Er du i nærleiken av Rollag i Numedal, kan du finne denne gjengen spele i middelalderskogen 14. juli!

Dette er jazzfestivalsommarens høgdepunkt

Jazzfestivalar handlar først og fremst om å oppdage noko nytt. Men vi har bladd gjennom jazzfestivalprogramma og peikar deg mot nokre garantert lytteverdige opplevingar!

Kritikk, kommentar og debattJazzMusikken og livet

No startar fellesferien, kronekursen er krank og heitebølga nærmar seg Sør-Europa. Nei, det er berre å bli heime og gå på festival!

Også denne sommaren skin musikkopplevingane mot deg på programma til norske jazzfestivalar. Sjølv om du her får nokre utvalgte høgdepunkt, så er mi sterkaste anbefaling å «surre rundt» på festivalen. Følg lyden, stikk hovudet innom. Det er den beste måten å oppdage «gull». Jazzfestivalar handlar ikkje om dei store headlinerane (tvert i mot har eg som oftast blitt skuffa over jazzlegendene som toppar festivalplakatar). Jazzfestival handlar om å oppdage.

Og med det mangfaldet av småfestivalar som poppar opp over heile Noreg, så blir mitt vidare tips å også oppdage desse! Er du ute på hytta, besøker familie, roadtrip, så sjekk om det tilfeldigvis er ein eller annan festival i nærleiken – sjansen er stor!

Då kan du for eksempel ramle innom Motvind i Middelalderskogen i Numedal, ein heilt unik festivaloppleving i fylgje festivalsjefen Andreas Røysum, som vi intervjua kort tid tilbake.

Tre høgdepunkt på årets Mandaljazz:

30. juni: Bushman’s Revenge – Kraftjazztrioen fyller ti år! Eg såg dei på Vossajazz, og det kokte over – som vanleg med Gard Nilssen bak trommene.

1. juli: Alogte Oho & His Sounds of Joy – ukjent for meg, men etter ein lytt vart det klart – dette er ein fest eg vil på! PS: Dei spelar visst også på Salt i Oslo om du ikkje rekk å kome deg til Mandal!

1. juli: Veslemøy Narvesen Extension – Supertrommisen har teasa sitt komande album med ein nydeleg singel. Når du ser kven ho har med seg til Mandal, så høyrer du allereie klangen.

Tre høgdepunkt på årets Kongsbergjazz:

5. juli: Shakti – Eg surmula litt om legender her i stad, men akkurat John McLaughlin og Zakir Hussain ville eg oppsøkt utan å vore redd for å skuffe. Eit kjapt blikk på youtube syner at dei er spontane og leikne også i oppe i 80-åra.

6. juli: Strönen/Sandsjö/Krüttli – saksofonisten Otis Sandsjö står bak nokre av dei deiligaste beatsa i jazzverda dei siste åra, mellom anna med Y-Otis (som kjem på Oslojazz i år). Frå jazz til hip hop til jazz til hip hop… Høyr på Otis kor vi er i 2023.

6. juli: Guoste Tamulynaite – gjennom eit kort sett i kjellaren på Lufthavna MiR tidlegare i år, klarte Tamulynaite å gi meg eit av årets mest øyreopnande musikkaugeblikk!

Og for all del, stikk på Avanthagen på laurdag 8. juli: Sheriffs of Nothingness + Stina Stjern + Lehn/Snekkestad

Tre høgdepunkt på årets Moldejazz:

18. juli: Østerdalsmusikk revisited – Hedvig Mollestad er ein av dei sterkare Artist in Residence på Moldejazz – og ho har valgt å gjere noko så spennande som å gjenvitje den ikoniske «jazz møter folkemusikk»-plata Østerdalsmusikk – koko! Dette må bli interessant!

19. juli: Horta – Den sterke stemma til Elias Akselsen – midt mellom dei to mest virtuose og leikne musikarane vi har – Ola Kvernberg og Stian Carstensen. Der har du alt du treng å vite.

21. juli: Superspreder – Dette er ein festival i seg sjølv – eg har hittil blitt gira berre av små glimt på diverse sosiale medieplattformer. Og så får du opplevd nokre av dei mest spennande unge musikarane på jazzscena i dag.

Tre høgdepunkt på årets Sildajazz, Haugesund:

Alle konsertane med årets festivalmusiker Paal Nilssen-Love – eg har enno til gode å sjå den mannen spele utan at eg blir fullstendig oppslukt.

11. august: Andreas Røysum Ensemble med Sofie Tollefsbøl – Norges frijazzkronprins med Norges soulkronprinsesse. Eg minnest framleis dansen til ein ENORM versjon av William DeVaughns «Be Thankful For What You Got» med Røysum Party Ensemble og Tollefsbøl på vokal. Kryssar fingrane for at den dukkar opp her også!

10. august: Berit Opheim og Sigbjørn Apeland Velsigna er dagen. Kanskje 2022 si vakraste plate.

Tre høgdepunkt på årets Oslojazz:

16. august: Colin Stetson – verdas største saksofon sluker deg, og du får ikkje fri før sirkelpusten til Stetson når full vertigo.

17. august: Dave Douglas med ny kvintett! Trompetisten sluttar ikkje å leike. Eg har av og til tenkt på han som USA sitt svar på Per Jørgensen. Og så er trommeslagar Joey Baron ei oppleving i seg sjølv!

18. og 19. august: Schemes – kvartett med Norge OG Danmarks hippaste unge. Eg melder allereie at debutplata deira havnar på topplista.

Tre høgdepunkt på årets Blow Out-festival, Oslo, 23.-26. august:

Anja Lauvdal, William Parker og Hamid Drake – Det er umogleg å gi fokus til noko anna enn Parker/Drake når dei set i gong. Heldigvis blir Anja Lauvdal med inn. Hit MÅ vi bli med.

Reolo – Folkemusikk-impro frå øverste hyllereolo. Beklagar. Men seriøst – det er det!

Fariada Amadou, Sofia Jernberg og Tomeka Reid – Kanskje dei tre eg gler meg mest til å høyre av alle i heile sommar – dette er lyttevirtuosar.

 

 

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig). Les mer her.
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Ballade video: Et hundeliv   

Ballade video: Et hundeliv  

Vi går påsketur med Ingrid Lingaas Fossum, Kristine Hovda, Hanne Leland, Smerz, Embla Maria, Aurora, Julie Bergan, Tor Kvammen, Louilexus, Egil Olsen, MÍO og Terravia. 

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio