Hopp til innhald

Korklang frå ein annan vinkel

Det Norske Solistkor opna sesongen med sterke damestemmer. Og duoen Vilde og Inga lærte oss å lytte til korklangen frå ein annan vinkel.

Gjestedirigent denne kvelden var svenske Cecilia Rydinger Alin. Ho er ein av Sveriges mest renommerte dirigentar, og er i tillegg rektor ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Med seg til solistkoret hadde ho teke med eit repertoar som på ulike måtar teikna klanglege bilete av vinteren.

Konserten kalla dei «Vinterspor», men det er ikkje den vinteren du ser på omslaget til den typiske Classical music for the winter season-samleplata. Vinteren som ramma inn Margaretakyrkan denne kvelden var både våt, grå og mørk. I Oslo sentrum kryp kulda oppunder jakka og gatelysa klarer på underleg vis berre å gjere det mørkare. Kunne solistkoret romme også denne vinteren?

Litt lenger ned i gata finn du scena Hærverk som husar impromusikarar kvar veke. Korverda og friimproverda står kanskje vanlegvis longt frå kvarandre, men denne kvelden skulle det vise seg at dei eigentleg var av same verd.

Dei siste åra har duoen Vilde og Inga markert seg på fri-improscena. Mellom anna med debutalbumet Makrofauna på ECM. Den vidunderlege utgjevinga Silfr (SOFA 2017) er obligatorisk i platehylla.

Heilt ukjende for koret er dei ikkje. Dei to er nemleg også ein del av Ensemble Allegria, som har spelt med solistkoret ved fleire anledningar dei siste åra.

Det Norske Solistkor med Vilde og Inga (Foto: Det Norske Solistkor)

Klanglege glasmåleri
Det er den klokkeklare klangen av dei tette akkordane i Veljo Tormis’ «Talvemustrid/Winter Patterns» som opnar konserten.

Med stemmematerialet i Solistkorets rekker, ligg moglegheiter til å opne opp andre rom i musikken enn i dei fleste andre kor. Stemmene har ein vanvittig klangrikdom som grip inn i oss. Overtonane opnar opp heile spekteret i kvar akkord og dannar klanglege glasmåleri.

Det Norske Solistkor (Foto: Det Norske Solistkor)

Akustikken i Margaretakyrkan er både varm og kald, og passar klangen av damestemmene perfekt.

Dei skarpe istappane i fortepartia – sopranane spelte på trommehinnene. Varmen i det vare – det var som det kviskra i øyret.

Rydinger Alin balanserer mellom det sterke, trygge og det lette, audmjuke gjennom heile konserten. Ho lét det vere lett på dei rette plassane, og let klangen sleppe så han sprett i lause lufta.

Ledige stillinger

Ho utnyttar moglegheitene som ligg i dynamikken innad i koret, og løftar fram nye element heile vegen. Til tider kunne ein høyre og skilje ut kvar enkel stemme.

Etter Sven-David Sandströms «Qui tollis» og «Osanna» tok klangen av kontrabass og fele brått over lydbiletet.

Koret mellom strengane
Takk og lov for at det ikkje var applaus i mellom. Det var heilt avgjerande.

Vilde og Inga tok tak i korklangen og plukka han frå kvarandre. Fragment av korsong. Det lét som røyken frå bålet eller snøen før han landar. Vektlaust. Men det kjendest ut som same materialet.

Å høyre kor er å høyre menneske. Det er ei heilt unik oppleving. Det blir nært og kroppsleg.

Då vi kom til Arne Nordheims «Silver Key» lét koret annleis. Vilde og Inga hadde teke tak i musikken frå stemmene og flytta lyttinga vår til ein annan vinkel.

Det var to kor på denne konserten. Solistkoret og det koret Vilde og Inga mante fram mellom strengane.

På duoen sitt strekk etter Nordheim hadde dei fått ein annan klang. No lytta vi til strengeklangen på same måte som songen. No var det strengeklangen som var kroppsleggjort.

Det var denne symbiosen som gjorde heile konserten for meg.

Vilde og Inga (Foto: Det Norske Solistkor)

Slike konsertar er med på å opne øyrene og fjerne øydeleggande ord som «smalt» og «utilgjengelig».

Gjennom ei slik blanding av dei ulike uttrykka får publikum oppleve at musikken er av same klangverd. Dannande, om eg tør seie det.

Del to av programmet opna med finske Einojuhani Rautavaara sitt «Suite de Lorca», der ryttaren i Lorca sitt dikt blir mant fram gjennom solistkorets rytmiske presisjon.

Men høgdepunktet kjem med Vilde Sandve Alnæs sitt spel opp på Helena Tulves «The silence of the forest».

Måten ho veksla mellom å stå aleine som kontrast og å la seg smitte av koret var meisterleg. Ut av Sandve Alnæs sin leik med glidande, skeiv tonalitet opp mot solistkoret sine reine klangar, kom ein uverkeleg klang.

Som avslutning får vi Karin Rehnqvist si bearbeiding av salmen «I himmelen».

No har to av songarane gått opp på galleriet for å «lokke». Folketonen går jamnt framover, medan lokk-innsatsane blir kasta rundt utan at det eigentleg skal skje noko meir. Det er ei ro som legg seg over oss.

Solistkoret vil sende oss ut med diktet «Ljusfälten» av Edit Södergran – «Jag har krafter. Jag fruktar ingenting».

Det blir litt lettare å gå ut i vinteren etter varmen i Margaretakyrkan. Musikken lærer oss å lytte på nytt. Gong etter gong.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Grete Pedersen

Grete Pedersen får fem nye år i Solistkoret

Styret i Det Norske Solistkor har fornyet åremålsavtalen med sin kunstneriske leder, professor Grete Pedersen, i fem nye år fra...

Det Norske Solistkor

Fransk pris til Det Norske Solistkor

Bach – The Motets kåres til «Årets album» av det musikkmagasinet Diapason. Her forteller de mer om arbeidet med albumet.

Det norske solistkor Foto: Bjørn Bertheussen

Diapason D’or til Det Norske Solistkor

Mottar den prestisjefylte utmerkelsen av det franske magasinet Diapason for albumet Bach – The Motets.

1971079598 dd09a65d8a z

Savner eksportstrategi for samtidsmusikk

Det smale musikkfeltet kan lære av Alan Walkers suksess, mener Music Norway.

Inga & Vilde Foto: Lindemans legat

De Unges Lindemanpris til Vilde & Inga

Duoen «skaper både foruroligende og ekstremt vakker musikk», skrev Lindemanprisvinner Sidsel Endresen i begrunnelsen for valget av Vilde & Inga....

Vilde & Ingas forestilling «Lydforskerne» under Barnas Ultimadag

Barnas Ultimadag jakter på de minste lydene

Utøverne finner de områdene der språket i samtidsmusikken overlapper med språket i barns lek, og gjør god nytte av det,...

Flere saker

Vossa jazz prisen 2020 – delt ut april

Vossa Jazz-prisen 2022 til komponist og akkordeonist Irene Tillung

Tradisjonsrike Vossa Jazz er tilbake på sporet med festival i palmehelga etter avlysing i 2020 og haustutgave i 2021. Laurdag...

Poet, sangdikter og musiker Trygve Skaugs norske musikalske forbilde er Øystein Greni. Han har aldri sett Greni eller Bigbang live. Men han tror det kanskje er Øystein Grenis skyld at han har så mange denimskjorter.

Endelig fikk Trygve Skaug oppleve Øystein Greni på scenen

Her er historien om hvordan Trygve Skaug først savnet, men nå endelig har opplevd Bibangs Øystein Greni på en scene....

EGIL OLSEN: Between Two Stools

Ballade video: Sanger om å være en raring

Vi ringer inn Halloween med Mayflower Madame, Egil Olsen, Embla & The Karidotters, Deathman, Rule Of Two, Contrarian, Damokles og...