Halvard Kaasa

Tar Giske hansken?

Styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Halvard Kaasa, skriv i septemberutgåva av Kvinten eit sterkt forsvar for Fond for utøvende kunstnere, og ber regjeringa om at fondet blir tilført nødvendige midlar alt denne hausten.

Kalender

BACH – HAYDN – BACH

03/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Fond for utøvande kunstnarar er for mange av NFD sine medlemmer – og for andre utøvande kunstnarar i Noreg – ei særs viktig ordning for finansiering av konsertar, turnear, plater og andre prosjekt. Det er også mange som har hatt glede av å motta studiestipend frå fondet.

I sommar kom det fram at fondet vil miste store inntekter i haust på grunn av at ei lovendring som Stortinget vedtok i juni 2000, ikkje er sett i verk. Etter endringa skal fondet hente sine inntekter frå avgift på bruk av plater der utøvarane sine prestasjonar ikkje er verna (i hovudsak amerikansk repertoar). Denne avgifta skal betalast av kringkastingsselskap, restaurantar, diskotek, butikkar og andre som speler slike plater for sine lydarar og publikum. Samstundes skal GRAMO sine medlemmer (utøvarar og plateselskap) ha individuelt vederlag for bruk av verna plater i same område.

NFD har engasjert seg i saka og uttrykt misnøye over at det enno ikkje er utforma forskrifter slik at lovendringa kan setjast i verk for fondet sin del, mens GRAMO-endringa er sett i verk frå 1. juli i år. Det synest som regjeringa har valt å prioritere GRAMO framfor Fond for utøvande kunstnarar, som blir utan inntekter denne hausten. NFD krev at endringane også blir iverksett for Fond for utøvande kunstnarar. Settestatsråd Trond Giske tok hansken og forsikra at fondet skal få midlar. «Hvis ikke alle avtalene er i havn innen 1. januar, kommer vi til å finne en midlertidig løsning på dette.» Altså ein forpliktande lovnad vi er nøgde med, dersom han meiner at fondet vil bli tilført midlar minst på same nivå som no; rundt 10 millionar kroner pr halvår.

Etter avisdebatten om saka i sommar løyvde GRAMO 3 mill kr til fondet, som fondet kan fordela i haust. Giske kallar denne GRAMO-løyvinga «en solidaritetserklæring» (Aftenposten 5.7.). Eg går ut frå at Giske meiner at det er solidaritet at GRAMO deler med seg av sine midlar. Det inneber like fullt i praksis at ein kulturpott gir av sine midlar til ein annan kulturpott. Pengane i GRAMO er nemleg pengar som utøvarar og produsenter skal ha uansett – enten direkte som utbetalt vederlag eller indirekte som stønad til ymse formål styret i GRAMO bestemmer (kollektive midlar). Det er sjølvsagt positivt at fondet får desse midlane til fordeling til «sine» prioriterte prosjekt. Men det aktuelle kulturområdet manglar altså framleis 10 mill denne hausten.

Dei som vil merke nedgangen i fondet sine inntekter direkte på pungen, er profesjonelle norske folkemusikkutøvarar og andre utøvande kunstnarar som er
avhengig av stønad frå fondet til sine prosjekt. I tillegg vil platekjøparar og konsertpubli-kum merke dette gjennom nedgang i tilbodet av plater, konsertar og forestillingar med norske frilansande musikarar, skodespelarar og dansarar. Under opningstalen på Kongsberg jazzfestival i sommar sa Giske: «For musikere er det av betydning at de ikke bare har sin kunst å leve for, men også kan leve av den» (Aftenposten 5.7.). Dette er eit godt kulturpolitisk grunnlag for diskusjonen om fondet si framtid og gjev von om at regjeringa tek kultur på alvor. Det er på den andre sida grunn til å stille spørsmålsteikn ved Giskes grunngjeving for at det ikkje vert iverksett avgift til fondet frå kringkasting samtidig med GRAMO-endringa: «Denne avgiften kan rett og slett ikke innføres umiddelbart. Den må forberedes, og den må sees i sammenheng med økonomien til NRK som spiller mest amerikansk musikk og derfor vil bli den kringkasteren som må svare for den største avgifts-massen. Blant annet av hensyn til NRK er det viktig her at vi finner en god løsning.» (Giske til Nationen 29.6.) Lovendringa gjekk gjennom Stortinget i juni i fjor. Det har vore god tid for dei det gjeld å førebu seg på endringa. Dette gjeld også NRK. Og klarer regjeringa å innføre ei omfattande momsreform med store ringverknader og mange uklåre område midt på sommaren, så må det då jammen vera mogleg å innføre ei skarve avgift på kulturområdet etter eitt års områdingstid! Kvifor klarar ikkje regjeringa dette?

Fond for utøvande kunstnarar er eit ektefødd barn av Arbeidarpartiet, med ei historie tilbake til midten av femtitalet. Fondet skulle vera ei solidarisk løysing for å sikre breidde og kvalitet i norsk utøvande kunst i ein marknad der multinasjonale selskap styrer det meste. Det er bra at vi har fått forsikringar om vidareføring av fondet og at det er vilje til ei mellombels løysing. Men det er uheldig dersom vi får ein haust på tomgang. At NFD, som arbeider med klassisk norsk tradisjonsmusikk, i denne saka blir karakterisert av styreleiaren i GRAMO, Sæmund Fiskvik, som ein perifer organisasjon som driv med løgn og som ikkje burde ha rett til å ytre seg, er svært trist. Kor blir det av solidariteten? Eit sunt norsk kulturliv er ikkje tent med slike motsetnader, og slike utfall burde vera eit signal den politiske leiinga bør merke seg. Kva for interesser er med i bildet når ein finn det rett å gå ut med slike utsegner? NFD er ikkje i mot GRAMO – tvert om. GRAMO er ein viktig aktør for musikarar og plateprodusentar i Noreg.

Men vi er altså også for at Fond for utøvande kunstnarar skal bli ført vidare. Me er glade for Trond Giske sitt engasjement og reknar med at han i tillegg til å lytte til multinasjonale plateselskap og kringkastingsselskap også tar på alvor innspel og synspunkt frå organisasjonar som arbeider med spesifikke delar av norsk kultur. NFD er ein frivillig organisasjon som arbeider for å skape levelege vilkår for norsk tradisjonsmusikk og dans og er ingen kommersiell aktør i området. Vårt råd er altså at regjeringa må syte for at lovendringa blir iverksett også for Fond for utøvande kunstnarar så snart som råd, eller at fondet blir tilført nødvendige midlar denne hausten, slik at me unngår ein nedtur for norsk kultur og norske kulturberarar.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev