Daniela Reyes (Foto: Matija Puzar)

Nærkontakt

KONSERTMELDING: Daniela Reyes gav publikum på Victoria etterlengta nærkontakt gjennom ærlege ord og ei fargerik klangverd.

Kalender

Odd René Andersen med band på Hankø

04/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Rikke Normann på Hankø

05/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Kreativt Mandagsmøte

07/12/2020 Kl. 14.00

Vestland

Daniela Reyes vart tildelt Usbl Jazztalent-prisen på fjorårets Oslo Jazzfestival. Som del av prisen var ein plass på programmet til årets festival. I går viste ho fram det som eg er overtydd om er starten på bøttevis med stor musikk i åra framover.

Reyes er berre 21 år, men har vore gjennom ei lang musikalsk utvikling allereie. Frå ungdomsskulealder dukka ho opp i forskjellige samanhengar med trekkspel, gitar og loopmaskin, og det vart tidleg klart at her har ein med eit menneske som kokar over av musikalitet. Under konserten på Victoria har denne musikaliteten forma noko som klarer å vere viser med stor «V» og rammeverk for kreativ improvisasjon på ein gong.

Daniela Reyes opnar konserten på Victoria med låta «Usikker musiker». Ei passande hymne, må ein kunne seie. Tekstane hennar er kompakte, innhaldsmetta og finurlege. Mange av setningane kan stå aleine. «På kanten av oppveksten forstår jeg bare litt.» «Når verden har blitt til litt mer enn jeg vil». Det er bilete. Men viktigast er måten Daniela Reyes formidlar desse tekstane. Ho har ei direkte kontakt med orda, og fortel oss tekstane like mykje som ho syng dei. Det gav oss som sat med avstand til kvarandre på Victoria ei kjensle av etterlengta nærleik og intimitet.

Daniela Reyes rørte publikum (Foto: Stein Hødnebø)

At Daniela Reyes er ein så sterk instrumentalist, både på gitar og trekkspel, gir ho eit stort repertoar når det kjem til kreativ melodiføring og harmonisering. Eg trur det var denne kombinasjonen av ei talenær tekstformidling som vart musikalsk fargelagt med sterke fargar som var suksessoppskrifta. Reyes hadde invitert med seg nokre av sine favorittmusikarar i bandet sitt – og det er verkeleg eit drømmeband med jazzmusikarar frå øvste hylle. Men ho har heilt klart instrumentert medvite også.

Det kreative lydlandskapet rundt visene får oss til å lytte ekstra godt etter. Eg var innom fleire assosiasjonar på vegen – Tom Waits, Cinema Paradiso, Neil Young. Ikkje at det høyrdest ut som noko av det, men musikalske merker som dette låg spreidd utover musikken.

Daniela Reyes og stjernelaget under konserten på Oslo Jazzfestival: Eyolf Dale (piano), Hans Hulbækmo (trommer), Ole Morten Vågan (bass), Sander Eriksen Nordahl (gitar) og Håkon Aase (fiolin), i tillegg til henne selv på gitar, vokal og trekkspill (Foto: Stein Hødnebø)

Gitarist Sander Eriksen Nordahl spelte ei spesielt interessant rolle i lydbiletet med ei særleg opensinna klangforming. Eit høgdepunkt var då han skar seg gjennom med ein boosta piggtrådgitar oppå den elles så vare bakgrunnen. Eyolf Dale drog nokre utsvevande jazzlinjer midt i eit mellomspel. Og i same låt leika Sander Eriksen Nordahl og Håkon Aase på jazzcountryvis seg over Hans Hulbækmo og Ole Morten Vågan sin våte groove. Lydteknikar Asle Karstad gjorde ein eminent lydmiks – det er så viktig!

Siste låt opnar med ein pianointroduksjon frå Eyolf Dale, som iallefall rørte ein mann litt bake i lokalet der til tårer. Det blir ikkje mindre tårer når Daniela Reyes stryk oss i øyrene med trekkspelet og Håkon Aase kviskrar tonar frå fiolinen. «Vit at nåtid kun blir minner, evigheten vinner. Hold meg fast når jeg forsvinner», syng ho.

Det er sterkt å vere på konsert for tida. Takk, Daniela, for at du greip tak i oss. Håper plata er rett rundt hjørnet.

KONSERT
Daniela Reyes på Oslo Jazzfestival

Medverkande:
Eyolf Dale (piano), Hans Hulbækmo (trommer), Ole Morten Vågan (bass), Sander Eriksen Nordahl (gitar) og Håkon Aase (fiolin). Daniela Reyes på gitar, vokal og trekkspel.

Programomtale: https://oslojazz.no/artist/daniela-reyes/

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev