Hopp til innhald
The Thing med Joe McPhee

Sterkt haustprogram frå Voss jazzklubb

Det er eit internasjonalt snitt over haustprogrammet til Voss jazzklubb i år. Programmet avslører ikkje at det heile blir servert i ein ombygd fraktgodssentral i ei innlandsbygd på Vestlandet med knappe 14.000 innbyggjarar. Musikalsk spenner det frå Alf Prøysens ukjende sider til rock og avantgarde jazz i lukkeleg samspel.

Det heile opnar med Cato Salsa Experience i møte med The Thing og den amerikanske saksofonlegenden Joe McPhee. Konstellasjonen har gjort stor lukke både på Vossa Jazz og Kongsbergfestivalen. Veka etter er Mats Eilertsen på plass med bandet Turanga.

Eilertsen har følgje med den nederlandske cellisten Ernst Reijseger, den svenske saksofonisten Fredrik Ljunkvist og Thomas Strønen på trommer. Turanga leverte i følgje Lars Mossefinn i Voss jazzklubb ein av fjorårets sterkast CDar. Meir internasjonalt blir det når den litauiske saksofonisten Liudas Mockunas møter den danske trommeslagaren Stefan Pasborg i det musikalsk fabulerande kollektivet Toxikum.

— Eit av haustens høgdepunkt er Jan Erik Vold siste prosjekt «Det store svadaåret», fortel Mossefinn. – Her sit sarkasmane laust mildt framført av ein vital Vold på eit musikalsk bakteppe som spenner frå rockabilly til calypso.

Meir poesi vert det når Jørn Simen Øverli samarbeider med saksofonist Rolf-Erik Nystrøm og pianist Helge Lien i programmet «Prøysenvisene som forsvann».

Lars Mossefinn meldar og at det 27. oktober er duka for» groovy gitarjazz i trioformat». Den amerikanske gitarviruosen Charlie Hunter er óg på turné, og legg turen innom Voss og Fraktgodsen.

Konserthausten i Voss jazzklubb held fram med meir gitarmusikk. Då er det duka for den franske trioen ULM med gitaristen Marc Ducret i spissen.

— Siste konsert denne hausten er eit møte med Susanna Wallumrød og Morten Quenild, som i denne samanhengen går under nemninga The Magical Orchestra – eit svært så dekkande namn på den musikalske trollmannen frå Kongsberg, meiner Mossefinn.

Alle konsertane går føre seg i Fraktgodsen. Jazzklubben tilbyr som vanleg sesongkort som gjer at ein kan få med seg alle 8 konsertane for 650 kroner.

— Sagt i ungdommeleg sjargong er dét eit sinnsjukt godt tilbod, sier Mossefinn. Heile haustprogrammet kan du sjå på i detaljar på www.vossajazz.no, som og er heimesida til festivalen med same namn.

Ledige stillinger

Relaterte saker

In The Country

Påskeintervjuet: Solskinn, appelsiner og herr Qvenild

Påsken senker sitt småhysteriske tempo over oss, og da er det blant annet tid for Vossajazz. Dit skal også pianist/keyboardist...

Jan Gunnar Hoff,

Jan Gunnar Hoff med tingingsverk til Vossajazz

10 år etter den sterke Vossa Jazz-debuten i 1995 skriv Bodøpianisten Jan Gunnar Hoff tingingsverket til Vossa Jazz 2005. Utgangspunktet...

Berit Opheim

Vossa Jazz med variert påskemeny

Den 32. utgaven av Vossa Jazz er lagt til 18. – 20. mars, og kan som vanlig skilte med en...

Bertine Zetlitz 2003(Foto: Bertine.com)

Frykt og avsky på Voss

Like sikkert som det er at våren kommer, kommer også Vossajazz. I sitt 30. år og ytterst vital er den...

Gilad Atzmon (Foto: Ivor Jacob)

Gilad Atzmon: Postmoderne musikk fra Absurditetens teaterscene

Få konflikter har preget den vestlige offentlighet etter andre verdenskrig så mye som Midtøstenkonflikten. Midt i Bushs og Blairs tilsynelatende...

Live Maria Rogge

Live Roggen: En dame med mange hatter

De siste årene har Live Roggens karrière fortonet seg som det rene kometløp mot stjernene. I tillegg til hennes duo...

Flere saker

VALGT UT TIL OPPTAKT: Nils Erik Måseidvåg (24) i aksjon med Trondheim Symfoniorkester under prøvedirigeringen 2. desember. Foto: Opptakt/Sven Erik Knoff

En milepæl i norsk dirigentutvikling

En ny dirigentsatsing skal gi Norge flere dirigenter på høyeste profesjonelle nivå. Lanseringsprogrammet Opptakt – for Norges nye dirigenter gir...

Comet kid2

– Ikke akkurat Lydverket

Gode konsertopptak redder nytt nett-tv-prosjekt fra å bare være nok en promokanal, mener Aslaug Olette Klausen.

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum

– Dramatisk kutt

Norsk Jazzforum stiller seg bak New Orleans Workshop og Oslo Jazzforums spørsmål til Kulturrådet om kutt i støtte, og skriver...