Hopp til innhald
Ann Helen Erichsen Belinda Bjørnestad Egeland

Ann Helen Erichsen er nytilsett prosjektleiar for 100-årsjubileet til FolkOrg.(Foto: Belinda Bjørnestad Egeland)

Ann Helen Erichsen skal leie 100-årsjubileet til FolkOrg

I 2023 er det 100 år sidan Landslaget for spelemenn, no FolkOrg, vart stifta, og Ann Helen Erichsen skal leie feiringa av folkemusikkens og folkedansens år.

– Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben, seier nytilsett prosjektleiar Ann Helen Erichsen i ei pressemelding frå FolkOrg. – Eg er audmjuk og stolt over å ha fått denne moglegheita, og skal gjere mitt beste for at vi skal få ei feiring heile miljøet kan kjenne seg att i, og vere stolt av.

FolkOrg har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke rolla og vilkåra sjangeren har i samfunnet. Organisasjonen vart stifta i 1923 som Landslaget for spelemenn, og skifta namn til FolkOrg i 2009, då organisasjonen blei slått saman med Norsk Folkemusikk- og Danselag.

I jubileumsåret 2023 ønskjer FolkOrg å engasjere medlemmer, lag og arrangørar i heile landet for å løfte fram folkemusikken, folkedansen og organisasjonen, og for å nå ut til nye grupper, fortel dei i meldinga.
– Målet er både å engasjere folkemusikk- og folkemusikkmiljø i heile landet med små og store arrangement, fortel Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg, til Ballade.
– Heile Noreg skal vite litt meir om folkemusikk og folkedans når jubileumsåret 2023 er omme. Vi ønskjer å skape møte mellom ulike tradisjonar og sjangrar, og dele av denne skattkista vi har av folkemusikk og folkedans. Dette skal vere folkemusikkens og folkedansens år!

– Vi er veldig glade for å få Ann Helen Erichsen inn i denne stillinga, fortset Dyrnes. – Med solid kulturfagleg utdanning, brei relevant erfaring og ikkje minst stor respekt og entusiasme for folkemusikken og folkedansen, er leiinga av jubileet i trygge hender, seier .

Erichsen har vore dagleg leiar for Farsund Folk Festival i fem år. Ho har lang og brei erfaring som leiar og prosjektleiar både innan kultur og reiseliv, og har til dømes vore kinosjef i Lyngdal og turistsjef i Farsund.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eline Melgalvis overrekker synleg prov på pengegåva til styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Millionar til folkemusikken

FolkOrg har fått tildelt 5,4 millionar frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica til vidare satsing på rekrutteringsarbeid. Tildelinga fører også...

Tuva Færden, Jon Hjellum Brodal, Maja Gravermoen Toresen

Ballade radio: Hvor er folkemusikkbookerne?

Noen må hjelpe oss med å booke turneer. Slik oppsummerer bandet Vrang utfordringene for norsk folkemusikk.

FOLKELARM: Ballade journalist Siri Narverud Moen intervjuer trioen VRANG

Ballades podkast: Folkemusikk nå!

Ballade lager radio med VRANG – som ga oss premiere på nye låter. Hør vår podkast fra Folkelarm 2019.

Monica Ifejilika, Tuva Syvertsen og Benedicte Maurseth

Ballade radio: Folkemusikken tar et oppgjør med språkbruk

Vi starter i mosegrodde holdninger på en landskappleik. Hør Ballade og Magasinet Folkemusikk sin paneldebatt og podkast om språk, kjønn...

Bygdelagssamskipnaden folkedans

Folkemusikk- og folkedansmiljøet tar grenseoverskridande åtferd på alvor: – Vi løyser ikkje eit slikt problem åleine

Følgjer opp #metoo-opprop fra folkemusikk- og folkedansmiljøet med spørjeundersøking, Balansekunsts merkeordning og kampanjearbeid.

Flere saker

Igor Dunderovic

Om flerkultur i musikklivet

Rikskonsertene og Oslo World Music Festival utveksler meninger om flerkultur. Artist Igor Dunderovic har en oppfordring til dem begge.

Levina

Ballade jazz: Synkronisert med sola

Tuba og kantele gir deg sommarens lydspor, sjølvsagt! Og kva er beiggja?

På jobb i 2019: Magnus Lunde fra Palmesus

– Frivilligmangel i hele Europa

Magnus Lund arrangerer en større Palmesus enn noensinne. «Tivoli-Lund» oppsummerer billettsalg og frivilligmangel i konsertsommeren etter pandemien.