Joikar John André Eira er frontfigur i bandet Gabba. Gabba "smelter sammen elementer fra americana, ørkenblues, folkemusikk, jazz og hiphop med egenkomponerte og tradisjonelle joiker", fortel dei om seg sjølve. I dag slapp dei debutplata, ei plate som i følgje Ballades meldar er ei av årets hittil friskaste. (Foto: Øystein Jensen)

Har du høyrt om viddeblues? Her er Gabbas Spellemann-plate frå 2022

Kombinasjonen mellom joikemeister John André Eira og eit bluesband infisert med tradisjonsmusikk på tvers av kontinent gjer albumet til eit av året 2022s friskaste.

Kalender

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 17:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 21:00

Oslo

In Dulci Jubilo

10/12/2023 Kl. 18:00 - 19:30

Oslo

Gabba: Gabba Denne platemeldinga blei første gong publisert 8. april 2022, då Gabba var fersk / Vårtun (Drengestua).

Platecoveret til Gabbas debutplate, Gabba. (Foto: Drengestua Records)

Du har kanskje høyrt om sjangeren ofte kalla ørkenblues? Ein fusjon av blues, rock og nordafrikansk folkemusikk, representert av mellom andre Ali Farka Touré og band som Tinariwen og Øya-aktuelle Mdou Moctar.

Men har du høyrt om viddeblues?

Her er meldinga frå platedebuten til joikemeister John André Eira, som introduserte Torkjell Hovland og ballade.no for sjangeren:

Assosiasjonen til Tinariwen er for meg umiddelbar i det eg set på plata. Og Eira sin måte å joike på passar uttrykket perfekt – «oi – dette var tøft», seier eg ut i lufta, forfjamsa og glad over den friske nye lydverda som slår mot meg frå høgtalarane.

Gabba er samisk for kvit reinog er namnet på bandet som er eit av mange frå kollektivet Drengestua, nærare bestemt drengestua på Cappelengården i Drammen der musikarane i Gabba faktisk bur i lag – i kollektiv. Bandet Svarte Svaner og folkemusikkduoen Tæladylju er andre band vi kunne lese om frå kollektivet.

Plata opnar med eit klassisk blues-lick frå akustiske stålstrengar i «Luohtejumezagat». John André Eira si røyst bryt inn med overtyding, og lydverda rundt blir større med fleire gitarar, synthar og ei rik perkusjonsavdeling. Lydbiletet er grovt – her er trommeskinnet slapt og bassen nedstemt, gitarane er vrengte på uforutsigbart vis og mikrofonen pyntar ikkje på stemma.

Eira er frå Mazé i Finnmark og vann i 2017 Sami Grand Prix i joikedelen. Nokre år før, i 2014, gav han ut si første plate; Buolvvas Bulvii, solo joik, med produsent Johann Sara Jr. Og også her i Gabba er den slåande – kompleksiteten i joiken, i stemma hans. Han går inn i ulike klangar, stemningar og eksperimenterer med lydane, som igjen blir løfta fram av den intime lydmixen på plata.

Halvvegs inn i plata, på «Dološ Ánddá – Máhtte» får Gabba med seg felespelar Bjørn-Kåre Odde, og endå eit landskap opna

Torkjell Hovland er musikkmeldar og -journalist. I tillegg til enkeltmeldingar skriv han spalta Ballade assosierer (sjå i venstre marg, under «Relaterte saker»). (Foto: privat)

r seg. Vi finn dei i folkemusikktradisjonar på tvers av kloden – konfliktar mellom dur og moll blir leika med, og Gabba badar i dette tonalt tvitydige.

«Mikhellas» er ein hit i femtakt! Trommeslagar Marius Trøan Hansen og bassist Espen Bakke groovar djupt der nede, og får lyttaren til å vogge og legge merke til korleis Eira leikar seg med timing som ein rappar i tradisjon etter MF Doom. Den sløye el-gitaren til Christoffer Mietle Furuheim løftar oss ut i dansen, og brått lét det som om melodien er frå elvedeltaet i Mississippi.

I «Mihkkala – Joavnna» blir riffa store som Muddy Waters. Og sjølvsagt, der kom den – munnharpa! Som den største sjølvfølge. Her blir ingen assosiasjonar utelatt, og Gabba leverer dei med full overtyding. Kva med munnharpe her? JA!

Gabba er nemleg medvitne på det heilskaplege uttrykket i produksjonen. «Eatni» er ein vakker meditasjon der den umiskjennelege klangen av pumpeorgel subtilt snik oss inn i ei melankolsk stemning. Det er sterke øyre for instrumentering som skal til for å spele på dei rette strengane i kjenslespekteret til lyttaren.

Arrangementa er sterke, med flettverk av små melodiar og riff. Ein rik flora av instrument og lydeffektar er innom gjennom albumet. Frå små, intime lydar og kreativ bruk av synth, som ikkje står i vegen frå det tørre, akustiske uttrykket.

Mot slutten får vi «Dalážat», ei mystisk lydreise der Eira si stemme blir panorert frå side til side og filtrert gjennom ein slags walkie talkie. Så kjem forløysinga i avslutningssporet – ein durstemt, feirande «Dálážat» med jovial koring frå medmusikarane.

Gabba si debutplate er ei av årets friskaste. Viddeblues – sjølvsagt!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.