Hopp til innhald
Ny musikk demonstrasjon

Demonstrasjon av mangfald

13. september, dagen før valet, inviterer artisten David Helbich til ny musikk-demonstrasjon i Oslo. – Draumen er sjølvsagt at det vert ein hype, at det er noko som mange vil slutta seg til, seier han til Ballade.

Av Ida Habbestad

«A street demonstration,

bringing everybody together

interested

in new forms

of sound experience

and artistic expression

in the name of music

in Norway

at this moment».

Ledige stillinger

Slik introduserer belgisk-baserte David Helbich sin invitasjon til demonstrasjon under Ultima førstkomande helg.

— Det er sjølvsagt umogleg å seia korleis resultatet vil bli. Mellom anna sidan eg organiserer demonstrasjonen frå her eg er i Berlin, og fordi eg ikkje kjenner musikkscena i Oslo spesielt godt, seier han over telefonen, snart på veg til hovudstaden for å organisera vandring gjennom byens gater.

— Men nettopp dét at ein ikkje veit kven som stiller, kastar lys over det faktum at ein ikkje kan velja kva ny musikk er. Sjølv om demonstrasjonen aldri vil bli heilt representativ for alt som finst av ny musikk i byen, vil alle som kjem vera med på å definera kva som høyrer til under omgrepet ny musikk.

Helbich som til dagleg held hus i Brussel arbeider sjølv innan eit rikt spekter av uttrykk i omlandet av ny musikk/konsertar/performance. Han var sist i Noreg under Borealis, der han som del av InterInterInter gjennomførte ei rekkje prosjekt (eit utval dokumentert her).

No er det altså tid for politisk demonstrasjon – der ein muligens marsjerer, kan henda lagar oppstyr i trafikken, og gjerne har med seg banner med ein bestemt bodskap.

Forma er ypparleg til formålet, meiner Helbich, ikkje berre sidan den har noko på hjarta; men òg sidan den er nøytral kva gjeld uttrykk og estetikk. Helbich understrekar at han ikkje har valt musikk for høvet, og at eventuell framføring av musikk er opp til deltakarane sjølve.

Men kva demonstrerer dei for?

— I mange demonstrasjonar protesterer folk, dei seier nei til noko. Slik er ikkje denne demonstrasjonen; me demonstrerer heilt enkelt vår eksistens. Demonstrasjonen har ei mobiliserande kraft – og kan medverka til å gjera uttrykka synlege. Ikkje berre ovanfor dei som tilfeldigvis måtte vera i nærleiken, men òg internt i musikkmiljøet. Det er ikkje sikkert at alle kjenner kvarandre, og eg likar ideen om at folk som arbeider innan vidt ulike uttrykk kjem saman for å gjera noko ilag.

— Dessutan ligg der eit slags statement bak synet på at dei som møter er dei som definerer kva som er ny musikk: Definisjonane skjer i dag uavhengig av dei store institusjonane, som Ultima til dømes, svarer Helbich.

Omgrep i endring

Det som på eine sida er ei form for institusjonskritikk – er på same tid eit tingingsverk frå Ultima. Det følgjer opp årets sjangerbreide program, som i følgje direktør Lars Petter Hagen har «en rekke røde tråder, som kan følges opp eller ignoreres fullstendig».

Mellom anna er der ein større vekt på performance enn før, eit uttrykk som Helbich nyttar for å stilla spørsmål ved musikalske samanhengar.

— I utgangspunktet skreiv eg klassisk samtidsmusikk, for ensemble og den slags. Etterkvart har eg gått vekk frå dette, og arbeider med performance og kunst. Eg er interessert i kontekstar kring musikk, og spørsmål: Kva gjer musikken mogleg, kva er dens sosiale omgjevnader, forklarer artisten.

— Tingingsverket til Ultima måtte difor vera noko intermedialt, noko som involverte mange. Eg var på leiting etter noko som kunne representera min indre konflikt om kva ny musikk kan bety, og kva innhald eg kan tilleggja til ein ny musikk-festival. Reint kunstnarleg finn eg demonstrasjonen interessant idet den truleg vil vera ulik frå land til land. Arrangerer ein demonstrasjon i Berlin vil deltakande truleg utgjera eit anna segment enn dei som kjem i Noreg. Annleis igjen i New York, eller i Mexico for den del.

Han medgår at der er mange måtar å sjå demonstrasjonen på. Den kan tolkast både som spøkefullt innslag i valkampen, som ei enkeltståande fluksus-hending, som eit politisk statement, eller som bidrag til ein større diskusjon. Men frå Helbich si side ligg der eit klårt ynskje bak

— Sjølv ser eg den ikkje som nokon happening, eg tek forma seriøst og vonar å mobilisera folk kring det mangfaldige omgrepet. Eg forsøkjer ikkje eigentleg å sjå det som eit kunstverk eg har laga, men som eit evenement som eg har initiert og der eg tek del på linje med andre som vil vera med. Institusjonane må uansett ta inn over seg at det som er ny musikk i dag ikkje lenger er opplagt; at det ikkje er eit område som enkelt let seg avgrensa. Komponistane kjem ikkje lenger frå konservatoriene åleine, men òg frå andre miljø. Der vil vera mange endringar dei neste åra, seier Helbich.

Kulturen ikkje sjølvsagt

Dei fleste som demonstrerer gjer det avdi dei har ei kampsak – og meiner gjerne at noko bør endrast. Er demonstrasjonen slik sett maktpåliggjande?

— Eg veit ikkje i kva grad ein treng dette i Noreg. Men etter kva eg har høyrt er der kulturspørsmål som kjem til overflata i høve valet, og ting som tyder på at plassen kulturlivet har i det offentlege ikkje er sjølvsagt. Eg kjem utanfrå inn i dette, og har ikkje nokon ambisjon om å blanda meg inn i denne diskusjonen. Men eg likar mobiliseringa i ein demonstrasjon, og dei som deltek syner jo kva dei står for.

— Resultatet er uansett vanskeleg å spå. Dette er konseptuell kunst, der du har ei tom form i utgangspunktet – og der innhaldet kan bli stort, eller lite. Draumen er sjølvsagt at det vert ein hype, at det er noko som mange vil slutta seg til, seier Helbich.

Interesserte kan melda seg til Helbich, som gjerne kjem med idear til korleis ulike aktørar kan delta i demonstrasjonstoget. Mellom anna er celler av utøvar, produsent og lyttar veleigna kombinasjon, hevdar han. Send epost til davidhelbich@gmail.com.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Lars Petter Hagen portrett (Foto: Manu Theobald)

Lars Petter Hagen overtar sjefsstolen

INTERVJU: Lars Petter Hagen ble i dag engasjert i stillingen som direktør og kunstnerisk leder i samtidsmusikkfestivalen Ultima for 2009....

Lars Petter Hagen portrett (Foto: Manu Theobald)

Lars Petter Hagen ny Ultima-direktør

Hagen er engasjert for ett år som direktør og kunstnerisk leder for Ultima 2009 og erstatter dermed Geir Johnson.

Geir Johnson (foto: mic.no)

Positiv publikumsundersøkelse

Ultimafestivalen har for første gang gjennomført en uavhengig markedsundersøkelse. Ifølge både den og festivalbesøket er publikum fornøyde med Ultima 2008.

Jan Martin Smørdal

Vil spela aktuell musikk

Med jamne mellomrom har nye samtidsensemble utspring frå Norges musikkhøgskole. Nytt av året er Ensemble neoN, som vert lansert på...

Emil Bernhardt 2007 – 7 (Foto: Stian Andersen)

Noen spørsmål i Ultima-debatten

INNLEGG: Hvordan er det mulig å tenke seg/anerkjenne erfaringen av musikkverket som lyd i et perspektiv som samtidig er kontekstuelt...

Erling E. Guldbrandsen/Foto: IMV Universitetet i Oslo

Debatt i spagat?

INNLEGG: Debatten om Ultima på Ballade.no synes å ha havnet i den gamle spagaten mellom avantgarde og modernisme, hevder professor...

Flere saker

Barnas verdensdager Foto: Lars Opstad

Verden og Grønland

Som gratis møteplass og overflødighetshorn er Barnas verdensdager uovertruffen. Men koblingen til resten av programmet under Oslo World Music Festival...

– Nick Cave og Warren Ellis er mestre i å skape stemning og spenning, og musikken deres kler Harry Hole og det mørke Oslo som vi skaper i serien, sier forfatter, serieskaper og eksekutiv produsent Jo Nesbø.

– Det har vært en ære å jobbe med legendariske Jo Nesbø

Nick Cave og Warren Ellis står bak musikken til Netflix’ norske storsatsing Jo Nesbøs Harry Hole.

William Kristoffersen, Heid Stavrum og Finn Tokvam på Nasjonalbibliotket Foto: Eskil Olaf Vestre

Nei, så kultivert du har blitt

Ole Ivars og danseband har de siste årene blitt tatt inn i den finkulturelle varmen. Likevel blir ikke akademikerkollegaene til...