Hopp til innhald
Dextra Musica og FolkOrg Foto: Thor Hauknes

Fire millioner kroner til FolkOrg fra Dextra Musica

Organisasjonen for folkemusikk og folkedans fekk i år 700 000 kroner til rekrutteringssatsing. Dextra Musica utvidar no tildelinga med støtte for dei tre neste åra.

Under avsparket for prosjekta i rekrutteringssatsinga i FolkOrg fredag 17. november kunngjorde Eline Moe Melgalvis frå Dextra Musica at dei løyver 3 200 000 kroner til FolkOrg for dei tre neste åra, i tillegg til tildelinga frå 2017. Det vil seie at organisasjonen kan fordele midlar til endå fleire prosjekt.

Les også: 700 000 til rekruttering innen folkemusikk og folkedans.

– Det er viktig for oss å vere med på å synleggjere det viktige arbeidet som blir gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier Eline Moe Melgalvis, prosjektansvarleg i Dextra Musica i ei pressemelding.

Tildelinga gjev FolkOrg moglegheit til breiare satsing på rekruttering. Dette vil ikkje berre gagne dei yngste, men ein får også moglegheit til å skape dei gode miljøa som sjangeren er kjent for rundt om i heile landet.

– Rekrutteringsarbeid handlar ikkje berre om barn og instruktørar, men også å skape gode møteplassar for alle som likar tradisjonsmusikk og tradisjonsdans. Ein treng frivillige – både forbilde, dansemusikk, pølsekokarar, nattevakter og mykje, mykje meir. Med andre ord er dette pengar som vil kome heile Folkemusikk-Noreg til nytte, sier Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallaga i organisasjonen i meldinga.

Dextra Musica er eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eline Melgalvis i Dextra Musica og Harald Eikaas i NMF Foto: NMF

Norges Musikkorps Forbund får millionstøtte fra Dextra Musica

Midlene er øremerket Norsk blåsesymfoni, regionskorpsene, Dirigentuka og dirigentkurs.

Valdre Sommersymfoni 2016, Gruppeprøver med blåsere og strykere i Valdreshallen.

Valdres sommersymfoni har inngått avtale med Sparebankstiftelsen Dextra Musica

Avtalen er 3 årig, og har en ramme på 6,3 millioner kroner.

Eline Melgalvis, prorektor Dag Husebø og Morten Wensberg. Foto: Maria Gilje Torheim/UiS

Dextra Musica gir støtte til dirigentprogrammet Opptakt

Dirigentprogrammet ved Universitetet i Stavanger mottok i dag en gave på 450.000 kroner fra sparebankstiftelsen.

FolkOrg og Sparebankstiftelsen Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

700 000 til rekruttering innen folkemusikk og folkedans.

FolkOrg har fått tildelt en gave fra Dextra Musica til et treårig rekrutteringsprosjekt. Søknadsfrist på pilotprosjektene blir i april.

Flere saker

E5c74455 eadb 4ede 846f 3ff5d9f2e372 w

Espen Lind inspirerte norgesaktuelle Soultan

Den første plata den marrokanske artisten kjøpte var nemlig tromsøværingens gjennombrudd, Red. 8. november gjester Ahmed Soultan Kulturkirken Jakob med...

Roy Aulie Jacobsen (UiO), Mari Torvik Heian (Telemarksforsking), Bård Kleppe (Telemarksforsking) og Anja Nylund Hagen (UiO)

Norsk musikkbransje – digitale pionerer i ambivalens

Norsk musikkbransje var blant de første i verden i å omstille seg til digital musikkdistribusjon. Men klarer de digitale pionerene...

Styreleder Ingrid Kindem i NOPA

NOPA: Nok dugnad – vi vil tilbake på jobb!

Det er på tide å sette inn tiltak som sørger for at vi kan gjøre det vi er best på:...