Som aktiv songar, songpedagog og stemmeforskar er eg grunnleggjande oppteken av at norsk operakunst skal utvikle seg, og at vi skal ta i bruk diktarar som Fosse i val av librettist. Men korleis kan komponisten jobbe med sterke tekstar, spør Kåre Bjørkøy.

Fra "NORA - too late" Foto: Cathrine Sørensen

Vi treng ny musikkdramatikk for at kunstforma skal utvikle seg, og vi treng norske produsentar som satsar på dette. Derfor var initiativet frå Nordnorsk opera djervt då dei tinga kammeroperaen ”NORA- too late”.

Samtidig har verket, med libretto av Jon Fosse og musikk av kinesiske Du Wei, nokre utfordringar. Å formidle tung og sterk tekst gjennom opera vert sjeldan vellykka, fordi det er rett og slett er vanskeleg å formidle slikt frå operascenen.

Samtidig meiner eg at Fosse-tekstar kan vere gode utgangspunkt for opera, nettopp fordi han er så musikalsk som diktar. Etter å ha opplevd ”NORA – too late” under oppføringa i Trondheim, vil eg gjerne reflektere litt kring dette.

Kåre Bjørkøy Foto: Nordic Song Festival
Kåre Bjørkøy Foto: Nordic Song Festival

Å gjenta noko
I ”NORA- too late” har Jon Fosse dikta vidare på korleis det gjekk med Nora og ektemannen Torvald Helmer etter at ho brått reiste frå han og dei små borna. Ibsen si Nora drøymer om at det ”vidunderligste” skal skje; at ho og Torvald skal endre seg ”således at…. Samliv mellom oss to kunne bli et ekteskap”.

Fosse let rollefigurane opptre som både den eldre og den yngre Nora; medan Torvald møter ein karikert versjon av seg sjølv i ein commedia dell’arte-figur som ”fylgje”; eit norrønt fenomen som varslar lagnaden. Dessutan kjem ei ”yngre kvinne” etter kvart inn, for det blir ho som tek over den tomme plassen etter Nora i familien.

I Fosse sin libretto vert ord og vendingar prøvd, vekta og omskaka; tema vert vridde og vrengt og innprenta i oss som tek imot. Liksom Ibsen går ikkje Fosse av vegen for å stille avgjerande og nærgåande spørsmål om evige tema som livslykke og om korleis egoisme og lengt etter personleg fridom har sin høge pris.

I operaen opplever vi at dette er krefter som styrer både Nora og Torvald, og som kan øydeleggje for samliv og ekteskap. I møtet med Fosse sin tekst har eg lett for å assosiere form og verkemiddel med musikalske former som rondo, ostinat, leiemotiv og variasjonar. Dette er kompositoriske former som ofte handlar om å gjenta noko. Dette er særdrag hjå Fosse som ein burde vente at komponisten ville dra nytte og inspirasjon av.

Stillstand og knugande stemning på scenen
Det hender ikkje mykje i denne operaen, og stillstand er eit nøkkelord. Songsolistane kvernar rundt dei same spørsmåla, og rollefigurane kjem seg liksom ikkje ut av konfliktane med seg sjølv og dei næraste.

Korleis kler Du Wei sin musikk denne librettoen? Eg opplevde at musikken i ”NORA – too late” har lite av framdrift i seg. Det kan ein òg seie om Fosse sin tekst. Men å komponere ”seint” slik Fosse-teksten kryp framover er ikkje identisk med å komponere monotont. Å møte Fosse sin tekst krev at komponisten lyttar annleis til denne teksten enn til all annan tekst. I Arvo Pärt sine komposisjonar møter lyttaren ein minimalisme som liknar den som er så karakteristisk for Fosse.

I ei kammermusikalsk ramme kunne denne operaen ha fungert betre, for det kunne ha opna for meir spennande og variert uttrykk både frå scene og orkestergrav.

Stilla og kontemplasjonen får råde, og det skaper eit sterkt uttrykk. Du Wei som komponist råka ikkje den same nerven, etter mitt syn. Når orkesterklangen frå eit heilt symfoniorkester vert for tjukk i opera, går dette ut over den akustiske balansen mellom orkestergrav og scene. I Du Wei si orkestrering var balansen ofte god, men mykje av æra skal dei gode songarane ha. Dei bar stort sett godt ut. Likevel vart formidlinga av teksten vanskeleg fordi store delar av songpartia til dei kvinnelege songarane låg i ein einsidig høg tessitura (tonalt omfang, red. anm).

Operaformatet kan lett bli for stort når så djup og krevande tekst skal formidlast. I ei kammermusikalsk ramme kunne denne operaen ha fungert betre, for det kunne ha opna for meir spennande og variert uttrykk både frå scene og orkestergrav. Librettoen til Fosse stiller store krav til både utøvarar og publikum. Nyansane, timinga i replikkane, det vare og prøvande i det verbale krev at komponisten nyttar eit format og ei orkestrering som er avstemt med dette særeigne språket. Berre i avslutningssekvensen kjem det fram eit par korte glimt av noko vart, nake og nærsøkt, der orkesteringa er strippa ned og der songarane endeleg får rom til å vise eit inderleg og kommuniserande uttrykk.

Fra "NORA - too late" Foto: Cathrine Sørensen
Fra “NORA – too late” Foto: Cathrine Sørensen

Korleis spele Fosse på operascenen?
Opera er musikkdramatikk, der det er rom både for symbolsk og realistisk uttrykk. Her prøver regissøren å etablere eit symbolsk uttrykk, som er svært utfordrande, Dei fem songarane glir fram og attende i det sceniske rommet meir som brikker i eit spel enn som levande menneske Noko livlaust og apatisk legg seg over scenebildet, og dette inntrykket vert forsterka av svart-kvite og tidlause kostymar.

Scenografien er visuelt vakker , med tynne slør som lyfter og senker seg framom og bakom songarane. Menneske som lever med synlege og usynlege slør mellom seg kan dårleg kommunisere med kvarandre. For meg vart bruken av desse sløra i overkant distraherande, og eg kjende at slør stengde for den verbale kommunikasjonen. Det er viktig å sjå ansikt og munn på den som vil fortelje deg noko.

Tekstmaskin i opera er nok komen for å bli.

Fosse på engelsk i norske operasalar
Skal Jon Fosse først presenterast gjennom ein operalibretto, er det skuffande at dette må skje på engelsk i ein norsk operasal. Tekstmaskin i opera er nok komen for å bli. Men hadde songarane valt å framføre Fosse sin tekst på norsk i denne operaen, trur eg formidlinga og opplevinga hadde vorte mykje sterkare.

Eg har sjølv vore med og framført mange operaer med italiensk eller fransk tekst med tekstmaskin, men eg har aldri lika at eg som formidlar misser kontakt med publikum i periodar der fokuset deira flyttar seg jamt og trutt mellom tekstremsa og scenen. I ”NORA – too late” burde produksjonen ha vore tilpassa eit norsk publikum, sjølv om verket vart uroppført på engelsk i Kina for eit år sidan.

Jon Fosse sin libretto får oss til å kjenne kor tidlaust ”Et Dukkehjem” kjennest i dag. Komponisten Du Wei maktar sjeldan å tilføre denne librettoen eit musikalsk uttrykk som matchar. Både dikta og dei dramatiske tekstane til Fosse bør inspirere komponistar i inn- og utland. Men dette er tekster der komponistar kan å lytte seg inn i hans språklege verd.

Nordnorsk Opera skal ha ros for eit djervt initiativ når dei tinga denne operaen. Valet av tema og koplinga mellom Ibsen og Fosse var spennande. God timing vart det iallfall å presentere verket same haust som Jon Fosse så fortent kan ta imot Litteraturprisen frå Nordisk Råd.

Kåre Bjørkøy, professor, NTNU

Publisert:

Del: