Myllarguten

Myllarguten feira i København

Den 18. juni 1862 heldt Myllarguten den fyrste konserten sin i Tivolis konsertsal i København. I alt hadde han fire konsertar i løpet av seks dagar. I samband med at det i år er 200 år sidan Myllarguten vart født, arrangerte Landslaget for Spelemenn i samarbeid med Nordisk folkemusikkomité og Rådet for folkemusikk og folkedans nyleg ein konsert og eit seminar i København for å markere denne hendinga.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Konserten fann stad 11. november og seminaret påfylgjande dag, dvs 12. november. Båe arrangementa føregjekk på Musikkhistorisk Museum. I konserten deltok 3 unge utøvarar frå Danmark, Sverige og Noreg. Fokus var på det individualistiske, i god myllargutånd. Det danske publikummet fekk oppleve noko så sjeldan som solospel på fele og hardingfele.

Dei tre spelemennene Jon Holmén (Sverige), Tove de Fries (Danmark) og Ottar Kåsa (Norge) vekte begeistring, og ein skal ikkje sjå bort frå at dette kan vera ein liten døropnar for at også danskane ser at det er mogleg å sleppe frampå berre ein og ein felespelar, noko som er svært vanleg i norsk folkemusikk, noko mindre vanleg i svensk folkemusikk og stort sett fråverande i dansk folkemusikk. For norske Ottar Kåsa som har vunne yngste klasse på Landskappleiken dei to siste åra, var opplevinga spesiell; han er tipp-tipp-tipp oldebarnet til Myllarguten og bur i Arabygdi der Myllarguten budde mesteparten av sitt vaksne liv.

Seminaret hadde som tema «Bygdekunstneren som forvalter og fornyer av tradisjonen». Her fekk ein gjennom seks ulike innlegg frå dei tre nordiske landa Danmark, Sverige og Noreg retta fokus mot sterke individualistar i dei ulike tradisjonane frå 1800-talet og fram til i dag. Spelemannsrolla er ulik i dei tre landa; Noreg og Sverige har mest til felles med nasjonale «ikon» som Myllarguten og Hjort-Anders, medan danskane sin «individualistiske» tradisjon er mindre synleg. Ikkje dess mindre var seminaret med på å belyse at i alle land har spelemannsmusikken sine frontfigurar som blir svært viktige for ettertida, både som læremeistarar og idol.

I sum var både konsert og seminar og eit viktig steg i retning av sterkare nordisk samarbeid på folkemusikkområdet. Dette var i tråd med intensjonane.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.