Hopp til innhald
Svarte Greiner og Thor Olav Fjellhøi

Etterlyser fakta

– Det var naudsynt å auke arrangørstøtta, men å ta midlar frå Rikskonsertane var ingen god idé, seier Thor Olav Fjellhøi frå Norsk Kulturhusnettverk.

I det nye statsbudsjettet vart arrangørstøtteordninga auka med 5 millionar. 3 av desse er omdisponerte frå Rikskonsertane si offentlege konsertverksemd.

Overraska

Kulturdepartementet har teke initiativ til ein gjennomgang av Rikskonsertane si rolle. At midlane vart omdisponerte i forkant av denne, meiner Thor Olav Fjellhøi, dagleg leiar i Norsk Kulturhusnettverk, seier sitt.

— Det overraskar meg at dette kuttet er gjennomført. Med tanke på at det er varsla ein prosess som skal gå gjennom Rikskonsertane si verksemd, er det rart at kuttet vert gjort i forkant av denne. Når det kjem til arrangørstøtta var det naudsynt med ei auking, men det var ingen god idé å ta midlane frå Rikskonsertane. Eg vil seie at dette kuttet sender eit ganske sterkt signal. Om ikkje skjebnen til Rikskonsertane er avgjort allereie, så er det i alle høve varsla endringar.

— Kva forventingar har du til den varsla gjennomgangen?

No ynskjer eg fakta på bordet. Så langt har dette vore ei mangelvare.

Konsekvens for mangfaldet?

Fjellhøi kan fortelje at 80 % av Rikskonsertane sine arrangement går føre seg i kulturhus. I tillegg til å fylle kulturarenaer landet rundt med innhald, bidreg dette også til å skape sjangermangfald. Minka midlar til Rikskonsertane kan difor by på konsekvensar for Norsk Kulturhusnettverk.

— Dei ulike kulturhusa er ulikt organisert, og dermed avhengige av ulike ting. Nokre stadar er det arrangørar som fyller dei med innhald, andre stadar er det Rikskonsertane. Fakta er likevel at 80 % av Rikskonsertane sine offentlege konsertar forgår i kulturhus. Om det vert kutta for mykje i midlane, vil konsekvensen vere at vi ikkje får tilgang til dei landsdekkjande og sjangeroverskridande arrangementa rikskonsertane tek på seg å formidle.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Line Endresen, daglig leder i Norsk Rockforbund

– En seier for Norsk Rockforbund

Norsk Rockforbund er fornøyd med styrkingen av arrangørstøtteordningen.

Rikskonsertene

Rikskonsertens offentlige konsertvirksomhet avgrenses

I budsjettet for 2011 omdisponerer regjeringen tre millioner kroner fra Rikskonsertene til arrangørstøtteordningen. Den ordningen fordeles av Norsk kulturråd.

Rikskonsertene logo

Har de allerede bestemt seg?

Flere mener det ser ut til at Kulturdepartementet har bestemt seg for hvor de vil med Rikskonsertene, allerede før den...

Flere saker

The Sound of North Foto: Soundofnorth.net

50 år med norsk jazz – på 250 sider

Med The Sound of the North oppsummerer italienske Luca Vitali det aller meste av det viktigaste innanfor norsk jazz. Men...

Sara Övinge – Spellemann samtid

Spellemann: Derfor blir prisene for klassisk og samtid slått sammen

Det pågår et opprop om en ny musikkpris etter at Spellemann har gått inn for å slå sammen de to...

Hardhaus er et av de norske bandene som synger på lokal dialekt, i dette tilfellet Drangedalsdialekt. Kort etter lanseringen av plata Prellær a nærmer telemarksbandet seg en million avspillinger på Spotify

De som får folk til å danse sammen

– Det er ikke engang vits å sende en mail innenfor Ring 3, sier «bygderockerne» i Hardhaus. Men band utenfor...