Solveig Grødem Sandelson

Kunst- og kultursyn i politikken

Kva slags kunst- og kultursyn, tematisert eller ikkje, kjem til uttrykk i språket Staten bruker i sine Stortingsmeldingar om kultur? Dette ser Solveig Grødem Sandelson nærare på i dagens utgåve av føljetongen «Forteljingar om det ugripelege».

Kalender

Operagalla

09/08/2020 Kl. 19.00

Oslo

Opera Soirée

14/08/2020 Kl. 19.30

Viken

Cantango på Gamle Raadhus Scene

02/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

El Muro Tango & Inés Cuello

19/09/2020 Kl. 20.00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Idéhistorikaren Geir Grothen ga i 1996 ut boka «Inn i saligheten», der han gjennomgår den norske kulturpolitikken etter andre verdskrigen, med sikte på å avdekkja korleis eit stadig meir utvida kulturomgrep blir tømt for meining. Boka hans står dermed så absolutt i avsløringa si teneste, og levnar ikkje norske kulturmeldingar mykje ære. Grothen deler kulturpolitikken etter andre verdskrigen i tre fasar, og med bakgrunn i desse, leitar vi etter moglege tradisjonar som kan vera avgjerande ikkje bare for den diskursen desse kulturmeldingane avteiknar seg i, men også for frustrasjonen dei blir møtt med frå kunstnarhald.

Vi skal med Foucault søkja å koma på sporet av det som den kulturpolitiske diskursen har utsondra og utstøytt, det som blir liggjande utanfor. Og sjølv om vi dermed vil hevda at ein diskurs sjølv kan konstituera premissane for det den søkjer å omtala, er det tvilsamt om den same diskursen maktar å halda språket eintydig igjen innanfor sine eigne grenser. Der store forteljingar som skriv seg inn i moderniteten sitt prosjekt, avteiknar seg med ei grunnleggjande tru på det universelle, allmennmenneskelege, kan kanskje små forteljingar tydelegast avteikna seg i ei like avgjerande tru på at diskursane i seg sjølv kan makta å halda eit sanningsomgrep, ein målestokk, innanfor sine eigne grenser. Men det er ikkje på nokon måte gitt at språket alltid blir ståande som motsatsen til det ugripelege i kunsten, som om vi kan gjera språklege omgrep eintydige eller ahistoriske ved å filtrera dei gjennom diskursens konstituerande filter. Vi såg eksempel på det i tekstane som refererte til misunningsverdige sider ved føydalsamfunnet, og vil også finna det igjen i dette kapittelet.

Det er i stor grad Stortingsmeldingane om kultur som er tekstmaterialet vårt i dette kapittelet. I den grad vi hentar inn tekstar også frå komponistmiljøet, er dette tekstar skrivne av folk som har posisjonar i Komponistforeninga, tekstar vi kan gå ut frå ikkje bare representerer eit privat kunstsyn, men også eit kunstsyn foreninga står inne for.

I dei følgjande tekstane framstiller dei sin legitimitet gjennom kunstsyn vi kan kjenna igjen frå dei føregaånde store og små forteljingane, i eit vekselbruk mellom estetikk, historie og politikk. Dette synleggjer det paradoksale i Norsk Komponistforening si rolle både som forum for estetiske debattar og som politisk organ, og gjer tekstane veleigna til å framstilla det paradoksale i dei ulike rollene språket ifører seg. Avslutningsvis vil ei samanstilling av kunstfilosofiske og kulturpolitiske forteljingar også synleggjera vilkår for at forteljingar om det ugripelege skal kunna stadfesta sin eigen identitet.

Vi lar først Geir Grothens framstilling av norsk kulturpolitikk, danna bakteppet for dette spelet, eit spel der både subjekt og tradisjonar, sanning og makt, igjen blir tildelt viktige rollar.

Historia om ei avvikling

Gjennom 50 års forvirrende og stadig mer omfattende engasjement i kulturpolitikken har staten bidratt til å gjøre kulturområdet til et meningsforlatt tomrom, en fanfaresfære for alt mulig og ingenting. Tømmingen av kulturområdet som sfære for mening og meningsbrytning har paradoksalt nok gjort det til en potent arena for alle mulige satsninger og politiske offensiver, markeringer og manøvrer. Kulturen har blitt en sentral hjelpesfære for prinsippløsheten som styreform.

Dette står å lesa i innleiinga til Geir Grothens bok Inn i saligheten – staten og kulturen i velferdens tidsalder. Gjennom essayets form søkjer han å kasta lys over sentrale omgrep som har blitt nytta i den statlege kulturpolitikken etter andre verdskrigen. Han hevdar at mykje av det som har blitt sagt og skrive om kulturpolitikken, har tatt omgrepa i denne for gitt, og unnlate å problematisera dei.

Grothens utgangspunkt er difor å behandla alle desse store og små uttrykka og vendingane som om dei alle fortel noko viktig om kva for sosiale ideal og menneskesyn som blir formidla gjennom dei skiftande kulturomgrepa.

Arbeidarpartiet er naturlegvis førande for den kulturpolitikken som får rotfeste i etterkrigstida. I følgje Grothen blir det som før krigen var ei sterk motkulturell åre i partiet, i etterkrigstida skrelt vekk til fordel for ein teknokratisk velferdstone i gjenreisningsprosessens teneste. Den sosiale framgangen og stabiliteten må sikrast, og det er denne etterkvart einerådande sikringsimpulsen som dannar ryggraden i kulturpolitikken. Den statlege kulturpolitikken deler Grothen inn i tre fasar: Demokratiseringsfasen, den velferdistiske relativiseringsfasen og markedsfasen. Fasane må reknast som rettleiande, det er på ingen måte tale om slutta fasar med eksplisitte brot.

Demokratiseringsfasen – tid for folkedanning

Utgangspunktet for det han kallar kulturpolitikkens første demokratiserande avsnitt, finn Grothen i etterkrigstidas nærleik til katastrofen, til krigens og menneskets vondskap, i uhøyrde kollektive erfaringar, i ei kjensle av ein felles lagnad. Det fører til ein midlertidig, uavkorta entusiasme for det nye prosjektet: Ein ny orden, sosialt totalomfattande, rettferdig og stabiliserande, eit stort fellesprosjekt for å hindra historia i å gjenta seg. Snart avteiknar imidlertid prosjektet seg som heilt ut materielt. Arbeidarrørslas sosiale indignasjon blir bytta ut med nasjonsbyggjarane sin vilje til fysisk stabilitet og vekst. Den nye forvaltninga er prega av ei tru på det totale forløpet, at ei eller anna form for rasjonalitet ligg til grunn for dei fleste fenomen, og difor er også endringar i desse moglege å sjå føre seg og dermed påvirka. Ei slik grunnleggjande form for rasjonalitet, som fører til bestemde forløp, føreset også at alle aktørane i samfunnet deler, eller bør dela denne rasjonaliteten. Det er tale om eit stort, felles opplysningsprosjekt, rett og slett, i moderniteten sitt teikn.

Språket i Arbeidarpartiet sine program rett etter krigen, er prega av ei voldsom tru på dette prosjektet, og framstiller opent og utan blygsel sine intensjonar og motiv, blant anna blir «mentalhygiene» eit flittig brukt omgrep. Det offentlege får ei stadig viktigare rolle i ei rasjonelt tufta forbetring av innbyggjarane sine livsvilkår, også på det psykososiale planet. Kulturen blir sett på som eit gode i seg sjølv, eit gode likskapsideologien i sosialdemokratiet tilseier må spreiast ut til «kulturfattige» strok og samfunnsklassar. Kulturpolitisk fører dette til slagordet «kulturell demokratisering».

Institusjonar som Riksteateret, Riksgalleriet, Kunst på arbeidsplassen og Rikskonsertane blir skipa, og representerer kulturformer som for ein stor del ikkje hadde særleg tilknytning til folk flests umiddelbare subjektive interesser. Det kulturelle problemet er på 50-talet ikkje å finna inne i kulturomgrepet, men i dei skeive sosiale og geografiske strukturane. Det fremste kjenneteiknet på denne fasen, er folk
eopplysninga, trua på at dersom alle bare får same tilgangen til kultur, vil alle dela den same kulturen.

Grothen poengterer at innhaldet i denne blir ikkje utsatt for nokon form for diskusjon:

Det demokratiserende kulturprosjektet er først og fremst interessant ut fra det som ikke egentlig problematiseres: Hvilket kulturbegrep er det som skal demokratiseres og hvorfor? Faktisk ble det det helt tradisjonelle borgerlige kulturgods som ble demokratiseringen til del. Den tradisjonelle elitekunsten skulle gjennom etableringen av en ny kulturell infrastruktur bringes ut til folket, den sosiale og geografiske periferien. Kunstbegrepets innhold og funksjoner ble i svært liten grad egentlig debattert. Denne formidlende kulturpolitikken var mer eller mindre enerådende til mot slutten av 60-tallet da det ble klart at den hadde lidd et slags skibbrudd. Folket lot seg ikke kulturelt demokratisere, eller så var det kanskje heller kulturen selv som ikke tillot det.

Det Grothen kallar kulturen eller kunsten si eineståande evne til å vri seg unna ei styrt avvikling av sitt eige distingverande potensiale, kjem til syne. Dette høver dårleg saman med den sterke likskapstanken i gjenreisningprosjektet, der det kan synast som om individet si oppgåve er å innordna seg dette til eiga forløysning og til beste for fellesskapet. Men etterkvart løyser også dette kollektive rollespelet seg opp, det er ikkje lenger naturleg å identifisera seg bare med ei klasse, eller ei rørsle. Meir individuelle storleikar kjem til å spela ei sterkare rolle, og dette skal i høg grad også koma til å prega kulturpolitikken.

Det moderne individet skal identifisera seg med sine eigne evner og anlegg, ikkje med ei klasse eller ei gruppe. Ein skal bryta med sin eigen sosiale bakgrunn, det er eit teikn på at det store, allmenne moderniseringsprosjektet har lykkast. Kulturpolitiken tar på 60-talet vegen innover mot den private sfæren:

Vi må vise at vi er innstilt på å løse deres menneskelige problemer, slik de er knyttet til de nære og enkle ting som familiens utkomme og trygghet, barns utdannelse og helse, bolig og fritid. Vi må søke å knytte an til deres forhåpninger, deres ønskemål, jeg holdt på å si deres stemninger.

Parallelt med dette innsåg ein vanskane med å spreia ein i utgangspunktet borgarleg finkultur til grupper som er framande for denne kulturen, skriv Grothen. Demokratiseringa av kulturen viste seg å vera lite demokratisk, idet ein søkte å gjera ein type kultur til ein felles kultur for alle, istaden for å innrømma alle grupper retten til å dyrka sin eigen kultur. Ingen er nemleg utan kultur, og ein liberalistisk og pluralistisk stat må sjå med velvilje på eit kulturelt mangfald, heiter det i ei av kulturmeldingane frå tidleg på 70-talet. Likevel merkar vi oss at ønskjet om å jamna ut sosiale og geografiske skiljer på ingen måte blir borte, men inngår som ledd i distriktspolitikken. Samstundes som målgruppa for den statlege kulturpolitikken blir snevra inn frå Det Norske Folk til enkeltindividet, og til dette sitt behov for sjølvrealisering, blir kulturomgrepet tilsvarande utvida ved å ta opp i seg aktivitetar som til no har falle utanfor dette: Idrett, organisasjonaktivitet og massemedia.

Kulturomgrepet skal ikkje lenger ha ei spesifikk meining, det viste seg å vera udemokratisk, meininga med kulturpolitikken er å skapa meining for enkeltindividet, kva det enn måtte innebera. Innanfor det utvida kulturomgrepet finn altså alt som kan gi individet ei meiningsfull fritid sin plass. Det fører oss over i den andre av Grothens tre fasar i utviklinga av kulturpolitikken.

Den velferdistiske relativiseringsfasen – tid for sjølvrealisering

I 1973 og 1974 kjem dei to første kulturmeldingane, frå regjeringane Korvald og Bratteli. Dei er til forveksling like, bortsett frå nokre formuleringar i den siste om at kulturpolitikken skal vera eit ledd i ei sosialistisk samfunnsomforming. Begge meldingane legg hovudvekta på dei administrative og finansielle sidene ved kulturlivet. Den viktigaste målsetjinga er å integrera kulturpolitikken i den allmenne samfunnspolitikken – i velferdsstaten:

Meldinga dekkjer i prinsippet alt offentleg kulturarbeid, og kjem også inn på forholdet til den kulturaktiviteten som blir finansiert privat. Til grunn for meldinga ligg eit vidt kulturomgrep, som omfattar både det tradisjonelle kulturområdet, ungdomsarbeid, idrettsarbeid og andre fritidsaktiviteter. Det er eit hovudmål med meldinga å vurdere dei ulike kulturoppgåvene i samanheng og som ein integrert del av den allmenne samfunnspolitikken.

Det utvida kulturomgrepet er dermed lansert.

Den kulturelle demokratiseringa blir i desse meldingane kritisert ikkje bare for manglande resultat, men også for manglande demokratisk erkjenning. Distribusjonen av kunsten var ikkje nøytral, men undertrykkjande, fordi den stengde andre former for kulturuttrykk ute. Eit reelt kulturelt demokrati må akseptera andre kulturformer enn dei som har vore rekna for dei mest verdfulle. Samstundes har altså dette meiningsfeltet utvikla seg til scene for eit nytt, allestadsnærverande slagord: Sjølvrealisering. Det institusjonaliserte kulturfeltet blir redusert til å bli ein subjektivt, indrevirkande sjølvrealiseringskategori. Grothen hevdar at den reelle, kulturelle demokratiseringa dermed blir sosialt virkningslaus, den får ingen særleg innverknad på kulturområdet sin sosialt ekskluderande virkemåte, på funksjonen som sosial indikator, ein sosial prosedyre for å skilja klinten frå kveiten. Den reelle utvidinga av kulturomgrepet ligg rett og slett i byråkratiseringa av fritida, ifølgje Grothen ei slags reføydalisering av meiningssfæren, av privatsfæren:

Den administrativt funderte vilje er at mening for den enkelte bør finnes, forvaltningens oppgave er å styrke meningen i fritiden for den enkelte, gjennom bevilgninger, uten å ha noe med hva denne meningen skal bestå av.

Det statlege ansvaret blir gjort totalomfattande: Ikkje å bli omfatta av statlege ordningar og støtte, er det same som ikkje å bli registrert, og i så tilfelle er det nærmast som om aktiviteten endrar karakter, forvitrar og forsvinn. Staten hjelper til med å skapa meining i fritida til den enkelte, ganske enkelt ved å setja stempelet sitt på det den enkelte driv med, ein institusjonalisert aktivitet er ein meiningsfull aktivitet. Men kva innhaldet i denne meininga består av, er ikkje staten sitt ansvar:

Det avgjerande er at aktiviteten er med og gir fritida rikare innhald for den enkelte. (…) Som elles i kulturlivet bør kvalitetsvurderinga skje innanfor kvart enkeltmiljø, ut frå føresetnadene og evnene til dei som er interesserte i nettopp denne aktiviteten.

Dette er formuleringar som set ein standard for alle seinare kulturmeldingar: Kulturlivet blir stadig referert til som eit område for meining og kvalitative verdiar, ja, det er nettopp dette som gjer kulturpolitikken viktig, uansett kva parti som stiller seg bak formuleringane. Samstundes unngår ein konsekvent å definera kva dette kvalitetsomgrepet består i, noko Grothen kommenterer slik:

All mening gjøres likeverdig ved at man gjør mening i seg selv til en operasjonell størrelse innenfor kulturpolitisk administrasjon. Å frigjøre mening fra meningens konkrete innhold, som det nye kulturbegrepet gjør, og derved gjøre mening til et gode i seg selv, et rettighetsgode, uavhengig meningens innhold, må nødvendigvis føre til en nivellering på innholdsplanet. Man gjør ved denne bevegelsen innholdet av meningen prinsippielt irrelevant.

Den velferdsdemokratiske autoritetsutøvinga presenterer seg ikkje som makt, men heller som ein rettleiande instans med lykke for alle som felles mål, hevdar Grothen, og siterer frå Arbeidarpartiet sitt kulturpolitiske handlingsprogram frå 1973: «Et sterkere samfunnsmessig engasjement i kultursektoren er nødvendig – ikke for å dirigere, men for å hjelpe.» Tilsvarande kan vi også i stortingsmelding nr. 8 lesa at «den offentlege kulturpolitikken kan i seg sjølv vere ein reiskap til å forme samfunnet, og til å fremme den utvikling vi ser som ønskjeleg.»

Kanskje er innhaldet av meininga, som Grothen kallar det, irrelevant for det styresmaktene ønskjer å oppnå med kulturpolitikken? Trua på det totale forløpet, og på at det er mogleg å styra dette, ser iallefall ut til å ha overlevd 60-talets heller mislykka forsøk på å bringa ein type kultur ut til folket.

Ved å flytta fokuset over på subjektet sin eigenaktivitet, og samstundes gjera kvalitetsspørsmålet utelukkande subjektivt, kan ein oppnå både å ivareta det store fellesprosjektet, og oppretthalda likskapstanken. Heller enn å fokusera på det enno ubehageleg distingverande i kulturen sitt vesen, ryddar ein effektivt bort alle teikn til målestokkar på dette. Det kulturelle demokratiet blir ivaretatt ved å oppløysa kulturomgrepet, og ved å visa individet sine val respekt gjennom å institusjonalisera alt det måtte oppfatta som meiningsfullt. Samstundes ønskjer altså staten å styra utviklinga i samfunnet gjennom denne institusjonaliseringa av alt som gir meining, under fellesparaplyen «kultur».

Grothen oppfattar denne manglande viljen til å definera kulturomgrepet som ei dunkel autoritetsutøving, ein type maktstrategi som teknisk/administrativt oppløyser problema heller enn å risikera ein prinsippiell konfrontasjon. Han skriv vidare at denne frykta for autoritet går saman med ei slags oppfatning av at ein krenkar borgarane sine kulturelle rettar ved å formidla preferansar på kulturområdet, som om dei same borgarane bare er i stand til å ha eit kultursyn som ikkje blir gjenstand for kritikk, som om alt avvik ville bli øydelagd og forsvinna dersom staten ikkje direkte eller indirekte støttar opp om det. Denne oppfatninga bryt med viktige delar av tankegangen i eit demokrati, der retten til å vera ueinige er sentral.

Grothen held fram det ikkje-tematiserte for oss igjen, og vi prøver på det same i det vi går nærare inn på det manglande kvalitetsomgrepet. Riktignok blir det ikkje definert, men vi kan likevel lesa ut minst to aspekt ved dette. For det første blir det i begge dei alt nemnde meldingane hevda at ei for sterk kommersialisering er noko staten bør prøva å motverka, fordi det kan truga kvaliteten:
Målet er å sikre alle menneske reelt fritt val av kulturaktivitetar og kulturtilbod. Det er ikkje nok med illusjonen av å velje fritt. I våre moderne reklamesamfunn er det grunn til å understreke denne skilnaden. Ein kjem her inn på vanskelege samfunnsproblem som ikkje kan løysast på kulturområdet aleine. Men det er særleg grunn til å verne om retten til å velje fritt på eit område som i så sterk grad bør byggje på kvalitative verdiar.

Og i Stortingsmelding nr. 52 heiter det tilsvarande:

Sterk kommersialisering kan på fleire måtar ha meir uheldige utslag på kulturområdet enn mange andre samfunnsområde. Dette har samanheng med at kulturarbeid i så sterk grad byggjer på kvalitative verdiar. Lønnsemd er såleis ingen målestokk for verdien av kulturell aktivitet.

Om ikkje det kvalitative ved kulturomgrepet kan definerast, så blir det i alle fall truga av det kommersielle. Paradoksalt nok fører det til at det kvalitative aspektet ved kulturomgrepet blir avhengig av eit omgrep om det kommersielle, masseproduserte, for å kunna avteikna seg med ein identitet.

Heller ikkje er all kultur så likeverdig som vi skulle tru. I Stortingsmelding nr. 52, blir dei sosiale skiljene når det gjeld kulturaktivitet blant anna forklart slik:

— Den reduserande verknaden som tungt fysisk arbeid, skiftarbeid og pendlararbeid nødvendigvis må ha på sosial og kulturell aktivitet, blir ofte oversedd eller undervurdert. Av dei vel 12 000 industriarbeidsplassane i Grenlands-regionen gjeld t.d. over 4 000 skiftarbeid. Svært mange av dei bur i område der det er mykje støy og uro når dei skal sove.I praksis lever i dag store grupper i samfunnet utan kontakt med dei kulturtilbod det offentlege finansierer, og den kulturelle eigenaktiviteten er som regel også mindre i desse gruppene.

Manglande kulturell aktivitet blir forklart med udekka, fysiske behov, eller med mangelen på kontakt med dei offentlege tilboda. Stimulans frå det offentlege kan med andre ord vera naudsynt for å utløysa eigenaktivitet, samstundes som ein slik aktivitet også vitnar om eit harmonisk samfunn, der menneska alt har fått dekka sine mest grunnleggjande behov, som mat og svevn, og har tatt steget til topps i Abraham Maslows berømte behovshierarki. Dette momentet finn støtte også i ei seinare kulturmelding, Stortingsmelding nr. 23, frå 1981-1982:

Å bryte ned dei sosiale skilnadene er enda viktigare. I dei fleste samfunn har kulturformene til visse høgstatusgrupper stått i ei særstilling i forhold til aksepterte verdinormer og offentlege støtteordningar. Kulturelt demokrati vil seie at ein ser positivt på ulike gruppers kultur, dels ut frå den eigenverdi slike kulturformer har, og særleg som grunnlag for vidare vekst og utvikling. Det tyder ikkje at alle kulturformer er like langt utvikla. Grupper med låg sosial status har gjerne fått mindre offentleg hjelp og stimulans til å utvikle sine kulturformer.

Igjen blir forskjellane delvis forklart ved, og utelukkande søkt løyst ved at det offentlege går inn med økonomisk støtte som stimulans til utvikling. Gjennom ei statleg støtte ønskjer ein då sannsynlegvis også å påvirka aksepterte verdinormer. Staten påtar seg rolla som vårt samfunns mesenat, og ønskjer i kraft av denne å stimulera menneska til eit aktivt liv som grunnlag for vekst og utvikling. Menneskas aktivitetsnivå og meiningsfylte fritid blir glansen staten kan sola seg i, stadfestinga av ei vellukka samfunnsordning til beste for alle partar. Men dei ulike gruppene sin kultur som ein ser så positivt på, har bare delvis ein eigenverdi. Det indikerer eit underliggjande syn på at all kultur ikkje er likeverdig i innhald allikevel, men dette blir ikkje tematisert.

I staden blir sjølvrealisering gjennom eigenaktivitet ståande som nøkkelordet i denne fasen, eit omgrep som på mange måtar kan seiast å symbolisera ein kvalitet ved den til ei kvar tid rådande politikk. Det inneber som nemnt at dei mest grunnleggjande behova hos individet alt er dekka, og opnar for vekst og utvikling. Den manglande kvalitetsvurderinga frå det offentlege si side, kan også oppfattast som ein måte å gi individet fridom til sjølv å velja vegen denne utviklinga skal ta, i demokratiets og framstegets ånd.

Markedsfasen -tid for instrumentalisering

I Stortingsmelding nr. 23 blir for første gong eit sentralt spørsmål ved kulturpolitikken tematisert: Løner kulturen seg? I følgje Grothen må dette bli legitimeringsstrategien i ei tid som i tiltakande grad ikkje aksepterer andre legitimeringar enn dei økonomisk lønsame, og ein måte å tilfredsstilla dette kravet på, er å innhenta svara frå heilt andre område enn kulturen sjølv:

Kulturaktiviteten kan ved sida av eigenverdien også ha innverknad på den fysiske, psykiske og sosiale helsa hos det enkelte menneske. Det er såleis samanheng mellom offentleg ressursbruk på dette området og t.d. innanfor helse og sosialsektoren.

Alt heng saman, kostnadene på det eine feltet er avhengig av innsatsen på andre felt, og vi får ord som «sosiokulturelle tiltak», ei heilt ny sammanstilling, eit konkret døme på at 70-åras prosjekt om å innlemma kulturen i velferdsstaten, har hatt stor suksess, i alle fall i politiske meldingar. Denne tesen om at alle ting heng saman, kan også gi velferdsstaten eit legitimt grunnlag for intervensjon på ei rekkje område som ein hittil ikkje hadde meint hadde nokon samanheng:

Fleire oppgåver som før vart rekna som sosialpolitiske, blir derimot i dag sett som viktige delar av ein utvida kulturpolitikk, t.d. sosiokulturelle fritidstiltak for barn og ungdom.

I 1983-84 er Lars Roar Langslet kulturminister, og for første gong får vi ei kulturmelding som søkjer å ta eit oppgjer med sosialdemokratiets syn på kulturpolitikk. Det er ikkje den første meldinga frå Høgresida, men det er først her vi merkar dei ideologiske forskjellane, eller i det minste forsøk på å halda fram slike. I dei tidlegaste meldingane på 70-talet vart ordet og tilstanden «trivsel» viktig som indikator og målsetnad for kulturpolitikken, nært knytta til sjølvrealiseringsomgrepet. I denne meldinga er dei begge heilt borte, i staden blir «verdi» og «verdiar» ein ny slik indikator:

I høgare grad enn alle andre delar av politikken har kulturpolitikken med verdiar å gjere. Hovudoppgåva er å gi alle menneske tilgang til verdiane i kulturarven og kulturlivet i samtida. (…) Ei medviten haldning til verdiar må også prege kulturpolitikken.

Men heller ikkje verdiomgrepet får ifølgje Grothen noko konkret innhald, og blir i den instrumentelle bruken det blir utsatt for, gjort til vare som ikkje lenger hentar legitimiteten frå ein slags funksjonell bruksverdi eller som noko nødvendig, men frå eit psykisk behov, som ikkje har noko anna retning enn å søkja samlande lindring for subjektet i ei tid som kan virka trugande. Og sjølv om nok verdiomgrepet er meint som eit slags oppgjer med den sosialdemokratiske, trivselsfremjande 70-talspolitikken, finn ein det likevel heilt i orden at desse tidlege meldingane aldri definerte kulturomgrepet:

Meldingane () gav ingen definisjon av sjølve kulturomgrepet, men la vekt på å klargjere dei nye dimensjonane som utvidinga inneber. Ut frå ei strengt logisk vurdering kan ein nok reise innvendingar mot å utvide eit omgrep som ikkje blir definert, men i den praktiske sammenheng (sic.) som er politikken sitt operasjonsfelt, er slike filosofiske øvingar knapt turvande.

Mangelen på meining og innhald blir forklart og oppløyst som problem ved å visa til «politikken sitt operasjonsfelt.» Det rammar også verdiomgrepet, som aldri blir noko anna enn ei retorisk vending, ein språkleg ornamentalsk variasjon over eit kjent tema. Det som derimot innevarslar reelle, gryande forandringar ved kulturomgrepet, er forhaldet til marknaden: «Det vil også kunne styrkje den uavhengige stillinga til kulturlivet at offentleg støtte ikkje er den einaste vegen til å verkeleggjere nye initiativ og tiltak.» Dette framstår som ein slåande kontrast til den venstreideologiske kulturforståinga: Demokratiseringa av kulturen er ikkje eit resultat av statleg demokratisering, offentleg utjamning og pedagogiske reformar, men er marknadens og teknologiens forteneste. Frå å vera ein slags kulturpolitisk trusselfaktor, blir marknaden sett på som potensielt frigjerande:

Det bør ikkje vera noka motsetning mellom dette målet (det kulturpolitiske hovudmålet (Grothens anm.)) og det å trekkje noko større vekslar på publikum og privat støtte. Tvert imot er det ønskjeleg å basere eit allsidig kulturliv på at fleire finansieringskjelder blir nytta til same tid.

Det nye synet på marknaden indikerer ei omdefinering av kulturomgrepet, ikkje minst ved å løysa opp motsetninga mellom kvalitet og kommersialitet. I staden verkar det som det no er ei trugande normoppløysning i samfunnet det må demmast opp mot:

Ein medviten kulturpolitikk som gir menneska tilgjenge til ekte verdiar, vil førebyggje og motverke norm- og verdioppløysning i samfunnet, ved å stimulere til bevisstgjering, refleksjon, individuelt og sosialt ansvar og til livssynsengasjement.

Den udefinerte, tilsynelatande tidlause og menneskeleg nødvendige «verdien» kan brukast nærmast til kva som helst, og er slik sett veleigna både til å representera det evigvarande, uforanderlege og identitetsbevarande ved kultur, samstundes som innhaldet i omgrepet hendig kan skiftast ut med marknadens skiftande behov:

Også i dette perspektivet får kulturpolitikken eit stort ansvar for å halde tradisjonelle verdiar levande og opne for kontakt med nye verdiar som kan gi meining og mål i tilværet.

Sjølv om den siste meldinga som er med i Grothens kritiske gjennomgang, Stortingsmelding nr. 61, frå 1991-92, igjen kjem frå ei sosialdemokratisk regjering, blir likevel desse nye idéane vidareførte. Heller ikkje i denne meldinga er det noka skarp motsetning mellom kommersialitet og kvalitet. Kvaliteten blir endå tydelegare knytta opp mot å kunna ta vare på det tradisjonelle, nasjonale, for å kunna møta det nye, internasjonale:

En kulturpolitikk for nitti-årene må ta hensyn til samspillet mellom det nasjonale og det internasjonale. Den må bygge på våre kulturelle røtter og vår tradisjon, slik denne kommer til uttrykk i det norske samfunn. Samtidig må den bidra til å sette oss i stand til å motta de impulser internasjonaliseringen fører med seg og utnytte disse til menneskelig vekst og utvikling.

Også subjektet blir avkrevd ein slik fleksibilitet. Angsten for å bli utestengd synes ifølgje Grothen å vera drivkrafta bak denne nye politikken. Han viser til avsnitt som dette:

Mye tyder på at fremtidens sosiale skiller ikke først og fremst bestemmes av den enkeltes økonomiske arv, men av den kulturelle kapitalen han eller hun har fått med seg i oppveksten. Dagens og morgendagens mennesker må være forberedt på langt større omstillinger i løpet av livet enn tidligere generasjoner.
Det nye subjektet liknar på ei suksessfylt bedrift, hevdar Grothen, det er i stand til omstilling, forandrar seg i takt med marknaden, og møter tida aktivt. Det bør så å seia vera istand til å skifta ut sin eigen innmat, for ikkje sjølv å bli skifta ut.

Kulturen blir også eit element i nasjonen sin kamp om innpass på den internasjonale marknaden, den er blitt ein art kapital som riktig investert kan gi avkastning.

Bak dette skimtar Grothen ein strategisk fundert draum om eit nykonstruert bilete av ein estetisk bevisst og høgkompentent nasjon, Norge som ein slags logo, eit slags grafisk teikn som lar seg omsetja på ein open nasjonal marknad. OL på Lillehammer blir ei oppvisning av dette prosjektet. Kvalitet er storleiken ein ønskjer å innarbeida som kjennemerke på det norske. Samstundes fastheld ein også i denne meldinga at det ikkje er ei oppgåve for statlege styresmakter å definera innhaldet i kulturytringar. Som verdiomgrepet, blir også kvalitetsomgrepet ein perfekt følgjesven til eit instrumentelt kulturomgrep. «Begrepet er mer eller mindre uangripelig, på et snurrig sett verdinøytralt på en slags moralsk korrekt måte,» med Grothen sine ord. Kulturen som ein instrumentell storleik er blitt eit viktig element i kampen om varer og tenester, samstundes som den også fungerer som ei slags motvekt mot denne, som fetisjert kontinuitet, symbolet på den historiske tradisjonen som bind menneska til kvarandre og til historia.

Dette biletet er også eit salsargument i seg sjølv:

Ved å trekke den kulturelle dimensjon inn som drivkraft på ulike områder i samfunnet skapes verdier som i sin tur bidrar til å utvide dagens verdiskapingsbegrep. I dag brukes dette begrepet først og fremst om materielle og økonomiske verdier. () Den verdiskaping som i første omgang bidrar til menneskelig utvikling og glede, vil i neste omgang også kunne stimulere til en materiell og økonomisk verdiskaping.

Grothen hevdar at instrumentalismen undergrev kulturfeltets tradisjonelle rolle som fritt meiningsdannande ved å subsummera den innunder den materielle verdiskapninga. Meininga blir tvinga inn i omsetninga.

Kulturfeltets ulike roller i ulike tradisjonar

I Grothen si framstilling blir historia om kulturpolitikken i Norge historia om ei avvikling, om eit tilsynelatande djupt område i menneskelivet som gjennom sitt stadig meir utflytande og institusjonaliserte nærver, blir tappa for sjølvstendig meining. Den grunnleggjande retten som blir forfekta, er sjølve retten til meining, retten til eit meiningsfylt tilvære, og den politisk-moralske slutninga som blir trekt av dette, blir for tekstforfattaren ståande som perverst tolerant: Sidan alt er mogleg, sidan ingen målestokk finst, sidan vi er sant demokratiske, er genuin meiningutveksling eigentleg først og fremst krenkande. Dette meiner han må avløysast av ei erkjenning om at nettopp å vera ueinige er det som skaper debatt, og for å kunna bli gjenstand for ein slik debatt, må kulturområdet mista karakteren av noko heilag, noko som ligg over eller på sida av samfunnet.

Det er ikkje vanskeleg å sympatisera med Grothen i hans frustrasjon over manglande vilkår for kritisk samfunnsdebatt. Samstundes må vi innvenda at det han kallar kulturfeltets tradisjonelle rolle som fritt meiningsdannande, bare er ei av rollene, ein av tradisjonane kulturen som felt eller omgrep har stått i, det feltet vi med Østerberg eller Habermas kunne kalla den kritiske eller borgarlege offentlegheit.

Parallelt og som motsetning til denne, som nok er den tradisjonen dei fleste kunstnarar og kunstelskarar vil kjenna seg heime i, eksisterer også ein kanskje endå eldre tradisjon, der kulturen og kunsten nettopp står i rådande styresmakter si teneste, der kulturpolitikk både er eit virkemiddel for å styra utviklinga i ei bestemt retning, og for å stadfesta og kasta glans over den rådande samfunnsordninga.

Sjølv i eit demokrati som vårt, kan det ikkje vera særleg overraskande at den statlege kulturpolitikken skriv seg inn i ein slik tradisjon, der kulturen er eit felt for representasjon. Dette representative trekket kjenner vi i nyare tid først og fremst frå Middelaldaren sitt føydale samfunn, frå eineveldet si maktutøving, der dette ikkje konstituerte seg som eit sosialt område, men snarare som eit slags statussymbol. Så lenge fyrsten «er» landet kan han representera i ein spesifikk forstand: Han representerer sitt herredømme framfor folket heller enn for folket, og det er det ypparste av kulturen som kan kasta glans over denne maktframvisninga.

Vi skal ikkje skulda korkje departement eller regjeringar for å villa framstilla seg for folket som landet eller staten sjølv, som den øverste representanten for ei naturleg verdsordning. Like fullt kan kulturfeltet enno vera eit felt for representasjon, men sannsynlegvis vil vår styreform gjennom kulturpolitikken heller ønskja å representera det kollektive, det samlande fellesskapet, bygd på grunnleggjande, demokratiske ideal. Det er nærliggjande å tru at det kulturutrykket som kunne kasta glans over ei slik framvisning av folkedemokratiet sjølv må bera i seg element av dette.

I eit sosialdemokrati der likskap er eit honnørord og eit symbol på ein på alle måtar vellukka politikk, kan tradisjonar som indikerer kvalitativ ulikskap vera ubehagelege å koma i nærkontakt med. Ja, dei forstyrrar til og med biletet av likskap, fellesskap og folkestyre, og er difor dårleg eigna til å symbolisera ein politikk som er tufta på slike prinsipp. Som vi alt har vore inne på, er derimot sjølvrealiseringsaspektet nærmast perfekt som eit slikt symbol.

Grothen føreset i si framstilling at kulturomgrepet i utgangspunktet er ein gitt storleik, ein substans av meining i ein gitt tradisjon som avkrev ein bestemt måte å oppfatta og ta denne i bruk på. Difor kan han hevda at historia om den norske kulturpolitikken er ei historie om ei avvikling, og at staten har bidratt til å gjera kulturområdet til eit meiningsforlatt tomrom. Ein kan like gjerne hevda at norsk kulturpolitikk skriv seg inn i ein heilt annan tradisjon enn den Grothen i utgangspunktet har gitt forrangen som kulturomgrepets eigentlege, opprinnelege. Kanskje kan ein også hevda at staten har latt eitt rom stå opent, rommet for det kritiske og fritt meiningsdannande. Faktisk er den stadig tilbakevendande, kulturpolitiske vegringa mot å definera kvalitetsaspektet ved kulturomgrepet, også ein uttalt viten om at statlege kulturmeldingar ikkje seier alt som er å seia om kultur og kultursyn.

Å forventa at staten gjennom sin kulturpolitikk skal fylla også rommet for det potensielt samfunnskritiske, seier noko om i kor stor grad vi har akseptert staten som den gode, alltid nærverande og institusjonaliserande hjelpar, ein uunnverleg premissleverandør for den offentlege samfunnsdebatten.

Historia om ei utsondring

I Grothen si framstilling er ikkje kulturmeldingane sin omtale av den profesjonelle kunsten tatt med, også den såkalla kunstnarmeldinga frå 1976 er utelatt. Det svekkar ikkje nødvendigvis framstillinga, sidan det ikkje er denne sida av kulturpolitikken dei ulike regjeringane vil bli hugsa for.

Alt i den aller første, Stortingsmelding nr. 8, 1973-74, såg vi at det blir lagt størst vekt på «tiltak som kan jamne ut den store skilnaden mellom dei ulike delar av landet når det gjeld kulturtilbod og høve til allsidig kulturell eigenaktivitet.» Vi kan også lesa at det er ei hovudoppgåve å fremja kulturformer som har føresetnader for å nå flest mogleg. Likskap og fellesskap er med andre ord det viktigaste. Dette gjeld både tradisjonelt kulturarbeid, ungdomsarbeid og idrett. Likevel, heiter det vidare, vil mange kulturaktivitetar vera avgrensa til mindre grupper eller nokre få spreidde utøvarar, blant anna kulturaktivitetar som har som føresetnad sterkt utvikla særevner som ikkje er vanlege hos folk flest. Til desse høyrer både internasjonal toppidrett, og kunstnarlege og intellektuelle ytringar på høgt nivå.
Departementet ser inga motsetning i å akseptera verdien av slike kulturformer samstundes som ein arbeider for eit større kulturelt demokrati, men hevdar at dei offentlege tilskota inntil dåverande tidspunkt, noko einsidig har gått til visse spesielle kulturminoritetar. Ein kan difor ikkje tala om nokon underprivilegert minoritet.

Også i Stortingsmelding nr. 41, 1975-76, «Kunstnerne og samfunnet», oftast omtala som Kunstnarmeldinga, blir det åtvara mot at «enkelte små grupper, som regel sentralt plasserte i samfunnet» skal få det privilegium det er aleine å definera kulturomgrepet og utforma kvalitetskriteria både for seg sjølv og andre. I denne meldinga blir for øvrig kunsten si oppgåve som samfunnskorrektiv nemnt for første gong.

I Stortingsmelding nr. 23 tar ein så bladet frå munnen når ein refererer til utvidinga av kulturomgrepet:

«Først og fremst var det tale om eit større mangfald og ei mindre ekskluderande haldning.» , eit kulturomgrep som kunne omfatta også «meir folkelege og mindre eliteprega kulturaktivitetar». Retten til kultur skulle vera ein rett for alle, ikkje bare for privilegerte grupper i samfunnet.

Slik blir den profesjonelle kunsten og den offentlege støtta denne tidlegare har fått, sett på som undergravande for det kulturelle demokratiet, ein privilegert minoritets eliteprega og ekskluderande kulturdiktat. I dette lyset symboliserer den profesjonelle kunsten sjølve distinksjonen i kunsten. Som i den franske sosiologen Pierre Bourdieus berømte bok med same namn blir denne også i dei norske kulturmeldingane tett knytta til klasseskilje i samfunnet.

Bourdieus tese er at kjennskap til kulturelle koder er uløyseleg knytta til økonomisk og politisk makt. I Distinksjonen viser han på den eine sida korleis kunst og kunstnarisk smak distingverer forskjellige samfunnslag i Frankrike, for så vidt som deira situasjon er forskjellig. Men han viser også korleis kunst og kunstnarisk smak i seg sjølv distingverer og ekskluderer; den hegemoniske smaken blant dei herskande sjikta er ein måte å bevara hegemoniet på, ein bevisst, men særleg ubevisst måte å halda andre nede på. Det kunstnariske og meir allment estetiske feltet er eit strategisk felt av skiljer og distinksjonar der ingen smak er uskuldig, bare meir eller mindre uvitande om kva som utspelar seg. Bourdieu kjem også blant anna med skarpe utfall mot neo-utilitarismen i samfunnsvitskapen, som utfrå ein økonomisk tankegang går utfrå at alle tenkjer likt, dei har bare fleire eller færre ressursar å rå over. Bourdieu vil visa at det kan avgrensast kollektiv eller sosiale lag og klassar som har forskjellig tankegang eller logikk.

I norsk kulturpolitikk, der retten til å velja fritt blant likestilte kulturuttrykk er ei uttalt målsetjing, kan ein kunst som gir liknande assosiasjonar vanskeleg vera flaggskipet. Innføringa av det utvida kulturomgrepet er eit grep som flyttar fokuset bort frå slike ubehagelege assosiasjonar, men også ei djupt ideologisk forankra omforming, der retten til sjølvrealisering og eigenaktivitet gradvis blir symbolet på heilt grunnleggjande demokratiske og humanistiske omgrep som fridom og likskap. Slik har også kulturpolitikken sin «dagleglivets ekspert», i form av eit sjølvrealisert subjekt som kan gjera seg estetiske erfaringar i lys av si eiga livshistorie, eller i ei kollektiv livsform. Men der Habermas og Kant krevde at subjektet gjennom slike erfaringar skulle garantera for ei erfaringas einskap mellom menneske, stadfestar subjektet i den kulturpolitiske diskursen heller dei allereie eksisterande vilkåra for å gjera seg slike, og blir sjølve symbolet på eit allereie velfungerande demokrati.

Til grunn for den likskapens diskurs som pregar norske kulturmeldingar, ligg ei utsondring av den ulikskapen som 60-talets opplysningsprosjekt kasta lys over. Difor kan den profesjonelle kunsten med sine assosiasjonar til denne forstyrrande ulikskapen, bare symbolisera det frie samfunnet under ytringsfridommen si fane, i ei tilvist rolle på sidelinja – som nyskapande og kritisk samfunnskorrektiv. Likskapstanken får i den profesjonelle kunsten ein flik av alibi i den pragmentariske, men viktige politiske aksepten for kunstnarane sin rett til levekår på lik linje med andre yrkesgrupper. Eit modernistisk prega kunstsyn, men eit svært så sekularisert kunstnarsyn.

Vi lar eit lengre sitat frå den siste meldinga Grothen refererer til, Stortingsmelding nr. 61, 1991-92, presentera ei rollefordeling mellom eigenaktivitet og profesjonell kunst som kan tilfredsstilla premissane i ein slik diskurs:

Demokratiets viktigste forsvar vil være å fastholde det felles ansvaret som sentral samfunnsetikk. For at dette ansvaret skal oppfattes som en realitet, trenger vi den meningsskapende aktivitet som er kulturytringens viktigste kjennetegn. Regjeringen vil derfor arbeide for å styrke kulturens samfunnsskapende og stabiliserende kraft. Regjeringen mener vår tid trenger en styrket innsats som knytter mennesker nærmere sammen i et allmennkulturelt fellesskap bygd på felles innsikt, verdier, referanser og symboler, som viktige forutsetninger for et fungerende demokrati. Et engasjement i en felles virkelighet er i realiteten det viktigste våpen i kampen mot intoleranse og likegyldighet. I denne sammenheng har kunsten en viktig rolle å spille, fordi den vil navngi og gjøre synlig det som til enhver tid påvirker våre liv. Den vil vekke til ettertanke og formulere alternativer. Kunsten kan fungere som et verdifullt kritisk korrektiv og som et vern mot vanetenkning og samfunnsmessig stagnasjon.

Denne meiningsskapande aktiviteten kjenner vi igjen som ein følgjesvein av sjølvrealiseringsomgrepet. Den skal altså arbeida for det allmennkulturelle fellesskapet, medan kunsten skal vera det kritiske korrektivet. Sjølv om kunstens rolle som kritisk korrektiv blir sett på som viktig, er det likevel det allmennkulturelle fellesskapet som blir rekna som ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Det er nærliggjande å tru at det då også blir fanfaresfæren for feiringa av dette. Skulle kunsten søkja å trø ut av sine tilviste roller, vil den i lys av 60-talets opplysningsprosjekt faktisk kunna truga individet sin fridom til å velja blant likestilte kulturuttrykk, og dermed også biletet av staten som ein slags velmeinande avantgarde, den som går føre og ryddar veg framover mot fridom og ei betre framtid for mennesket.

Slik blir den ambisjonen som kunstfilosofiske forteljingar sidan romantikken har knytta til kunstnarrolla, i denne forteljinga like tett knytta til staten.

Stillinger

Kantor/ organist

Kongsberg kirkelige fellesråd

Orkesterbibliotekar

Oslo-Filharmonien

Kantor/ kyrkjemusikar

Gloppen kyrkjelege fellesråd

Produsent

Riddu Riddu Festivála

Produsent

Kulturfabrikken Sortland KF

Programsjef

Bodø2024 IKS

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev