Hopp til innhald
Unni Løvlid

Grieg til Bangladesh og Jotunheimen

Først skal Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til Bangladesh, deretter går ferden til flere av stedene i Jotunheimen der Grieg hentet inspirasjon fra og materiale til «Norske folkeviser opus 66».

I samband med Grieg-markeringa skal folkesongaren Unni Løvlid og pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky gje konsertar mellom anna i Bangladesh, Jotunheimen og Island.

Dhaka
Det er i år 100 år sidan komponisten Edvard Grieg gjekk bort, men han er framleis aktuell, både som komponist og humanist. I fjor var Bangladesh eit av dei landa som markerte Ibsen-året sterkast, og no står Grieg for tur. Center for Asian Theatre har i samarbeid med UD og den norske ambassaden i Bangladesh tatt initiativ til ein konsert 18. mai med dei norske musikarane.

Saman med skodespelarar og musikarar frå Dhaka vil dei presentere utdrag frå «Peer Gynt» og «Norske folkeviser opus 66». Dei vil og gje ein barnekonsert med Grieg sin musikk i regi av organisasjonen Kachi Kanchar Mela, samt møte studentar og lærarar på Dhaka universitet.

Jotunheimen
Deretter skal Løvlid og Kwetzinsky ut på ein lengre turné til stader i Jotunheimen der Grieg henta inspirasjon og materiale til sine «Norske folkeviser opus 66», slik som Luster, Turtagrø, Lom, Eidsbugarden og Vetti i Årdal. I tillegg skal dei gje konsertar på Fossli ved Vøringsfossen (der Grieg sat og skreiv sitt opus 66), Leirvassbu, Spiterstulen, Troldhaugen, Oslo Grieg Festival, samt to konsertar på Island. Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66.

Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.

Musikerne
Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force. Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i fjor kåra til «Årets folkemusikkartist» på Folkelarm. Kwetzinsky er aktiv som konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene sitt lanseringsprogram Intro-klassisk.

Konsertoversikt:

* 17/5 – Dhaka/Bangladesh
* 18/5 – Dhaka/Bangladesh, The British Council
* 16/6 – Luster, Fjordstuen (opning av Grieg-utstilling)
* 17/6 – Eidfjord, Fossli hotell
* 22/6 – Luster, Turtagrø hotell
* 23/6 – Vang, Eidsbugarden hotell
* 24/6 – Årdal, Vetti gård (Nasjonalparkfestivalen)
* 4/7 – Siglufjörður/Island (Siglufjörður folkemusikkfestival)
* 5/7 – Hafnarfjörður/Island, Hafnarborg
* 21/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag og konsert, Gardmillom)
* 22/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag, Gardmillom)
* 23/7 – Lom, Spiterstulen
* 24/7 – Lom, Leirvassbu
* 27/7 – Oslo, Nasjonalgalleriet (Oslo Grieg Festival)
* 4/8 – Bergen, Troldsalen (Troldhaugens sommarkonsertserie)

Dette i følge en pressemelding.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Leif Ove Andsnes 2006 (photo: Simon Fowler)

Andsnes i Bærum, Oslo, Wien og Baden Baden

Med tre konserter i Osloregionen i mars, er det rikelig anledning til å oppleve Det Norske Kammerorkesterets første gjesteleder sammen...

Edvard Grieg (foto: Ulriken.no)

TSO: Grieg med Brahms og Schumann

Med kveldens konsert er Trondheim Symfoniorkester først ute av de norske orkestrene med å markere at det i år er...

Ada Meinich 1 (Foto: Karsten Meinich)

Dramatisk og lidenskapelig avslutning

– Det blir ikke klassisk musikk å sove til, det blir dramatisk og fullt av lidenskap!, forteller Ada Meinich (26)...

Edvard Grieg (foto: Ulriken.no)

Edvard Grieg minnes med lydkunst

Norsk kulturråd har nettopp gitt ut årets første nyhetsbrev. Ballade har her sakset tre notiser fra nyhetsbrevet, der du kan...

Schouskvartalet (artiktekttegning, 2006)

Styret i Riksscenen med sitt første møte

Unni Løvlid valgt som nestleder, stillingen som daglig leder utlyses med målsetning om tilsetning før sommeren.

Unni Løvlid – Vita

Unni Løvlid – Vita (Heilo, 2006)

I dødens tempel er den ene, nakne gjenklangen av den livets vilje vi alle utfolder i hverdag og fest.

Flere saker

Notto Thelle, Einar Idsøe Eidsvåg og Hilde Marie Holsen Foto: Thomas Kolbein Bjørk Olsen, Berlinkontoret.no

Må til utlandet for å finne publikum

Den tyske festivalen CTM har presentert elektronisk eksperimentell musikk siden 1999. I år startet Music Norway et langsiktig samarbeid med...

Under Music Norways sommerfest mandag 2. juni på Pigalle i Oslo, overrakte Frang stipendet «Det var her det begynte» – og det var for henne aldri noen tvil om hvem som skulle få det.

Gir æren for sin internasjonale suksess til Barratt Due

Fiolinist Vilde Frang, nylig kåret til «Årets Internasjonale Suksess 2024» under Spellemannprisen, retter en rørende takk til sitt musikalske opphav:...

Illustrasjon play og høytaler

– Lyd gjenvinnes ikke ved tegneprogram

– Det er grunn til Hifi-skepsis, mener professor ved institutt for i informatikk ved UiO, Sverre Holm. Han mener likevel...