Hopp til innhald
Odd Bakkerud, 1931 – 1989 (Foto: Ta:lik)

NRK og Ta:lik gjer ut unik CD med folkemusikk

NRK satsar vidare på norsk folkemusikk. No skal meisterspelemannen Odd Bakkerud (1931 – 1989) med hardingfela fram i lyset med plateslepp ein dobbel-CD. – Dette er eit godt eksempel på at også det heilt oppsiktsvekkande er å finne i arkiva våre, seier arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgard. CDane baserer seg på opptak gjort av NRK i perioden 1959-1971, og kjem ut på Ta:lik.

— Meisterspelemannen Odd Bakkerud frå Nes i Hallingdal dominerte og imponerte på kappleikar frå 1955 og tjue år framover, men lite kom ut på plate.

— Når vi no har inngått eit samarbeid med det unge plateselskapet ta:lik records er det blant anna fordi vi vil presentere ein stor musikar som Bakkerud med dei genuine opptake, men med ein presentasjon og grafisk design som inviterer andre enn det etablerte folkemusikkmiljøet, sier Grevsgard.

Fleire CDar i år
NRK er involvert i ulike samarbeidsprosjekt som fører til CDar med materiale frå folkemusikkarkivet, nokre av dei svært lokale. Men i det samarbeidet som no er etablert med ta.lik er arkiva i NRK i ferd med å legge planer for ei rekkje CDar utover året.

Grevsgard understrekar at det ofte ligg mye arbeid bak å få fram gode opptak.

— I NRK herska heilt fram til 80-talet den merkelige ide at lydband var så dyrt at det måtte brukast om att og om att. Dei originale opptaka var derfor kopiert inn i for eksempel Folkemusikkhalvtimen og deretter sletta. Når vi no har fått henta fram igjen og presenterer ikkje mindre enn 41 opptak med Odd Bakkerud, møter vi ein musikar med ei innleving og ein intensitet som grip tak i alle som ikkje har utstyrt seg med mental hardingfele-sperre.«

Før jul opna NRK ein rein folkemusikkanal på DAB og nettradio, og no lanserer NRK eit samarbeid med plateselskapet ta:lik som skal føre til at meir av det unike materialet som finst i Folkemusikkarkivet kjem ut på CD.

— Eineståande arkivopptak

Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 Cd-ar, og laga to musikkvideoar. Dei har spesialisert seg på å gje ut arkivopptak i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men produserer også nyinnspelingar.

Ta:lik har ein distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, og selskapet er også medlem i FONO.

Plateslepp og konsert for utgjevinga var på Buskerudkappleiken, Nesbyen 8. april.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sigurd Eldegard

Unik plateutgjeving

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD – 40 år etter sin død. Bak...

Jan Beitohaugen Granli

– MEN underslår halve historia

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjons-CDar med norsk musikk. Framlegget til nye CDar vart...

Hallingkast

Folkemusikkkonsert i «Afrika»

Oslo sitt lokallag for folkemusikk – Laget for Folkemusikk – fylte i 2003 hele 100 år. De er det eldste...

Inger Dirdal

– Ikke for utøvere som har Norge som hovedmarked

Music Export Norway fortsetter produksjonen av sin CD-serie til internasjonal promotering av norsk musikk. MEN ønsker seg forslag til spor...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

– NRK har eit særleg ansvar

– NRK har ein særskilt samfunnsmessig verdi som det er eit politisk mål å ivareta, og ei viktig samfunnsoppgåve i...

Radio

Ny NRK-kanal: Alltid Folkemusikk

Syvende desember slapp NRK sin niende kanale på luften. «Alltid Folkemusikk» skal sende uavbrutt på DAB-nettet gg internett. Dette er...

Flere saker

Agnete Kjølsrud fronter gruppa Djerv

Bandet Djerv lydsatte et av verdens største spill: 120 millioner Youtube-spillinger

Høye strømmetall følger samarbeid med skaperne av spill som League of Legends.

Sørveivkonferanse –bookingsjef Johanne Moen andre til venstre

Sørlandets showcasefestival først ut i en tett høst

Sørlandets showcasefestival krymper, men bruker «mellomhøsten» til å teste ut nye konsepter.

– Det er ikke min oppgave å yte rettferdighet overfor kunstneren

Han bestemte seg tidlig for å bruke livet på å skrive om musikk, og har siden gjort nettopp det. Selv...