Motvind-festivalen startar denne veka: – Ei fysisk og mental utflukt
Torsdag 15. juni går festivalen Motvind av stabelen i Oslo, i juli skjer det i Middelalderskogen i Numedal. Vi møtte festivalsjefen på ein av hovudstadens siste ekte barar for ei samtale om kvifor alternativ som Motvind er viktige.
Festivalsjef Andreas Røysum ville møtast på Teddys Soft Bar i Brugata i Oslo – ein bar som barar skal vere, i følge Røysum:
– Ein stad du kan sitje for deg sjølv i stillheit.
– Den einaste musikken er frå jukeboksen. Der må nokon aktivt ta eit val dei betalar for, for å bryte stillheita. Det er ganske hipt.
Sjølv er klarinettist Røysum som så mange jazzmusikarar ekstremt opptatt i masse forskjellige prosjekt. I tillegg er han ein av hovudmotorane i Motvind Kulturlag, og festivalane dei arrangerer denne sommaren.
Motvind har i løpet av dei siste åtte åra etablert seg som ei sentral drivkraft i norsk grenselandsmusikk – mellom jazz, samtidsmusikk, tradisjonsmusikk frå Noreg og heile verda. I dag har dei både festivalar, plateselskap og magasin – snart blir det forlag også. Og det er organisert som eit kulturlag som du kan melde deg inn i.
Torsdag 15. juni går Motvind i Oslo av stabelen, for åttande og siste gong i hovudstaden.
– Det er eit spektakulært program, fortel Andreas.
På programmet finn vi mellom andre pianist Håkon Austbø som spelar Beethoven, Chopin og Egge, Fra det Onde saman med Christian Wallumrød (for første gong), og marrokansk gnawa-musikk frå Asmaa Hamzaoui og Bnat Timboktou. Og ikkje minst over åtti år gamle Christer Bothén som var lærar til Don Cherry på syttitalet (!).
I tillegg blir tre tingingsverk presentert. Jan Martin Gismerviks Tiles på Nynorskens Hus, Skadedyr spelar Ina Sagstuens Dråper på Victoria Nasjonal Jazzscene og John Andrew Wilhite-Hannisdal som framfører Bristol Silence i den store festsalen på Bristol.
– Wilhite-Hannisdal har tatt for seg historien om Bristol Orkester som spelte fast på Hotel Bristol frå 1939, fortel Røysum. – Under krigen spelte dei for okkupasjonsmakten – og etter krigen vart det til KORK. Det er ei veldig interessant historie, og det er spesielt at det har blitt snakka lite om – derav Bristol Silence.
14. – 16. juli er det festival i Rollag kommune i Numedal. Der har dei samarbeida tett med Numedal Middelaldersenter: – Dei vil lage eit område som fasiliterer for vidareføring av gamle handverkstradisjonar, men samtidig open for alle mulige kulturuttrykk. Det har blitt flytta gamle bygg dit frå rundt i dalen. Det er ein uvanleg god match med Motvind – her er det folk som trass i at ideane grensar til galskap, verkeleg har gjennomføringsevne.
– Og musikken vi presenterer er også i høg grad eit tradisjonelt handverk.
Røysum fortel at dei med festivalen vil skape ei meir heilskapleg, annleis oppleving: – Det stenger aldri. Ein kan anten sove i skogen eller leige seg inn på idrettsskolen. Eg har ikkje vore på ein slik festival i Noreg med jazz, samtidsmusikk og folkemusikk, eit kuratert program – som er så avslappa at det er verdt å ta turen berre for det sosiale. Eg trur det kan få med eit anna publikum også.
– Det blir ei mental og fysisk utflukt.
Dei var unge, aspirerande musikarar, men oppdaga at om dei skulle vere med på dette måtte dei vere med å skape eit kulturliv som dei ville vere ein del av.
– Då Motvind vart stifta var det for å plassere oss sjølve i relieff til det vi opplevde som eit kulturliv som i tiltakande grad var prega av tannlaus kommersialisme, rett og slett antisosial strukturering, lyssky sponsoravtalar.
Motvind vil vere eit alternativ til dei store etablerte:
– I fare for å uttrykke meg flåsete – mange av festivalane som eg spelar på kjennes ofte corporate ut. Ein kjem ikkje unna at dei er det til ei viss grad, også for oss, altså. Det er ofte stivt, og det framstår som at hovudfokuset ikkje er på det kunstnariske og sosiale. At fokuset ikkje er å presentere så sterk musikk som mogleg til så mange som mogleg uavhengig av økonomi.
Det er mykje kulare [med] ein femretter der nokon har tenkt gjennom rettane […] i staden for å vere på ein grell buffé med tredve ulike lunkne rettar.
– Ja, ein skal ikkje halde på lenge med ein idealistisk festival før ein går over til å tenke på å auke billettsal og selje øl.
– Det er fint at folk vil halde på med det, men det er utrulig viktig at det finst alternativ. Og når det skal fordelast pengar, må dei vere klar over at det er viktig med eit mangfald.
– Det er fort at idealisme blir forveksla med amatørverksemd, meiner Røysum.
– Vi i Motvind har ønska å betale utøvarar og teknikarar før vi tek ut administrative honorar. Det er først no at vi ser dette kanskje kan vere noko vi også får betalt for. Men eg trur det gjer at vi kanskje har blitt sett på på ein litt anna måte.
Han peikar på at mange arrangement rett og slett har antisosiale rammer:
– Det er ofte dyrt, det er lagt opp til at det er masse forskjellige events i staden for ei heilskapleg oppleving – eg er lei av sånne hyperfragmenterte festivalar som prøvar å teoretisk sett skulle tilfredsstille alle til ei kvar tid.
– Vi har heller for eksempel satt opp kveldar der heile kvelden er som ei dramaturgisk storform. Lagt opp på eit vis som framhever dei ulike kvalitetane i uttrykka, og viser at det ikkje er så store forskjellar mellom antatt sprikande uttrykk.
Røysum kjem med eit bilete: – Det er mykje kulare å vere på ein femretter der nokon har tenkt gjennom rettane og kva som passar saman i staden for å vere på ein grell buffé med tredve ulike lunkne rettar.
– Eg trur oppriktig på at musikken vår har eit stort nedslagsfelt, men eg trur at den ikkje nødvendigvis når ut når vi ser at på enkelte festivalar så kostar enkelt-billettar opp mot 8-900kr. Gjerne for artistar som også spelar hjå oss.
– Det har alltid vore ei oppgåve for oss å nå ut, men eg trur at vi for alvor kan sette det til livs ut i skauen her i Numedal.
I fjor opplevde Andreas at både barnefamilier, eldre folk og ungdommar dukka opp – det var noko av det kulaste av alt, minnast han og påpeikar:
– Det er utruleg viktig å lage møteplassar som ein kan fare på uavhengig av ting som alder eller identitet. Det er ein uting at arrangørar peilar seg inn på spesifikke segment. Så lenge du oppfører deg nokonlunde er du velkommen. Det er viktig både sosialt og for at musikken vi held på med skal ha gode livsvilkår.
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025
Prosjektleder musikk og arbeidsliv
Institutt for musikkvitenskap - UiOSøknadsfrist:22/01/2025