Hopp til innhald
All Ears

VAKA i fri utfalding. Vokalist Daniel Blumberg kasta seg opp på skuldrane til bassist Joel Grip. (Foto: Torkjell Hovland)

All Ears 2023: Frileik i bur

Nok ein gong baud All Ears på tankevekkande musikk, men opplevinga av den sterile festsalen forstyrrer meir enn den tilfører.

All Ears – festival for improvisert musikk
13.–15. januar 2023
Munchmuseet i Oslo

Melding frå fredag 13. januar, der desse produksjonane vart presentert:
Teip Trio with Lene Grenager (NO)
Naoko Sakata (JP)
VAKA – Elvin Brandhi, Daniel Blumberg, Joel Grip, Antonin Gerbal (SE/UK/FR)
Marisa Anderson and Jim White (US/AUS)

– Takk og pris for at eg skal på frijazzkonsert, sukka eg i det eg gjekk gjennom byen på veg mot Munch og overhøyrte dei kjedelige samtalane. Om du er så heldig at du får med deg ein kveld med friimprovisert musikk, og i tillegg opnar øyrene dine for det, så veit du kor befriande godt det kan vere. Det er som ein ferie frå alt det føreseielege i kvardagen – «døllhetens tyranni».

All Ears står i frontlinja i denne kampen mot «det dølle». Då er det synd at ein «døll» svart boks står i vegen for opplevinga.

Teip Trio og Lene Grenager
All Ears er årets første festival for min del, og det gir meining å ha festivalen tilbake til januar etter pandemiutgåver, den siste i mai 22. Det passar liksom så godt å starte året med eit så ope musikkuttrykk som blir presentert på denne festivalen.

Festivalen opna med det einaste norske innslaget denne kvelden. Teip Trio består av klarinettist Jens-Jonas Francis Roberts og dei to gitaristane Arne Bredesen og Nicolas Leirtrø. Som ein raud tråd frå i fjor, då Kristin Andersen Høvin frå gruppa SPUNK spelte eit solosett, hadde Teip Trio i år fått med seg cellisten Lene Grenager frå same legendariske kvartett.

Teip Trio og Lene Grenager kasta seg ut i det, rett på. Det var som om dei først gjekk fysisk til verks på instrumentet, før dei begynte å lytte til lydmaterialet som dei hadde føre seg og laga musikk av det.

Her er det prossessen i skapinga som fengjer meg. Eg prøvar å legge merke til korleis dei spelar på kvarandre, og oppdagar fort at her handlar samspelet om å spele samtidig med kvar sine uttrykk, meir enn det handlar om å reagere på kvarandre. Dette gjer lytteopplevinga særs organisk og lite styrt.

Høgdepunktet er samspelet mellom klarinettist Roberts og Grenager. Dei manar fram nye klangar i instrumenta sine og vever dei i hop. Dei står ut i frå den våte klangen i gitarane. I klarinetten og celloen høyrer vi kvar minste detalj. Og med lydteknikar Stig Gunnar Ringen som sørgjer for ein livelyd som lét som ei ferdig plateinnspeling – det er rett og slett like fascinerande god lyd i år som i fjor.

Samspelet mellom cellist Lene Grenager og klarinettist Jens-Jonas Francis Roberts var eit av høgdepunkta under All Ears 2023, skriv Torkjell Hovland. (Foto: Christian André Strand)

Ledige stillinger

Etter eit kort opphald entrar fargerike Naoko Sakata scenen og helsar på flygelet. Ho er japansk, men har budd i Göteborg i 15 år. Ho opnar med heile flygelets klangspekter, som om ho kastar all malinga utover lerretet før ho går inn og finn formene.

Og det neste som skjer overraskar meg – no blir det harmonisk, og i mangel på eit betre ord: «jazzy». Tankane går fort til Keith Jarrett sine solokonsertar, der han vekslar mellom improviserte songar med harmoniar og melodiar, til heilt abstrakte og ekspressive tankespinn. Det fysiske uttrykket til Sakata blir også ein del av opplevinga. Ho forsvinn inn i håret dess meir ho dansar seg gjennom konserten, og den fargerike kjolen gjer det heile nærast psykedelisk å sjå på.

VAKA står kanskje for kveldens mest «punka» sett. Elvin Brandhi og Daniel Blumberg på vokal, munnspel og elektronikk, Joel Grip på bass og Antonin Gerbal på trommer.

Brandhi og Blumberg driv like mykje performancekunst som å produsere lyd. Blumberg vandrar rundt i lokalet, kastar seg over bassist Grip sine skuldrer og Brandhi legg seg flatt på golvet. Det er ei vilje til å gripe rommet som ligg i desse musikarane.

Sjølv med alt teateret rundt dei, så er det bassist Grip og trommeslagar Gerbal som er verdt heile turen i seg sjølv. Dei set i gong eit groovande kok frå start, og held det gåande i nærare femti minutt. Det er ein enorm suggurerande energi som ligg i spelet deira, og eg voggar fram og tilbake i stolen – i reint kick!

Det var den amerikanske gitaristen Marisa Anderson og den australske trommeslagaren Jim White som avslutta kvelden. Anderson sitt spel gir assosiasjonar til Knut Reiersrud og Bill Frisell, men berre med eit friare uttrykk. Fingrane spring over brettet og vekslar mellom blueslicks og ting som like gjerne kunne vere folkemusikk. Jim White spelar på ein måte som utfyller mykje meir enn berre ei trommisrolle, men utgjer eit større klangrom for Anderson.

Denne gongen kjenner eg at lyden er for høg, eg må inn med øreproppar som dessverre fjernar noko av klarheita i lydbiletet som er nødvendig for å høyre heile uttrykket til gitarist Anderson. Og så skal det seiast at på fjerde timen med friimprovisert musikk er hovudet rimeleg fullt.

Det svarte buret
Seinare i vår skal Munch ha ei utstilling som heiter «Frihetens Former», fortel All Ears-styremedlem Christian Winther frå scena, og det kan bli interessant å sjå musikkens plass i denne utstillinga.

Men eg blir denne kvelden sittande å tenke like mykje på «Frihetens Rammer».

Vi er ikkje fri frå det dølle tyranniet her i Festsalen, dessverre. Nok har blitt sagt om Munch-bygget, om flyplass-stemninga og framandgjerande, grått uttrykk i sjøkanten. Men at dei plasserte eit slags mørkt, sterilt kulturhus der inne og kallar det Festsalen, er framleis like frustrerande. Den svarte boksen med skyveamfi og tekniske rom har sine fordelar i fleksibilitet. Men dette uttrykkslause, sterile gjer noko med viben. All Ears-gjengen gjer sitt beste for å bryte med dette, og plasserer fluktstolar og saccosekkar rundt omkring på golvet, og ved inngangen er det satt opp ei koseleg platesjappe.

Då eg forlot det svarte rommet til klangen av Anderson og White, for ordens skuld før konserten var ferdig, så kjende eg på ein forstyrrande frustrasjon, trass i dei rike musikkopplevingane. Om ein har gode grunnar til å vere på Munch, så skulle eg ynskje at ein kunne ta i bruk resten av huset, og for eksempel plassert Naoko Sakata i monumentalsalen, der fjorårets konserthøgdepunkt fann stad med solokonserten til Jason Moran. Det kan godt vere at det ikkje er «berre berre» å få tilgang på det, men det sterile uttrykket i festsalen forstyrrer meir enn det tilfører noko til musikken.

Det fysiske uttrykket til pianist Naoko Sakata er ein del av opplevinga, skriv Ballades meldar. – Ho opnar med heile flygelets klangspekter, som om ho kastar all malinga utover lerretet før ho går inn og finn formene.(Foto: Christian André Strand) 

Ledige stillinger

Relaterte saker

All Ears Festival, MUNCH, Sanskriti Shrestha & Andreas Wildhagen

All Ears på Munch: Eit fylgje med improvisasjonar frå det minste lydfrø til ei heil verd av klangar

Improfestivalen All Ears tok oss med på innsida av lydane i Munch-museets store konsertsal. Og lydteknikarane Stig Gunnar Ringen og...

Ledelsen i All Ears Foto: Privat

Slik programmeres All Ears

Improfestivalen som holdes denne helgen i Oslo vil utforde publikum med bredde.

16 Bitch Pile Up

all Ears 2008: Velkomponert improvisasjon

FESTIVAL/INTERVJU: Improvisert festival med velkomponert program: all Ears 2008 er over for denne gang, med en rekke konserter som vil...

Stine Janvin på All Ears

Øyrene er opna

Det har aldri vore viktigare med fri improvisert eksplosivitet. All Ears 2020 var ei fire timar sonisk øyreskylling.

Supersilent

God hjul! Improfestival turnerer

Norge Stunt: Nå skal festivalen AllEars sende samme program til tre norske byer.

Flere saker

Kunstnerbrevet

Kampen er ikke over!

INNLEGG: Så var valget overstått. Men vi har en lang vei å gå ennå, skriver Jan Lothe Eriksen.

Stillbilde fra videoen til De Ubrukeliges «Ho vil ha meg»

Ballade Video XXII: Rulletrapp til evigheten

Ekstra tykk utgave med åtte videoer – fra Borknagar til Harald Tusberg jr. og Bugge Wesseltoft. Med to blodferske premierer.

Bendik HK og Ramón, nominert med forskjellig musikk, i henholdsvis kategorien for elektonrisk musikk (eller dance/elektronika, som den heter), Ramon er blant de mange nominerte i «Årets låt».

Spellemann: Disse er nominert etter plateåret 2025

Her er hele lista + dypdykk ved musikken til noen av de nominerte.