Hopp til innhald

Uro i Tromsø Symfoniorkester

Interne konfliktar er øydeleggjande for arbeidsmiljøet i Tromsø Symfoniorkester. Gjennom fleire år har orkestret slitt med eit oppsiktsvekkjande høgt sjukefråvær, som i fleire tilfelle har skuldast at musikarane har kjent seg mobba på arbeidsplassen. Musikarane gjev no uttrykk for at dei ikkje er tilfredse med korleis leiinga handterer saka. Etter det Ballade kjenner til, syner ei undersøking gjort av Arbeidstilsynet at 20 av 22 tilsette ikkje har noko godt tilhøve til direktøren i orkestret. – Om dette stemmer, bør direktøren vurdere stillingen sin, seier tillitsvald i orkesteret, Heidi Bilsbak til Ballade.

Av Ida Habbestad

Konflikten i orkestret skal ha pågått sidan 2003. Som i mange andre konfliktar er materien komplisert, og det rådar ulike synspunkt på kva som har vore den direkte utløysande årsak til usemja.

Dei fleste Ballade har vore i kontakt med, påpeikar at mykje starta då det kom opp eit krav om stillingsutviding for enkelte musikarar i orkestret. Dei aktuelle musikarane hadde gjennom lengre tid hatt engasjement som vikarar i tillegg til sine faste deltidsstillingar i orkestret. Når eit slikt meirforbruk har pågått i meir enn to år, har ein i følgje arbeidsmiljølova krav på å få det overskytande arbeidet omgjort til fast stilling.

Ein vond sirkel

Tromsø Symfoniorkester er i tillegg til sine faste musikarar, avhengig av å leiga inn tenester frå både Høgskolen i Tromsø (konservatoriet), Kulturskolen i Tromsø samt frilansarar frå heile landet. Grunna denne orkesterstrukturen, hadde ikkje musikarane som stilte krav vunne prøvespel for dei utvida stillingane dei no fekk, og dette vakte prinsipielle reaksjonar hjå andre musikarar i orkesteret.

Dermed var grunnen lagt for den interne spliden i orkesteret. I tillegg meinte musikarane som reagerte på tilsetjinga at situasjonen kunne vore unngått, dersom leiinga med direktør Finn Steffensen i spissen hadde kjent reglementet betre. Vikariata var meint å dekkja fødselspermisjonar – og ved den type vikariat trer andre reglar i kraft. Det fanst imidlertid ikkje kontraktar for vikariatene, og det var vanskeleg å dokumentera kven som hadde rett. Konflikten var soleis manifestert både internt i orkestret og mellom orkestret og leiinga.

Som ein forverrande faktor hadde orkestret i denne perioden dårleg økonomi; dei fekk ikkje den tildelinga som var forventa frå departementet i høve til opptrappingsplanen, og i periodar gjennomførte dei berre små produksjonar. Den økonomiske situasjonen har heile tida vorte forverra av dei mange sjukemeldingane – og orkestret tykkjest med det å vera inne i ein vond sirkel.

Manglande handlekraft

I januar valde fire musikarar i orkestret å gå offentleg ut med saka. Dei rapporterte til avisa Nordlys at dei meinte seg utsette for usakleg forskjellsbehandling, mobbing, trakassering og utfrysing på arbeidsplassen. Vidare fortalde dei at dei meiner leiinga har vist manglande handlekraft, trass i at dei fleire gongar har fått rapportar om mobbesituasjonar på arbeidsplassen.

19. januar skreiv journalist Skjalg Fjellheim at fem tilsette no er langtidssjukemelde eller har permisjonar; tre av dei har varsla at dei ikkje ynskjer å komma attende på jobb når sjukemeldingsperioden er over. ”En sentralt plassert kilde betegner orkesteret som ’på randen av sammenbrudd, et ormebol’ ” skreiv Fjellheim.

Ledige stillinger

Leiinga har ansvaret

Tillitsvald i orkestret, Heidi Bilsbak, meiner mediemerksemda så langt har hatt eit for sterkt fokus på spliden mellom musikarane i orkestret, og for lite fokus på leiinga.

— Når jeg har lest i avisa har jeg reagert, både på at det sies at konflikten har gått ut over det kunstneriske nivået, og at vi er splittet i to fløyer; at det hele begynte med maktkampen. Det mener jeg blir feil, seier Bilsbak til Ballade.

Kan du seia noko om kva du meiner er årsaka til konflikten?

— Det er ikke så lett! Men det er ikke alle som er enige om at det begynte med posisjoner og maktkamp. Det ble holdt et valg der nesten alle av musikernes representanter i styret og i diverse råd og utvalg ble byttet ut. Det var vel her selve konflikten mellom musikerne begynte, og vi var delt i to fløyer som var omtrent like store. Vi var uenige om hvilken vei orkesteret skulle gå kunstnerisk. Organisasjonen var fra før av rotete og uoversiktlig, og det var her ledelsen burde ha ryddet opp raskt.

— Mange mener også at det begynte med ledelsen en god stund før «maktskiftet»; at de kanskje ikke gjorde ting helt rett. Jeg vil ikke rippe opp i detaljer om hva dette var, men det handlet om at vikarer ikke fikk kontrakter slik de skulle ha hatt, og det endte med at folk er sykemeldte fordi de føler seg mobbet. Det har tatt lang tid før konflikten er kommet dit, og vi mener det er ledelsen som har det meste av ansvaret for dette, meiner Bilsbak.

Kan orkesterets modell, med kombinasjonen av musikarar som berre spelar i orkestret og musikarar som har kombinasjonsstillingar med kulturskulen og konservatoriet vera kjelde til problemene?

— Det at vi har gått fra et byorkester til et profesjonelt orkester er ikke bare bare; det har man sett at kan føre til problemer også hos andre orkestre i landet. At vi skulle bli et mer profesjonelt orkester, kan nok være en del av grunnen, men da legger jeg ikke skylda på de som har vært ansatt i kulturskolen. Det er ledelsen som ikke har klart å håndtere det – og det er derfor det har blitt konflikter, seier Bilsbak.

Fleire har forlete stillingane sine

I følgje Ballade sine kjelder, har fleire av dei administrativt tilsette i orkesteret forlete jobben på grunn av samarbeidsproblem. Tidlegare kunstnarleg leiar, Bjarte Engeset, skal ha uttalt at han ikkje fann det mogleg å ha kunstnarleg ansvar slik orkestret vart leia – og at det særleg var økonomistyringa og personalpolitikken han fann problematisk.

Frå orkestret har Ballade òg fått tilgang til ein rapport som den tidlegare produksjonsleiaren i orkesteret, Are Frode Søholt, leverte ved sin avgang. Her kan ein lesa at han meiner orkestret har fått dårleg rykte på seg mellom musikarane i Norge, og at dette ikkje har vorte løyst på ein tilfredsstillande administrativ måte. Han skriv dessutan at han opplever det problematisk at leiinga manglar den nødvendige musikkfaglege kunnskap.

”Tromsø har ikke egentlig et symfoniorkester, men en visjon om å bygge opp et slikt orkester. Dette krever at en i ledelsen har det jeg vil kalle ”kulturgrundere” med autoritet og kunnskap om klassisk musikk og ikke minst strategisk teft mht lobbyvirksomhet overfor myndigheter og aktuelle sponsorer. Jeg mener at orkesteret lider av å ikke ha en administrativ ledelse som innehar en slik grunder-teft og samtidig makter å samle de kreftene som er i miljøet mot et felles mål”, skriv han i rapporten.

— Dette er veldig synd, seier Bilsbak. – Vi har fått på plass dyktige erstattere, men vi hadde en veldig bra kunstnerisk leder og en bra produsent som sier at de sluttet grunnet ledelsen, det tror jeg alle synes er synd. Det har jeg fått skriftlig fra begge, og det har jeg sendt videre til alle i orkesteret.

Heller ikkje musikarane har tillit

I følgje våre kjelder har Arbeidsmiljøutvalet i samarbeid med bedrifthelsetjenesten vore inne og gjort ei undersøking der 20 av 22 tilsette har uttrykt at dei ikkje har noko godt tilhøve til direktøren.

Kva tenkjer du om det?

— Jeg kan ikke si noe annet enn at jeg også har hørt det. Jeg har svangerskapspermisjon akkurat nå, og har ikke fått noe skriflig materiale på dette. Men dersom dette stemmer, at 20 av 22 er enige, viser det at det ikke er to fløyer i alle saker. Jeg tror musikerne er mer samlet enn det ser ut til i avisa. Musikalsk sett har dette halvåret vært et av de bedre vi har hatt. Når vi går på podiet er ikke folk sure og bitre, konflikten synes ikke på utsida.

Kva meiner du om resultatet dersom det stemmer?

— Da bør jo direktøren vurdere stillingen sin, det har han sagt selv også at han gjør hele tiden. Men det er en sak mellom han og styret. Musikernes Fellesorganisasjon er dessuten inne i saken – og jeg har tro på at den kan løse seg, at vi skal få det til, seier Bilsbak.

Avslutningsvis; har du tillit til direktøren?

— Ingen kommentar, seier Bilsbak.

Direktør Finn Steffensen var ikkje tilgjengeleg for kommentar før artikkelen vart publisert.

Det har seinare framkomme at det var Arbeidsmiljøutvalet i samarbeid med bedriftshelsetenesta Ishavsbyen som gjennomførte undersøkinga i orkestret, og ikkje Arbeidstilsynet slik det står i ingressen. Opplysningane om at 20 av 22 tilsette skal ha opplyst at dei ikkje hadde noko godt tilhøve til direktøren, er ein usann påstand.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tromsø Symfoniorkester

Heilskapen er større enn summen av delane

Nordlysfestivalen er den første festivalen som har hatt besøk av samtlege av landets symfoniorkestre. Dette er kanskje ikkje eit mål...

MiN ensemblet

Nordlysfestivalen 2007

Programmet for Nordlysfestivalen er klart, og som overskrift har de valgt 20 år med musikalsk mangfold. Her kan du lese...

Renee Rasmussen/www.musikerorg.no

Fare for streik under Festspillene i Bergen

Etter brot i lønsforhandlingane mellom Musikernes Fellesorganisasjon og arbeidsgjevarorganisasjonen NAVO, er det no klart for mekling. Denne avsluttast ved midnatt...

PNEK – fra prosjektet RAM

Blandede reaksjoner på forslag til Statsbudsjett

Ballade fortsetter å motta små og store reaksjoner på det foreslåtte kulturbudsjettet for 2004, som ble lagt frem i går....

Oslo Filharmonien

Kulturmeldinga om symfoniorkestra, fleksibilitet og kvalitet

Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit eineståande tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Musikarar i orkestra har dessutan ofte andre viktige...

Tromsø Symfoniorkester, gruppebilde (2004)

Tromsø Symfoniorkester: Direktøren tilbakeviser påstander

– Som utgangspunkt for artikkelen er det fremsatt to grunnleggende og alvorlige påstander som er helt feilaktig, skriver direktør Finn...

Flere saker

Anne Lise Frøkedal

Musikkvalget 2021: – Merkelig at populærartister med inntekter utenlands havner helt utenfor

Låtskriver, artist, bandleder – og GramArts styremedlem – Anne Lise Frøkedal snakker musikerøkonomi. Og gir litt kred til minister Raja.

Hilde Bjørkum

Kongens Fortenstmedalje til Hilde Bjørkum

Den tidlegare leiaren av Førdefestivalen får utmerkinga for innsatsen for kultur og folkemusikk her heime og ute i verda.

Ocean Sound Recordings

Musikkindustri i havgapet

Hvordan har et lydstudio på Giske klart å bli tumleplass for musikere som A-Ha, Highasakite og Astrid S?