verden

Ny, norsk label satser på sjangerinnsidere som kuratorer. Først ut er et møte mellom norsk og indisk klubbmusikk under navnet...

Kim Myhr

Et raffinert piano og Tyler, The Creator

– Hvis man liker noe, må man tørre å gå utenfor sin egen ekspertise, sier Kim Myhr. I det siste...