Hopp til innhald

Norsk Folkemusikkformidling: – NRK si Grand Prix-flause

Ola K. Berge driver med artistprofilering og formidling for Norsk Folkemusikkformidling. Han er oppgitt over det han omtaler som manglende respekt, dømmekraft og kompetanse innen folkekultur- og folkemusikkfeltet i NRK, og skriver: – Latvia har som ein ny, gamal nasjon ein heilt annan respekt for eigen kulturarv enn det ein ser i Norge og som manifesterar seg i «kulturinstitusjonen» NRK.

Av Ola K. Berge, Norsk Folkemusikkformidling

Norsk Folkemusikk- og Danselags arrangør- og formidlingsorganisasjon

Norsk Folkemusikkformidling syner til reaksjonane på pauseinnslager i den norske Grand Prix-sendinga, og oppslaget i Dagbladet onsdag 5. mars, «Raseri mot Norge og NRK – Latviere truer med boikott etter Grand Prix-flause» og «…Min mor, som var på besøk fra Latvia, måtte ta nervetabletter etter å ha sett innslaget». At NRK sitt sikker velmeinte latviske folkloreshow ender i ein einaste stor saus med element hovudsakleg henta frå russisk folkekultur overraskar ikkje oss. Tvert imot er det nok eit døme på manglande respekt, dømekraft og kompetanse innan feltet folkekultur og folkemusikk i NRK.

Folkekulturen, og særleg folkemusikk, er ein del av kulturen NRK Fjernsyn aldri har teke på alvor eller teke ansvar for som allmenkringkastar. Det er difor ikkje det spor rart at dei som underhaldningsmaskin dett på rumpa når dei prøver å gå irsk TV og Riverdance i næringa under eit Grand Prix-show. Dei norske TV-sjåarane treng ikkje NRK frykte korreks frå. Dei har gjennom tiår blitt snytt for både norsk og internasjonal folkemusikk og står fram som eit ytterst ukritisk publikum. At det latviske publikumet, derimot, reagerer med sinne og vantru er ikkje vanskeleg å forstå. Dei har som ein ny, gamal nasjon ein heilt annan respekt for eigen kulturarv enn det ein ser i Norge og som manifesterar seg i kulturinstitusjonen NRK. At ein kan trenge nervetablettar for å kome seg gjennom ei Grand Prix-sending, derimot, er vel kjent i begge kulturar.

— Ola K. Berge, artistprofilering og formidling

————————-

Anmerkning fra Ballade-redaksjonen: Om noen av våre lesere skulle ha blitt nysgjerrige på hvordan ekte latvisk folkemusikk og folkekultur arter seg, anbefaler vi disse lenkene, der man både kan lese om – og høre – latvisk musikk:

* http://www.rootsworld.com/reviews/latvia.html
* http://www.latviansonline.com/store/store-folk.shtml
* http://www.cdroots.com/latvia.shtml

Ledige stillinger

Relaterte saker

Melodi Grand Prix 2003 logo

NRF-kritikk mot Grand Prix-showet

– En oppvisning i taktløshet og dårlig timing, sier Stein Andreassen, daglig leder Norsk Rockforbund (NRF), om åpningsnummeret på Melodi...

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Folkemusikkmiljøet: – Vi finner oss ikke i å bli tilsidesatt

– Vi var spente på hvordan TV2s første Spellemann-utdeling ville se ut, og skuffelsen ble dessverre svært stor. Folkemusikken, som...

Folk og Dans 2 (Design: Rita Endestad)

Betre kår for folkemusikken i Kanal 4?

Norsk Folkemusikk- og Danselag, som nylig gav ut presentasjons-CDen «Folk og Dans 2», ber no inn til eit åpent møte...

Halvard Kaasa, NFD

Slåttespel og kveding i kommersiell radio – smal sjanger i ein kjempestor marknad

– Norsk folkemusikk og dans har blitt ein smal sjanger i ein kjempestor marknad med kulturtilbod der det er vanskeleg...

Berit Opheim

Bryggenspelet – folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

– Dette er det råeste programmet for en folkemusikk-festival i Norge jeg har hørt noen gang, sa Steinar Ofsdal, da...

Hardingfele

Folkemusikktimen med halvert sendetid

– Kulturkanalen P2 er snart lik alle andre skvaldrekanalar, seier Jan Lothe Eriksen i Norsk Folkemusikk- og Danselag. No er...

Flere saker

Tord Litleskare

Tord Litleskare til Musikkontoret.no

Den tidligere GAFFA-redaktøren blir prosjektleder og redaktør for Musikkontoret.no, norsk musikkbransjes nye felles digitale ressursside.

Malin Pettersen, Interstate 20, januar

Inspirasjoner: Malin Pettersen velger Susanne Sundfør

Ballade har snakket med sangeren og låtskriveren Malin Pettersen, blant annet kjent som soloartist og fra americanabandet Lucky Lips. Her...

Tellef Kvifte

Fargespill og eksotifiserende akademikere

Det er alltid forbausende å se når teoretisk velskolerte akademikere fremstiller sin egen tolkning av kulturuttrykk uten særlige forbehold om...