Hopp til innhald
Bergen Nasjonale Opera I Capuleti e i Montecchi Photo Magnus Skrede

Bilde fra Bergen Nasjonale Operas oppsetning "I Capuleti e i Montecchi" av Bellini i 2016, en fullscenisk og egenprodusert forestilling som fikk svært gode kritikker i inn- og utland. (Foto: Magnus Skrede)

Skal Oslo ha monopol på opera?

Er det verkeleg slik at ein eigentleg skal reisa til hovudstaden for å oppleva fullsceniske operaproduksjonar i dette landet?

Innlegget ble først publisert i Bergens Tidende, søndag 12. desember 2021.


Av Eivind Gullberg Jensen, dirigent og operasjef ved Bergen Nasjonale Opera (BNO)

Eivind Gullberg Jensen under pressekonferansen i Grieghallen i juni 2019, da han ble offentliggjort som ny sjef for Bergen Nasjonale Opera. (Foto: Monika Kolstad)

Skeivdelinga av statens kulturmidlar var valkampens viktigaste kultursak – museumsdrift og opera vart trekt fram som dei områda der skilnaden er størst.

Det var difor med stor gleda me las at Kode fekk ti millionar kroner ekstra ved årets budsjettforlik. Bergen Nasjonale Opera (BNO) vart dermed ståande åleine igjen som årets største budsjettapar.

For kunstforma opera er stoda framleis slik at Oslo får 91 prosent av dei statlege midlane, Bergen får 3 prosent.

Til trass for unison forståing og entusiastisk stønad frå Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Hordalandsbenken, fekk ikkje BNO driftsauke, for åttande året på rad.

For ein kritisk underfinansiert institusjon som BNO kan det få svært alvorlege konsekvensar.

  • Me må skrapa kassen og nytta alle ressursar for å redda våre to planlagde hovudsceneproduksjonar i 2022. Det vil i verste fall medføra skrinlegging av planane om ein barne- og familieopera, trass i at me har fått privat stønad til nettopp den type prosjekt.
  • Me er kraftig i minus med tanke på våre to planlagde operaproduksjonar i 2023, inklusiv «Rusalka», som måtte flyttast grunna kulturstreiken.
  • Den økonomiske situasjonen vil berre verta meir og meir alvorleg for BNO, og det er no heilt umogeleg å legga konkrete planar for 2024, mellom anna ei satsing på nyskriven kammeropera i samarbeid med Den Norske Opera og Ballett, som BNO har teke initiativ til.
  • All den tid me ikkje har nok midlar til å produsera to årlege, fullsceniske hovudsceneproduksjonar, står alle våre mindre produksjonar i fare; kammeroperaer, familieoperaer, bestillingsverk, distriktsoperaer, samarbeid med lokale festivalar med meir.

Er det verkeleg slik at ein eigentleg skal reisa til Oslo for å oppleva fullsceniske hovudsceneproduksjonar i dette landet? Både innan teater og symfonisk musikk kan Bergen konkurrera med Oslo, på kvalitet og kvantitet. Innan opera er det derimot lagt opp til at Oslo nærast skal ha monopol på kunstforma, trass i at me i Bergen har produsert opera av ypparste kvalitet i fleire år.

Ser ein til Danmark, eit land som er vesentleg meir hovudstadssentrert enn Noreg, med Nordens eldste og gjævaste opera – sjølv der ser dei verdien av eit sterkt operamiljø nummer to, i eit kvalitetsdrivande samspel med «Det Kongelige Teater» i København: Bergens venskapsby Århus har ein opera som er organisert på same måte som Bergen Nasjonale Opera, med byens konserthus og symfoniorkester – dei statlege løyvingane er derimot det dobbelte av BNO sine.

Me har stor tru på at den nye regjeringa vil løfta operasatsinga i Bergen, og vår nye kulturminister Anette Trettebergstuen gjekk langt i å lova auka driftsstønad til BNO før valet (BT 12.08.2021). Vår utfordring er at me i den akutte situasjonen me er i, eigentleg ikkje kan leva i uvisse heilt fram til neste års budsjett vert lagt fram.

Ledige stillinger

Då me ikkje vart styrkja ved årets budsjettforlik, er det lov å håpa på at den sterke lokale og regionale, politiske entusiasmen vil blåsa austover og smitta over på Kulturdepartementet – at me kan starta ein konstruktiv og gjensidig forpliktande dialog om kva som trengst for verkeleg å etablera eit kontinuerleg, profesjonelt operatilbod til Bergen og Vestlandet, ja, heile Noreg.

Me i Bergen Nasjonale Opera tar gjerne den samtalen så snart som mogeleg.

Ledige stillinger

Relaterte saker

MOZART PÅ SKJERM: Bergen Nasjonale Operas nye versjon av Mozart operaen «La clemenza di Tito» (Titus’ tilgivelse) kan du nå se digitalt frem til midten av april.

Kapitol angripes i ny operaoppsetning

På grunn av pandemien måtte Bergen Nasjonale Opera vente et helt år med å sette opp Mozart-operaen «La Clemenza di...

Scenebilde fra Bergen Nasjonale Operas oppføring av Mozarts opera La Clemenza di Tito

Stormende følelser formidlet gjennom stram koronakoreografi

KONSERTANMELDELSE: Til tross for at den er preget av koronarestriksjoner i alle ledd, er Bergen Nasjonale Operas oppsetning av Mozarts...

Plakatbildet til OperaQuest

Hvordan blir en opera til?

Bergen Nasjonale Opera lanserer OperaQuest, et gratis nettspill som viser hvordan en opera blir til.

Eivind Gullberg Jensen

Dirigent Eivind Gullberg Jensen: Norsk dugnad

Frilansdirigent og påtroppande operasjef for Bergen Nasjonale Opera, Eivind Gullberg Jensen, skreiv i går eit ope brev til sentrale myndigheitspersonar...

Eivind Gullberg Jensen under pressekonferanse i Grieghallen 11. juni

Eivind Gullberg Jensen ny operasjef

Den norske dirigenten overtar som operasjef for Bergen Nasjonale Opera i 2021.

Flere saker

Guro Kleveland, her innleder på et av Ballades arrangement nylig

Ballade.no i ny drakt

Ser du noe annerledes? Norges mest mangfoldige – og gratis, her er det ingen betalingsmurer – musikkmagasin har fått en...

Oslo Filharmonien

Oslo-Filharmonien får Oslo bys kulturpris

Oslo-Filharmonien hedres med kulturprisen for sin over 100-årige innsats for byens kulturliv.

Pål Moddi Knutsen har blant annet hatt et plate og konsertkonsept med forbudte sanger laget av en rekke internasjonale låtskrivere

– Dette er en krampetrekning av et album

Moddi har laget et bestillingsverk som det blåser kuler og blomsterdekkede kruttlapper av. Men han angrer på at han har...