Hopp til innhald
Anders Beyer

Ei gullkiste

Festspela vert ikkje gode nok før dei er verkeleg interessante for mange, meiner ny festspeldirektør Anders Beyer.

Årets variant av Festspillene i Bergen er snart til endes, og med det også Per Boye Hansen si tid som festspelsjef. Etterfølgjaren, Anders Beyer, har starta arbeidet med å sjå framover. Han har alt fått merka engasjementet kring festivalen.

— Mange ser festspela som ei stor gullkiste. Alle ynskjer seg ein del av den, og det er flott. Men det er grense for kor stor kista er. Den største utfordringa i arbeidet mitt blir å unngå å bli overlessa. Eg ynskjer å få mykje gjort, og vil samarbeida med interessante institusjonar både i Bergen og i Hordaland. Men ein kan ikkje gjera alt på ein gong. Ein festival må òg ta val, seier Beyer.

Til å ta val kan han henta inn rådgjevarar – og han har med seg sin eigen breie bakgrunn frå akademia, media, programmering og festivalarbeid.

– Det er mange retningar å ha grep om i dette arbeidet. Du skal kunna media, strategi, kunstnarleg utvikling, leiing, og du skal kunna ditt fag. På eit vis er dette ei stilling eg har øvd på i 25 år, seier han.

Akademisk fordel

For Beyer sin del byrja det med arbeid ved Københavns Universitet. Her underviste han i det 20. hundreårets musikk. Parallelt har han vore redaktør, mellom anna for tidskriftet Nordic Sounds, som gav han høve til å orientera seg i musikkscenene i dei nordiske landa. Han arbeidde òg i dagspressa, som redaktør og kritikar i Dagbladet Information, før vegen gjekk til den daglege leiinga av Athelas Sinfonietta Copenhagen.

Korleis fann du overgongen frå analyse til produksjon?

– Det var spanande å bli utfordra på leiareigenskapar; korleis ein får andre med seg i gjennomføringa av ein idé. Eg hadde ikkje eigentleg nokon plan om å forlata akademia, men var nyfiken på sjansen som bydde seg. I arbeidet med Athelas var det faktisk ein fordel å komma med akademiske haldningar.

På kva måte gav den akademiske bakgrunnen høve for Athelas?

– I det akademiske handverket ligg evna til å reflektera og problematisera i større perspektiv. Me laga ein strategiplan, som ein av dei første organisasjonar av vårt slag i Danmark. Det viste seg å vera smart. Kort etter at eg kom inn i dette, i år 2001, skjedde ei politisk omvelting, der løyvingane til vårt felt vart mindre. Då var det ein fordel at me hadde formulert oss tydeleg om prosjekta våre. Me var konkurransedyktige, svarer Beyer.

Ledige stillinger

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Smal og brei på same tid

Med Athelas laga han snart ein festival som i løpet av tre år vart den største samtidsmusikkfestivalen i Danmark. Utfordringa, fortel Beyer, var å halda fast ved det samtidige, parallelt med at ein utvida publikumsgrunnlaget.

– Utan publikum er du ingenting. Du får ikkje stønad, er ikkje interessant. Målet var å vera lojal mot avantgarden, samstundes som me fekk merksemd utanfor det sedvanlige samtidsformatet. Det meiner eg me lukkast med, mellom anna ved å gifta oss inn i andre kunstartar som dans, teater og performance.

Dei siste åra har Beyer òg vore ansvarleg for Copenhagen Opera Festival, som kan samanliknast med festspela kva gjeld publikumstal. Beyer er fascinert av det store formatet, og meiner han kjem til ein kvalitetsfestival.

– Per Boye Hansen har han halde fast ambisjonen om kvalitet og internasjonalt nivå. I tillegg var det interessant korleis han dei første åra held fast på ideen om det nordiske, seier Beyer.

Er det område han har arbeidd med som du gjerne vil endra?

– Det er det for tidleg å seia noko om. Me har starta ein strategiprosess der me snakkar med styret, interessentar, kulturinstitusjonar og fleire for å finna ut kva forteljing me vil fortelja denne perioden. Ein slik prosess er nødvendig med jamne mellomrom, for festspela må spegla av at verda er stadig i endring. Ein veit til dømes at nordmenn reiser meir utanlands enn for 10-15 år sidan. Det betyr at bergensarar er meir vande til å møta det framande. Eg trur det finst ei forventning om at dette framande vert meir reflektert i festspela, svarer Beyer.

Les Per Boye Hansens innlegg:

Vil løysa slipset

Eitt anna mål er å vri eit hakk på sjølvforståinga; gje lov til å løysa slipset, og bli meir ungdommeleg.

– Ein tidel av menneska i denne byen er unge. Mange av dei studerer. Eg trur somme 20-40-åringar tykkjer festspela er for fine, at dei handlar om å nippa til sjampanje i Grieghallen. Eg meiner me må finna inkluderande prosjekt for desse.

Korleis gjer ein det?

– Ja, det er sjølve utfordringa. Me må ta nokre sjansar. Men det må gjerast kontrollert. Eg kan ikkje nytta ein million på prosjekt retta mot unge menneske dersom dei ikkje dukkar opp. Ein må finna noko meir gjensidig, der grupperinga oppdagar at eg nyttar mykje midlar på å gjera noko for dei. Det handlar om å vera tydeleg, svarer Beyer.

Les også:

Indre samanheng

Elles søkjer den nye festspelsdirektøren etter tematiske samanhengar for festspela. Den vanlege kunstnarlege intelligensen der argumentet for å programmera noko er at prosjektet held høg kvalitet, er ikkje nok åleine, meiner han.

– Eg trur det er avgjerande at ein har evna til å tenka korrespondanse, gjerne gjennom ulike tematiske inngangar. Neste år er det til dømes 100 år sidan kvinnene fekk stemmerett i Noreg. Eit slikt jubileum kunne invitera til å tematisera det kvinnelege, utan at eg ynskjer å gå nærare inn på dette endå.

– Du nemnde at du har arbeidd med å ivareta avantgarden, samstundes som du har arbeidd mot breie publikum. Korleis vil du arbeida med denne problemstillinga i Bergen?

– Den nye musikken skal sjølvsagt vera eit spor i festivalen. Men dette er ein heilt annan type festival enn eg har laga før. Det er viktig at det ikkje flyt over av det eg kjenner alt for godt. Igjen har du dette med den kontrollerte skandalen. Skal eg programmera ny musikk, er det viktig for meg at programmet er fantastisk godt, og at det kjem meir enn 20 menneske og høyrer på. Festspela har høve til å gjera produksjonar som få andre kan. Men dei vert ikkje gode nok før dei er verkeleg interessante for mange.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Fra Lars Rambergs graffitiprosjekt ‘Die Grenze’ under Festpillene i Bergen

Hvor går grensene?

INNLEGG: Kulturminister Huitfeldt opphevet grensene mellom bredde og elite, skriver Festspillenes Per Boye Hansen.

Fra Living Room – en konsertserie holdt i private hjem.

Andre kodar

I konseptet Living Room kjem konserten tett inn på eit enkelt menneske og heimen det bur i. Målet at nokon...

Anna Thorvaldsdóttir

Nordisk råds musikkpris til Island

Komponist Anna Thorvaldsdóttir fikk prisen for nyskapende verk.

Per Boye Hansen

Utfordrende publikum

– Jeg har vært mest skuffet over at folk ikke står i kø for å se våre viktigste produksjoner, sier...

Fra Grieg in Outer Space

Lyspunkter i uklart lende

ANMELDELSE: Hvor dypt stikker egentlig festspillenes idé om forstyrrelse, spør Emil Bernhardt.

Flere saker

Kulturminister Abid Raja koronahilser Kulturrådets direktør Kristin Danielsen på en samling om koronaens effekter på kulturøkonomi sommeren

Årets stimuleringsordning: fristen er ute

Ubetaling av 600 av 870 stimuleringsmillioner er vedtatt, like etter at søknadsfristen er gått ut.

Skadedyr med Anders Røine Foto: Amalie Johannessen / Vozzajazz

Sosiale skadedyr

Skadedyr og Anders Røines bestillingsverk på Vossajazz inspirerer til en mer kollektiv tilnærming til musikk.

Bjørn Müller og Ida Maria – musikkforleggerprisen

Musikkforleggerprisen 2024: Æresprisen til Petter Baarli og Bjørn Müller i Backstreet Girls

– Musikk er best.