Hopp til innhald
Eline Melgalvis overrekker synleg prov på pengegåva til styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

(Foto: FolkOrg)

Millionar til folkemusikken

FolkOrg har fått tildelt 5,4 millionar frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica til vidare satsing på rekrutteringsarbeid. Tildelinga fører også til oppstart av eit nytt prosjekt kor utvikling av unge musikalske leiarar står i fokus.

FolkOrg har sidan 2017 fått tildelt over 4,3 millionar av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Midlane har gått til ei stor rekrutteringssatsing innan folkemusikk og folkedans i Noreg, og så langt har i alt 16 større rekrutteringsprosjekt over heile landet fått stønad. No vidareførast stønaden med 5,4 millionar for dei tre kommande åra.

Rekruttering og skolering av unge, framtidige musikalske leirar
Den nye treårige tildelinga gjer at organisasjonen kan støtte oppom dei allereie eksisterande prosjekta, samt gi nye prosjekt eit føreseieleg grunnlag for langsiktig arbeid. Nytt i år er at ein del av midlane skal gå til eit program for å stimulere til rekruttering og skolering av unge, framtidige musikalske leirar. Prosjektet siktar på å gi deltakarane fagleg og musikalsk utvikling, kor musikalsk leiing står i fokus. Målet er å inspirere og motivere unge, lovande musikarar til å halde fram med musikken og bidra til å halde dei lokale miljøa levande.

– Det er viktig for oss å vere med på å synleggjere det viktige arbeidet som blir gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Det er no den verkelege utfordringa kjem i at rekrutteringsprosjekta er levedyktige på eigne bein, og nye kjem til. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier prosjektansvarleg i Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB, Eline Moe Melgalvis.

– For ei stor og gledeleg overrasking! Vi er svært takksame for at Dextra Musica ser verdien av det viktige rekrutteringsarbeidet som vert lagt ned blant medlemslaga i FolkOrg for å ta vare på og vidareføre kulturarven vår. Eg er så imponert over Sparebankstiftelsen ved Dextra Musica, som gjennom dei rause tildelingane til kulturfeltet tek eit stort samfunnsansvar. At Dextra Musica i tillegg ønskjer å gje støtte til eit program for å stimulere til rekruttering og skolering av unge framtidige musikalske leiarar, gjer det ekstra stas i år, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Dextra Musica og FolkOrg Foto: Thor Hauknes

Fire millioner kroner til FolkOrg fra Dextra Musica

Organisasjonen for folkemusikk og folkedans fekk i år 700 000 kroner til rekrutteringssatsing. Dextra Musica utvidar no tildelinga med støtte...

Tuva Færden, Jon Hjellum Brodal, Maja Gravermoen Toresen

Ballade radio: Hvor er folkemusikkbookerne?

Noen må hjelpe oss med å booke turneer. Slik oppsummerer bandet Vrang utfordringene for norsk folkemusikk.

Monica Ifejilika, Tuva Syvertsen og Benedicte Maurseth

Ballade radio: Folkemusikken tar et oppgjør med språkbruk

Vi starter i mosegrodde holdninger på en landskappleik. Hør Ballade og Magasinet Folkemusikk sin paneldebatt og podkast om språk, kjønn...

Flere saker

Teiporama DKS

En undersøkelsesrobot gir skoleelever en ny utøvende rolle i møte med Den kulturelle skolesekken

En robot ved navn Undre åpner opp for at skoleelever fra hele landet endelig får dele sin opplevelse av Den...

Mette Møller er ny direktør i Fond for utøvende kunstnere

Mette Møller ny direktør i Fond for utøvende kunstnere

Fondets styreleder tar over sjefsstolen fra juni.

Illustrasjonsbilde

Funker honorarsatsen?

Når MFOs arbeidsutvalg møtes 1. april skal anbefalt, minste honorarsats for frilansmusikere justeres nok en gang. Men har den noen...