Hopp til innhald

Manger Musikklag lanserer ny CD på Carte Blanche

For fyrste gong på 7 år gjev no Manger Musikklag ut ei ny CD-plate. Plata heiter «Graffiti» og inneheld utelukkande ny norsk musikk for brassband, komponert av folk som Knut Vaage, Jostein Stalheim, Torstein Aagaard-Nilsen, Kaare Dyvik Husby og Ketil Hvoslef.

CDen er eit ledd i ei satsing Manger Musikklag har fokusert på sidan 80-talet, men som fyrst dei siste åra for alvor har skote fart. Bjørn N. Sagstad er dirigent, og plata er produsert av Gunnar Herleif Nilsen og Torstein Aagaard-Nilsen. Plata inneheld hovudsakleg verk som Manger Musikklag har tinga.

Verket som har gjeve plata tittel, er komponert av Knut Vaage. Han har etter kvart markert seg som ein av dei mest spanande komponistane i Noreg i dag. For eit par år sidan hadde Vaage suksess med operaen «Nokon kjem til å komme», ein suksess MML merka seg. Bandet ynskja at han starta arbeidet med eit stykke for brassband, noko Vaage takka ja til. Resultatet vart særs vellukka, ikkje minst når ein veit at han ikkje har jobba med denne typen besetning tidlegare.

Det hadde heller ikkje Jostein Stalheim (mottakar av Valen-stipendet siste året) som har komponert to verk for MML, Convergence og Divergence. Med eit tett og godt samarbeid mellom dirigent og musikarar, har det vorte eit spanande resultat. Titlane er henta frå eventyret «De Vilde Svaner» av H.C. Andersen. Det endelege målet, er å gjere ballett av eventyret, med Stalheims musikk som eit berande element.

«Allegro Concertante» er skriven av Marcus Paus, for solopauker og brassband. Marcus studerer framleis komposisjon ved Norges Musikkhøgskule, men har likevel markert seg som ein produktiv komponist. Han er også debutant i brassband samanheng og har garantert ikkje komponert sitt siste verk for denne besetninga.

Opningssporet på plata heiter «Pang!», med undertittel Introduction no 4, og er skriven av Torstein Aagaard-Nilsen. Torstein starta si komponistgjerning med å komponere nettopp for Manger Musikklag. Han spelte sjølv i korpset på slutten av 80-talet og komponerte og arrangerte musikk når dei trengte det. Han har etterkvart fått eit namn i brassband- miljøet i Europa og har komponert fleire større verk for besetninga.

Kaare Dyvik Husby er kanskje mest kjend for sitt arbeid med å gjenskape eitt av Geirr Tveitts øydelagde orkesterpartitur, men han er også ein spanande komponist. Hans bidrag på plata, The Last of the Fingallians, er original og fascinenerande, og samstundes eit viktig bidrag til musikk for messingensemble.

Ketil Hvoslef er det mest kjende namnet på plata. Han er ein av dei fremste komponistane vi har i Noreg i dag og det er flott at han har gjeve nokre av sine tonar til messingblåsarar. Hvoslef har eit personleg tonespråk der han ved hjelp av rytmisk driv og små, intense motiv, riv med seg lyttaren frå fyrste takt, noko som i høgste grad er tilfelle også for Håkonsiana, opprinneleg ei overture til dei årlege «Håkornaspelet»på Vestlandet.

Carte Blanche, Bergen, 12. april kl 1930.

Denne artikkelen publiseres i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund, og kan også leses på deres eget nettsted: musikkorps.no

Ledige stillinger

Relaterte saker

Manger Musikklag spelar ny norsk musikk i Logen

Søndag 12. november skal Manger Musikklag spele i Logen som ein del av programmet ved Autunnale Festivalen for samtidsmusikk i...

Manger Musikklag

Manger Musikklag med ny norsk musikk

Manger Musikklag er eit av noregs leiande brassband. No er dei igang med eit nytt stort samtidsmusikkprosjekt, der dei skal...

Manger Musikklag

Korpsbevegelsen på fremmarsj

For første gang på ti år hadde Norges Musikkorps Forbund i 2001 en økning i medlemsmassen. Denne helgen var det...

Torstein Aagaard Nilsen

Trondheim Symfoniorkester fremfører Aagaard-Nilsen

En splitter ny konsert for tuba og orkester komponert av Torstein Aagaard-Nilsen blir urfremført i Trondheim 25. april med Trondheim...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Edvardpris til komponisten Knut Vaage

Under Europamesterskapet for brassband i Bergen 3. mai delte TONO ut årets første Edvard-pris. Vinneren var Bergenskomponisten Knut Vaage. Vaage...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

– Det nødvendige i å vandra vidare

Mens Festspela enno syng mellom dei sju fjell, leitar aktørar, kritikarar og publikum etter møtestader, etter romma for det opne,...

Flere saker

Skjermbilde fra videoen Sweet In His Pocket av Vidar Norheim.

Ballade video LXXVI: Søtsaker og lokk

Ti videoer, fem premierer! Sjekk denne ukens godbiter med Vidar Norheim, Ane Bjerkan, Anorakk, Misty Coast, Charlotte Jacobsen, Headless, Benjamin...

Karl Seglem og Thea Hjelmeland mottar Kardemommestipendet

Hedret av Egner-familien

Thorbjørn Egners Kardemommestipend går til to komponister fra Sogn og Fjordane: Thea Hjelmeland og Karl Seglem.

Bjørn Bolstad Skjelbred Foto: FHE Photo / Frank H. Evensen

Bjørn Bolstad Skjelbred ny styreleder i Telemark Kammerorkester

Frilanskomponisten Skjelbred skal virke som arbeidende styreleder i orkesteret.