Hardingfele

Folkemusikktimen med halvert sendetid

– Kulturkanalen P2 er snart lik alle andre skvaldrekanalar, seier Jan Lothe Eriksen i Norsk Folkemusikk- og Danselag. No er han med på å starte «Aksjonen for NRK P2 som kulturkanal». Bakgrunnen for protestaksjonen er at Folkemusikktimen har mista reprisesendinga på fredagar. – Me er mange radiolydarar som held ut som radiolydarar eine og aleine på grunn av P2 sin profil. Kanalen har – trass i alt – vore den einaste interessante og intelligente radiokanalen for kunst- og kulturinteresserte lydarar i Steinrøysa. Men nå ser det ut til å gå mot slutten – skritt for skritt, skriv Eriksen, som no ber alle kulturinteresserte om å protestere til kringkastingssjef John G. Bernander og kultursjef Turid Birkeland.

Kalender

BACH – HAYDN – BACH

03/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Av Jan Lothe Eriksen, Aksjonen for NRK P2 som kulturkanal

Etter at NRK nå har endra sendeskjema i haust har Folkemusikktimen mista reprisesendinga på fredagar. Som erstatning sender P2 ein reprise på ein halvtime om måndagen. Dette står i kontrast til kva NRK P2 sin programredaktør for musikk, Jorunn Hope, sa i vår: «Som du veit har NRK P2 for lengst utvida sendetida med 100%, slik at folkemusikkinteresserte har ein time tradisjonsstoff å lytte til, bli nyfiken av, lære av – og iblant ergre seg over?» (Kvinten nr. 3/03)

Me er mange radiolydarar som held ut som radiolydarar eine og aleine på grunn av P2 sin profil. Kanalen har – trass i alt – vore den einaste interessante og intelligente radiokanalen for kunst- og kulturinteresserte lydarar i Steinrøysa. Men nå ser det ut til å gå mot slutten – skritt for skritt.

I staden for å sjå breidda og kvalitetane innan alle greiner i norsk musikk- og kunstliv som ein unik ressurs for programskapinga si, ser NRK-leiinga ut til å vere totalt forblinda i eit kjør etter flest mogleg lydarar. Denne blindskapen gjer seg uttrykk i at ein ofrar kvalitet og innhald, djuptpløyande journalistikk, analyserande spesialprogram og breidde i musikkutval, og i staden serverer småprat og lett tilgjengeleg musikk i sjangeren «adult contemporary» – i alle kanalar.

Dersom denne halve reprisetimen berre var ei einskild hending så hadde det ikkje vore noko å skrike opp om. Men når det ser ut til at heile kanalen no vert «reformatert» i retning av allmenne magasinprogram i eitt format der det stadig blir vanskelegare å skilje program frå program og kanal frå kanal, så er det stor grunn til å rope.

P2 har vore lisensfinansierte NRK sitt kulturalibi. Om NRK ynskjer å behalde lisensfinansieringa så må NRK rettferdiggjere dette gjennom å sende noko meir enn skvaldreprogram og lettfatteleg popmusikk, som like gjerne kunne sendast av ein reklamefinansiert kanal: Mellom anna FolkemusikkTIMEN – også som TIME i reprisen.

Dersom du seier deg einig i denne vurderinga, og heller ynskjer meir djuptpløyande spesialprogram for spesielt interesserte på P2 – innan alle sjangrar, så skriv dette i ein e-post til:

Kringkastingssjef John G. Bernander: john.g.bernander@nrk.no
Kringkastersjef Kari Werner Øfsti: kari.werner.ofsti@nrk.no
Kultursjef Turid Birkeland: turid.birkeland@nrk.no

Ballade støtter «Aksjonen for NRK P2 som kulturkanal», og mottar i den forbindelse svært gjerne både innlegg og innhugg. Vi mottar gjerne også en kopi av e-postene som sendes til de overnevnte ansvarlige personer i NRK, og vil i den forbindelse samle disse, og legge dem ut på våre hjemmesider. Alle innspill i saken kan som vanlig sendes til ballade@mic.no.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev