Runar Gudnason og Emil Lewe blir rap-lærarar på Møre folkehøgskule frå hausten av. – Det handlar om å bruke språket som musikk for å uttrykke seg sjølv, mens ein både har det kjekt og blir litt klokare på seg sjølv og verda rundt seg, seier Runar Gudnason, rap-veteran frå Side Brok og Sirkel Sag. (Foto: Privat)

Møre folkehøgskule opnar rap-linje med Runar Gudnason og Emil Lewe til hausten

– Det er heilt opplagt at vi må ha ei raplinje her. Rimkunsten til Ivar Aasen lever vidare i dagens diktarar, rapparane i Side Brok, Sirkel Sag og Louilexus.

Kalender

Lørdagsopera: Jussi i våre hjerter

02/03/2024 Kl. 18:00

Oslo

KvarTettPå 2024 – Ravelorama 

02/03/2024 Kl. 14:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

02/03/2024 Kl. 19:00

Oslo

Rektor ved Møre folkehøgskule, Rune Hovde, er heilt tydeleg på at deira folkehøgskule skal ha eit rap-tilbod til elevane, og har stor tru på at den nye linja kan bli noko heilt for seg sjølv.

Rune Hovde, rektor ved Møre folkehøgskule (Foto: Møre folkehøgskule)


– Ørsta/Volda har lange og stolte tradisjonar for dikting, språk og musikk. Det finst mange musikklinjer på norske folkehøgskular, også eit par som driv med hip-hop, men ingen linjer som er så reindyrka rim-, rytme- og rapfokusert som denne, og med ekte rapparar som lærarar.

Og ekte rapparar blir det. Runar Gudnason, kjend frå Side Brok og Sirkel Sag, sit i styret til Møre folkehøgskule. Han er initiativtakar til den nye linja, og vil ta del i noko undervisning og tilrettelegginga av skuleåret, oppgjer folkehøgskulen. Som fast linjelærar har Gudnason fått tak i ein annan ekte rappar, voldingen Emil Lewe frå duoen Louilexus. Lewe er utdanna grafisk designar og illustratør frå Kunsthøgskolen i Oslo, men no flyttar han altså heim for å vere raplærar på fulltid, fortel dei.

– I dag er rap ein ekstremt brei og mangfaldig sjanger, og det er flott. På linja vår kan ein lage tradisjonell skryte-rap eller meir moderne og melodiøs rap. Alt er lov! Det handlar uansett om det same: å bruke språket som musikk for å uttrykke seg sjølv, mens ein både har det kjekt og blir litt klokare på seg sjølv og verda rundt seg, seier Gudnason.

Med ein veteran som Runar Gudnason og den yngre Lewe har skulen sikra seg kompetanse på all slags rap. Elevane skal òg lære å bruke stemma si og framføre låtane sine, så no bygger skulen sitt eige lydstudio, og skuleåret skal avsluttast med konsert på den lokale scena Stødt.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.