Hopp til innhald

Statsbudsjettet 2005: – Folkemusikk og folkedans ute på sidelinja igjen, meiner NFD

Også Norsk Folkemusikk- og Danselag etterlyser oppfølging av kulturmeldinga . – Kva skal vi meine om denne forma for politikk der kulturministeren ikkje vil ta omsyn til det eit samla Storting seier skal skje? Vi er «såra og vonbrotne» for å sitere ein tidlegare Krf-høvding, seier Halvard Kaasa, styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag.

I lys av Kulturmeldinga og stortinget sin handsaming av denne i vår, er det svært vanskeleg å forstå kulturministeren sitt forslag til Statsbudsjett for 2005. Stortinget ba i vår om «et betydelig økonomisk løft i årene som kommer» for folkemusikk- og folkedanssektoren. Da er det ikkje på langt nær nok med knutepunkts status og 350 000 kroner til ein folkemusikkfestival.

I 1998 ba kulturdepartementet om at folkemusikkmiljøet skulle samordne sine tiltak. Dette har også vore gjentatt av kulturkomiteen. Denne oppfordringa har miljøet tatt og resultatet har me fått ros for i heile det politiske miljøet.

Samstemte mål med konkrete tiltak frå folkemusikkmiljøet, mellom anna med bakgrunn i to utgreiingar som staten har betalt, er presentert for kulturdepartementet og Stortinget. Stortinget sa klårt i frå i vår, men Kulturministeren hoppar over det heile.

I føreliggjande forslag til kulturbudsjett for 2005 er det ingen ting til

* Riksscene for folkemusikk og folkedans, nasjonalt produksjonsmiljø for sektoren

— og heller inga auke til:

* Arrangør- og turnenettverket Den norske Folkemusikkscena,
* Turnestøtte for folkemusikk og folkedans (har stått uendra sidan 1991)
* Eksportstøtte og utanlandsprofilering

— Kva skal vi meine om denne forma for politikk der kulturministeren ikkje vil ta omsyn til det eit samla Storting seier skal skje? Folkemusikksektoren har bruka mykje tid og ressursar på å utvikle gode samordna planar, og no ser det ut som dette har vore eit narrespel. Vi er «såra og vonbrotne» for å sitere ein tidlegare Krf-høvding, seier Halvard Kaasa, styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag.

— Vi som arbeider på fritida med viktige kultursaker forlangar at våre politikarar syner eit minimum av konsekvens i sine handlemåtar. Nåverande kulturminister har aldri gjort noko for å møte eit samla folkemusikkmiljø sine ønskje. I faktisk politikk er denne delen av norsk kultur nedprioritert frå hennar side. Det gjeld både den religiøse folkemusikken, dansen og slåttemusikken, seier Kaasa vidare.

— Vi trenger ein heilt annan kulturpolitikk der folkemusikk og folkedans vert handsama på lik linje med andre kunstnarelge uttrykk, og der det er samsvar mellom det stortinget vedtar og det kulturdepartementet gjer, seier styreleiaren i Norsk Folkemusikk- og Danselag, som no sett sin lit til at Stortinget hugsar kva som blei sagt i vår.

Ledige stillinger

I Kulturmeldinga i fjor haust slo Kulturdepartementet fast at «Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling.”

Under Stortingets handsaming av Kulturmeldinga i vår sa ein einstemmig kulturkomité i sin innstilling at det er «behov for et betydelig økonomisk løft i årene som kommer» på folkemusikk- og folkedansområdet, og at «den økte satsingen må følge flere parallelle linjer, og omfatte rekruttering, formidling, kompetanseheving og videre utvikling». Komiteen var også einstemmig i sin presisering av at den «støtter initiativet for å få i gang ein nasjonal scene for folkemusikk og folkedans».

Kultur- og Kirkedepartementets egen samleside for budsjettfremlegget for 2005, inkludert en rekke pressemeldinger, finner du her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

1000 lapp (Norges Bank)

Statsbudsjettet 2005: «Samstemt»-organisasjonene er skuffet

De sju organisasjonene Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk og Danselag, Gramart, NorgesNettet og Fono startet arbeidet...

Saxappell

Statsbudsjettet 2005: Ikke fem øre til Nasjonal jazzscene

Molde Jazzfestival ligger an til å bli en av statsbudsjettets store kultur-vinnere, med en påplussing på budsjettet på hele 1,...

Unge musikanter, Kongsbergjazz

Statsbudsjettet 2005: Reduksjon for frivillig musikkliv

– Stortinget har bestemt at kulturlivet og idretten skal ha like stor del av overskuddet fra tippemidlene. Idrettens andel er...

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

Statsbudsjettet 2005: – Skuffande statsbudsjett for folkemusikksektoren, seier LfS

– Det er knapt nok smular i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005, skriv Magnar Sundt...

Arnfinn Bjerkestrand

Statsbudsjettet 2005: Reaksjonene fra MFO og Norsk Musikkråd

– Grått og trist kulturbudsjett. Det er leder i Musikernes fellesorganisasjon, Arnfinn Bjerkestrand, sin reaksjon på statsbudsjettet som ble lagt...

Kulturskole i praksis

Statsbudsjettet 2005: – Kultursatsingen forsvinner, mener Norsk Kulturforum

– 115,5 millioner kroner til kulturformål er fjernet i 2005, sier Norsk Kulturforum i sin kommentar til årets budsjettforslag. –...

Flere saker

Musikar Erlend Apneseth

Inkonsekvent frå Kulturdepartementet

Koronasituasjonen: Musikar Erlend Apneseth etterlyser informasjon og svar om honorering etter 1. mai i Den kulturelle skulesekken.

Susanna på Øyafestivalen

Popkunst, kunstpop – eller var det jazz?

Balladepodden diskuterer deler av den norske musikken som gjestet Øyafestivalens større scener.

Heders spellemann til ole ivars

Spellemann uten fele og ku

DEBATT: Spellemann gikk til legen med mageknip, og kom hjem med hostesaft for en brukken fot.