Hopp til innhald

Jan Gunnar Hoff med tingingsverk til Vossajazz

10 år etter den sterke Vossa Jazz-debuten i 1995 skriv Bodøpianisten Jan Gunnar Hoff tingingsverket til Vossa Jazz 2005. Utgangspunktet hans for dette verket er ei veksling mellom struktur og kaos eller sagt med andre ord: definert tematikk og fri improvisasjon. Den 32. utgåva av festivalen går i år av stabelen frå 18. – 20. mars.

— Tingingsverket har fått tittelen «Free Flow songs», der musikken rører seg i ein fri flyt mellom det skrivne og improviserte – og mellom akkustiske og elektroniske landskap. Rytmiske strukturar og mønster vert avløyst av område med stor fridom for dei medverkande musikarane, blant dei den portugisiske songerinna Maria Joao. Målet er eit rikt, frodig og til tider groovy musikalsk landskap, sier Hoff.

Hoff har med «Free Flow songs» ønskja å trekkja musikken sin eit stykke unna den «klassiske» jazzkvartetten som han har brukt på CD-utgjevingane sine. Han har inkludert den svært spanande songerinna Maria Joao i verket, eit val Hoff forklarer slik:

— Maria Joao har ei stemme som gjev store moglegheiter. Ho er eit fyrverkeri av ein artist og eg ønskjer å bruka stemma hennar i stor grad som et instrument på linje med de andre musikarane. Hennar tidligare plater og produksjonar vitnar om utruleg spennvidde både som tolkar av andre sine komposisjonar og reint improvisatorisk. Eg vil prøva å utnytta både hennar eksplosive og leikande improvisatoriske side, samt den lyriske,litt barnlege stemmebruken som er så spesiell.

Besetninga for «Free Flow Songs» er denne: Maria Joao (vokal, vokaleffektar), Jan Gunnar Hoff (flygel, Rhodes, komponist), Ståle Storløkken (tangentinstrument), Mathias Eick (trompet), Eivind Aarset (gitar, effektar), Bjørn Kjellemyr (bass), Rune Arnesen (slagverk, perkusjon), Finn Sletten (perkusjon), Bergmund Skaslien (bratsj) og Ivar Kolve (vibrafon/marimba).

Hoff seier sjølv at han ville ha med seg musikarar som kan ta verket til helt ulike stader.

— Eg vil ha høve til å gå frå det heilt sarte til det eksplosive

Til Vossajazz sine nettsidar seier Hoff dette om valet av nokre av sine medmusikantar:

— Mathias Eick er ein trompetist i svært spanande utvikling, med eit friskt og samstundes moge uttrykk. Han spelar med autoritet no som er imponerande. Gitarist Eivind Aarset har utvikla ein innovativ sound og spelestil som gjev interessante moglegheiter for meg som komponist. Trommeslagar Rune Arnesen spelar tungt, men samstundes lett og har god intuisjon for det musikalske enten det er jazz, rock eller noko midt i mellom.

Bergmund Skaslien er ein artist i grenselandet jazz/ klassisk som Hoff har jobba med tidligare, bl.a på Hoffs verk «Blå sitron» i 2002 for strykekvartett og jazztrio.

— Ivar Kolve er eit stort talent. For å utvida instrumentariet i ein litt orginal retning ville eg ha med vibrafon/marimba. Ein spanande klangfarge, og i tillegg er jo Ivar Kolve en svært dyktig improvisatør, sier Hoff.

Ledige stillinger

Ståle Storløkken på tangentar har ein leidande rolle som improvisatør i Noreg og Europa gjennom sine mange bandkonstellasjonar, Supersilent etc. Han spelar også svært groovy i andre samanhengar f.eks Cucumber Slumber. Båe desse universa er representerte på det nye verket.

Rytmeseksjonen vert komplettert med to av Hoffs musikalske partnarar gjennom mange år, bassisten Bjørn Kjellemyr og perkusjonisten Finn Sletten.

— Det er to musikarar som har betydd mykje for meg, og som alltid tilfører naudsynt rutine og tryggleik i situasjonen, der dette trengs.

Som komponist har Hoff skrive verk for kammerorkester, kor, sinfonietta og andre besetningar, i tillegg til ei rekke verk innen jazz og rytmisk musikk. Det siste verk hans er ei stor jazzmesse til Bodø Domkor som vert framført i desember 2004.

Hoff har utdanning frå Jazzlinja i Trondheim og Noregs Musikkhøgskole, og brukar ulike komposisjonsteknikkar. Han har vore freelancemusikar fra 1979. Han har en variert musikalsk bakgrunn frå klassisk til rock og jazz, og er antakeleg den einaste norske jazzmusikeren som har debutert på en klassisk arena, under Festspillene i Harstad 1992.

— Først og fremst skriver eg det jeg synest let bra, sjølvsagt, men eg har også eksperimentert med tolvtone-teknikk og meire konstruerte forløp. Så blir det å balansera alt dette opp mot dei einskilde musikarane sitt særpreg og heilskapen i framføringa. Ei melodiøs forankring er vel ikkje til å koma forbi, men eg vil prøva å tøya eigne grenser for å skapa kontrastar. Eg er svært fascinert av koplinga mellom tette rytmiske strukturar og det som tilsynelatande er heilt ute av time og kontroll. Her ligg noko av kjerna i «Free flow songs».

Som soloartist har Hoff gjeve ut fire album: «Syklus» (Odin 1993), «Moving» (Curling legs 1995), «Crosslands» (Curling 1998) og «In town» (2003). Eit større intevju med han frå Ballade sitt arkiv er å lese . Meir informasjon finn du óg på www.jangunnarhoff.no, www.mariajoao.org og www.vossajazz.no.

«Free flow songs» vert framført laurdag 19.mars 2005, kl. 18.00 i Voss Idrettshall.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jan Gunnar Hoff (Foto: www.jangunnarhoff.no)

Melodien fra Bodø – Jan Gunnar Hoff i samtale med Torstein Ellingsen

– Idéen kan være et øyeblikks meditasjon i det virkelige liv. Jeg forsøker å finne en stemning eller groove som...

In The Country

Påskeintervjuet: Solskinn, appelsiner og herr Qvenild

Påsken senker sitt småhysteriske tempo over oss, og da er det blant annet tid for Vossajazz. Dit skal også pianist/keyboardist...

The Thing med Joe McPhee

Sterkt haustprogram frå Voss jazzklubb

Det er eit internasjonalt snitt over haustprogrammet til Voss jazzklubb i år. Programmet avslører ikkje at det heile blir servert...

Jan Gunnar Hoff (Foto: www.jangunnarhoff.no)

Jan Gunnar Hoff: Ut av MFO i protest

– Musikernes Fellesorganisasjon har tydeligvis ikke lært av sine feilgrep og framstår i dag i liten grad som en bærekraftig...

Trygve Seim (Foto: Colin Eick)

Trygve Seim skriv tingingsverk til Vossa Jazz 2006

Urframføringa av verket, som har fått tittel «Reiser», vert i Voss idrettshall laurdag 8. april.

Kjetil Møster – All Ears

Begeistret selvskryt fra Vossajazz

Vossajazz har sluppet programmet. Av norske navn er det vel Mari Boine og Terje Rypdal som rager høyest på plakaten,...

Flere saker

Dirigent Martin Wåhlberg og Orkester Nord har vunnet den internasjonalt anerkjente og høythengende Choc de Classica prisen

Den anerkjente Choc de Classica for Ridder Blåskjegg-innspilling

Det er ikke musikken det er noe i veien med, det er måten den har blitt spilt på, sier prisvinner...

Marte Wulff.

Klimameldingen undergraver kulturfeltets rolle i det grønne skiftet 

Regjeringen må slutte å late som om det eneste som kommer fra kunstfeltet er ønsket om en klimakalkulator tilpasset vårt...

Skjermbilde 2022 11 08 kl. 10.55.55

Ballade video: – Jeg vil bare vite alt

Ti ferske og flotte videoer med Anette Askvik, Inge Engelsvold, Sleepyard med Suzanne Ciani, Melt Motif, Ingvild Flottorp, Dylan Mondegreen,...