Hopp til innhald
Trondheim Symfoniorkester 2007

Dei skjønne kunstar

FESTIVAL: I denne andre og siste meldinga frå Trondheim Kammermusikk Festival oppsummerer Ballade sin utsende dei øvrige konsertopplevingane i Trondheim. – Balansegangen mellom ungt og gamalt – både kva gjeld utøvarar og musikk – og dertil ispedde innslag av jazz, elektronika, ungdomsstorband og anna, skapar ein heilt spesiell dynamikk som toppar den dyktige programuttenkjinga til festivalen, skriv ho i denne meldinga.

Av Ida Habbestad

I Trondheim Kammermusikk Festival skapast gode repertoarkombinasjonar.

Programmet rommar standardverk frå kammermusikklitteraturen, såvel som ein grundig presentasjon av festivalkomponisten i form av portrettkonsertar og små drypp mellom klassikarane. Slik vert det noko for einkvar smak, og samstundes utfordrar dei publikum når sjansen byd seg.

Òg for utøvarane er kombinasjonen ideell. Til dømes var det eit sjakktrekk at Trondheim Symfoniorkester under sin konsert framførte verk av Rameau og Händel mellom dei meir utfordrande komposisjonane av Crumb. Der utøvarane var usikre, ja nærast ukomfortable med oppgåvene i samtidsverket (mellom anna fekk me oppleva små grupper av musikarane seia fram replikkar medan dei kom vandrande over scena), synte dei seg frå si beste side då ei lita besetning framførte den franske barokksuiten og tre Händel-ariar.

Ariane var henta frå tre ulike operaer, og framkalla ulike stemningar hjå lyttarane. Den midste av desse, «Tornarmi a vagheggiar» frå «Alcina», var nærast ein duett mellom sopranen Mojca Erdmann og cellisten Joakim Munkner, som begge imponerte med presise og stilsikre framføringar.

Erdmann hadde òg imponert tidlegare, då saman med gutesopran Mads Frigstad. I Crumbs «Ancient Voices of the Children» formidla dei Lorca sine mystiske tekstar med titlar som «Barnet som leitar etter stemma si», og «Mitt hjerte av silke fylt med lys», med komponisten sitt umiskjennelege utforskande og poetiske tonespråk

Dei skjønne kunstar – og nokre inkjeseiande

Festivalkomponistens verk har gjennomsyra festivalen, men òg andre spanande møte har funne stad. Gjennomgåande har nivået vore høgt, og den mest storslagne opplevinga fann eg i møte med Beaux Arts trio onsdag.

Dei tre utøvarane gjorde velfraserte, velintonerte og sprudlande framføringar uansett om det var Dvorak, Turnage eller Beethovens komposisjonar som sto i fokus. Etter desse balansert virtuose verka var det dessutan forfriskande å oppleva ensemblet sleppa alle hemningar og bryna buehåra i ekstranummeret av Sjostakovitsj.

Etter å ha høyrt denne trioen kom Vogler Strykekvartett i skuggen med sine framføringar av Ravel sin «Strykekvartett i F-dur» og Brahms’ «Sekstett i G-dur». Kvartetten – eller først og fremst fiolinist Tim Vogler – presenterte nokså liktklingande tolkingar av to heilt ulike verk, og skuffa med ein dertil lite kommunikativ opptreden. Til å byrja med aksepterte eg den kjølige og flate versjonen av Ravel som ein mogleg innfallsvinkel til den franske klangverda. Men med same distanserte og nøkterne haldning til Brahms’ verk vart begge presentasjonar ståande att som kalde og inkjeseiande.

Ledige stillinger

I sistnemnde vart det dei innhenta musikarane, bratsjist Tim Frederiksen og cellist Ellen Flesjø, som freista bringa glød til ensemblet gjennom små gestar, mimikk og augekontakt. Intensjonen var god, og liva for så vidt opp deler av kvartetten, men førstefiolinisten spelte nok mest for seg sjølv denne kvelden.

Ung og gamal

På sett og vis var det dei eldre herrar sin festival. Forutan hjå den snart historiske Beaux Arts Trio (som skal leggja opp grunna sin aldrande pianist), fann det musikalske høgdepunktet stad i møte med den 83-år gamle pianisten Lambert Orkis. Som, i følgje med den noko yngre James Primosch, framførte verk av den tilårskomne festivalkomponist.

Men parallelt med festivalen gjekk konkurransen Trondheim International Chamber Music Competition som gjennom veka har samla ei rekkje unge ensemble frå heile Europa. Denne hadde underteikna ikkje tid til å følgja – men det ryktest at nivået var høgt. Ingen 1. pris vart utdelt, men den finsk-norske trioen Arctica Piano Trio (med einaste nordmann i finalen, Anders Kjellberg Nilsson) og tyske Boulanger Trio delte andre pris i konkurransen.

Denne balansegangen mellom ungt og gamalt – både kva gjeld utøvarar og musikk – og dertil ispedde innslag av jazz, elektronika, ungdomsstorband og anna, skapar ein heilt spesiell dynamikk som toppar den dyktige programuttenkjinga til festivalen. Dei to leiarane, Vegar Snøfugl og Sigmund Tvete Vik, fortjener ros for det.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Øyvind Gimse

Jordnær og eterisk Crumb

KONSERTMELDING: Under Trondheim Kammermusikk Festival har ein kunna stifta nærare kjennskap til George Crumb sitt store klangunivers. – Det krevjer...

George Crumb

George Crumb: Om kvalsong og svarte englar

INTERVJU: Ballade er på Trondheim Kammermusikk Festival og har møtt årets festivalkomponist, George Crumb. Den 78 år gamle tonesetjaren har...

Trondheim Kammermusikkfestival, plakat

Unge kammermusikere i internasjonal konkurranse

Trondheim Kammermusikk Festival inviterer til den internasjonale konkurransen TICC. Finalen er på lørdag.

Trondheim Kammermusikkfestival, plakat

I dag starter festivalen

Trondheim Kammermusikk Festival 2007 går av stabelen for 12. gang denne uka. Årets tema er «samspill uten grenser», og festivalen...

Trondheim Kammermusikkfestival, plakat

Konjakkglass, fingerbøl og hvalsang

Nye «instrumenter» tas i bruk når Grammy-vinner George Crumb bringer sitt unike klangunivers til Trondheim Kammermusikk Festival.

Trondheim Kammermusikkfestival, plakat

Samspill uten grenser

Trondheim Kammermusikk Festival arrangeres for 12. gang 24. – 30. september 2007.

Flere saker

Claudia Scott er en av NORA stifterne Foto: Svein Walther Hiis

Ny musikerorganisasjon stiftet

Foreningen NORA skal representere artister og band som selv eier sine innspillinger.

Ea Othilde spilte showcasekonsert på siste kvelden på Bylarm 2023.

En kommende indiestjerne – Ea Othilde på Bylarm 2023

Med poesi i ordene og livserfaring i stemme og fremføring. Ea Othilde er på vei mot noe, mener Ballades anmelder.

Lena Kristin Ellingsen ble Årets musikalartist for rollen som Maria Rainer i The Sound of Music

Årets Musikkteaterpriser delt ut

«The Sound of Music» er årets musikal, og Lena Kristin Ellingsen ble kåret til årets musikalartist. Musikkteaterprisens ærespris gikk til...