Hopp til innhald
Sudan Dudan

Enkel oppskrift

Kva er slektskapet mellom folkemusikk frå Carolina, Niger og Valdres?

Denne veka er duoen Sudan Dudan verdensmusikk-debutantar ved Oslo World Music Festival.
– Vi har aldri spelt ved ein slik festival før, fortel Anders Røine, som spelar gitar, banjo og mandolin.
– Men når vi snakkar om det no tenker eg at det passar heilt strålande!

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

– Samme ånda

Debutplata til Sudan Dudan fra 2006 blei nominert til to Folkelarmprisar, og det er særleg der referansane til amerikansk og afrikansk musikk er tydelege.

I Aftenposten blir albumet skildra som fargesterkt og annleis. Oppfølgaren Kari og Ola frå 2010 «flyter lett og fritt som en klar fjellbekk», ifølge same avis. I programomtalen til Oslo World Music Festival heiter det at Sudan Dudan, der Marit Mattisgard syng og spelar langeleik i tillegg til Røine, har blitt kjend for å blande norsk slåttemusikk med musikk frå ‘‘andre himmelstrøk’’.

Røine vil ikkje seie at dette er hovudprosjektet deira, men referansane til andre himmelstrøk er der heilt klart.
– Eg har hørt mykje på oldtime-musikk frå Carolina, USA, og statane rundt Appalachene og har henta nokre triks derifrå.

Vidare følgte fascinasjonen for ørkenblues frå Niger og Mali då Røine fekk høyre ein kassett ein kjenning hadde fått av ein taxisjåfør i Niger.
— På den kassetten var der nokre utruleg kule grooves, og då eg høyrte det byrja eg å synge slåttar oppå. Den musikken hadde berre samme ånda som slåttemusikken.

Følg Ballade på Twitter

Enkelt og kult

I følge Røine ligger den raude tråden nettopp i grooven. Både slåttemusikken, oldtime-musikken og ørkenbluesen frå Niger er basert på relativt enkle prinsipp.
– Det skjer mykje, men det skjer ikkje på det harmoniske planet, men heller på det rytmiske og suggestive planet, forklarar han.
Røine skildrar oldtime-musikken som forlauparen til bluegrass-musikk, før den blei prega av virtousitet.
– Det er dansemusikk på lokalet uten soloar og slikt. Enklare, men veldig kult.

Slik finn vi kjerna i slektskapet mellom desse stilartane og Sudan Dudans musikk: Enkle, tradisjonelle arrangement med fokus på groove.

Les også:
Valdreslaget vant Oslokappleiken

Uvanleg kombinasjon

Men det er ikkje slik at Sudan Dudan er ei suppe av desse stilartane.
– Det er ganske tydeleg når vi går i ulike retningar, fortel Røine.
Sidan både Mattisgård og Røine har studert musikk frå Valdres er mykje av materialet deira henta derifrå. I tillegg til slåttar spelar dei både ballader og bygdeviser. Dei er også kjende for den nokså uvanlege kombinasjonen av gitarspel og langeleik.
– Eigentleg er det veldig lett å få gitar og langeleik til å klinge fint saman, men eg har ikkje høyrt om nokon som har drive med det før, seier Anders Røine.

Sudan Dudan spelar ved Oslo World Music Festival onsdag.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Valdreslaget vant Oslokappleiken

Valdreslaget i Oslo tok pokal under helgens Oslokappleik.

KirkeBergen domkirke kirkeorgel

Hva hører hjemme i kirken?

I dag åpner Bergen kirkeautunnale for første gang. Den ferske festivalen vil utfordre kirkemusikkbegrepet.

Paal Nilssen Love – Ken Vandermark

Intens ethio-action

Paal Nilssen-Love har reist til Etiopia og fått utfordra seg sjølv. No tek han med seg utfordringane tilbake til oss.

15.000 hørte verdensmusikk i Oslo

Gode besøkstall for Oslo World Music Festival.

Flere saker

Lydmyr Fritz Rangvald Rimala Pettersen og Sten Ove Toft

Lydmyr – nytt bookingselskap vil være fanebærer for den alternative kulturen

Tidligere bookingansvarlig ved Blå i Oslo starter nytt bookingselskap med folkene bak Vaterland Bar & Scene, og skal fylle eksisterende...

Dukkespilleren Helene Byhring Fosheim som skulle gestaltet Amadeus Marcellus Octavian Rosenstjert hadde mistet stemmen

Levende historiefortelling

Eventyret om Telemann er et ypperlig kammerspill slik det framsto under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival lørdag.

Hege Knarvik Sande

Hege Knarvik Sande ny direktør i Danse- og teatersentrum

Den nye direktøren i Danse- og teatersentrum går fra stillingen som generalsekretær i Norsk kulturforum.