Eivind Gullberg Jensen (Foto: Mat Hennek)

Dirigent Eivind Gullberg Jensen: Norsk dugnad

Frilansdirigent og påtroppande operasjef for Bergen Nasjonale Opera, Eivind Gullberg Jensen, skreiv i går eit ope brev til sentrale myndigheitspersonar i Noreg om pandemien og kulturlivet som ofrast og nyttast som kommunikasjonsmiddel.

Kalender

Odd René Andersen med band på Hankø

04/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Rikke Normann på Hankø

05/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Kreativt Mandagsmøte

07/12/2020 Kl. 14.00

Vestland

Dette innlegget blei først publisert på Eivind Gullberg Jensens Facebook-side, søndag 27. september. Ballade gjengir det her med tillatelse.

Av Eivind Gullberg Jensen, frilansdirigent og påtroppande operasjef for Bergen Nasjonale Opera

Kjære Erna, Bent & Abid,

Me har no hatt unntakstilstand i Noreg sidan 12. mars grunna Covid-19 – mange næringar har fått kjenna det på kroppen, deriblant kultursektoren, som eg tilhøyrer.
Noreg er verdsmeister i dugnad. I tillegg er nordmenn blant dei mest lojale i verda, i alle fall i fylgje Harald Eia i programmet «Sånn er Norge». Nettopp difor har me heldigvis ikkje hatt nokre store problem med korona her til lands – me har til og med hatt eit underskot i dødstal, samanlikna med åra FØR me fekk denne pandemien.
Og me har alle hatt stor forståelse for at tiltaka som kom 12. mars, delvis var eit resultat av frykt og uvetenskap. Og sjølv om ettertida har, og vil, visa at mykje kunne vore gjort annleis, har me, det norske folk, akseptert og fulgt alle tiltaka. Når ein pandemi lammar verda på denne måten, ser me at me trass alt er privilegerte som bur i verdas rikaste land.

No har me derimot levd med dette viruset i over eit halvt år, og me er mange som saknar meir logikk i tiltaka – det vert for enkelt å gjenta grepa frå 12.mars, utan å visa at me no har auka kunnskap om smittespreiing, og vilje til å tilpassa tiltaka. Norsk dugnadsånd står på spel om me no ikkje snart kan snakka rasjonelt om kva som er naudsynt, og ei.

Me har til dømes lov å ha max 200 personar på alle offentlege arrangement, uavhengig av storleiken på lokalet der det skal foregå. Dette er ei historisk knebling av norsk kulturliv som me heilt klart kunne klara oss utan. (At det også sit kun 200 personar på Brann Stadion, med 14 inngongar og kapasitet på 20.000, er ein mager trøyst.)

I Bergen måtte me 8. september gå midlertidig ned til 50 personar, utan forvarsel og dialog med kulturlivet, fordi smitta i Bergen «spratt opp» i over 30 påvisa koronapositive pr døgn – dette på eit tidspunkt då det veksla mellom 0 og 1 (!) innlagte ved sjukehusa i Bergen. (Det kulminerte med seks innlagte 24. september.)
Visst gjekk smitta ned – men det var nok fordi folk i Bergen tok meir ansvar, ikkje fordi det var 15 meter i staden for 5 meter mellom kvar tilskodar i til dømes Grieghallen og ved Den Nationale Scene.

Er det lov å seia at dette ikkje heng på greip? Er det lov å vona at våre folkevalde overtar dugnadsånda vår, og tar seg tid til å skreddarsy tiltaka ift kvar smitta faktisk foregår, og kva kapasitet lokala har? DET hadde vore ein kjærkomen dugnad!

Mine foreldre er gamle og sjuke, og eg har også jamgamle og yngre vener med underliggjande sjukdomar i «risikogruppa» – ingen av desse ynskjer eg skal rammast av den pågåande pandemien. Eg hadde likevel ikkje hatt problem med å senda dei inn i ein halvfull konsert- eller teatersal (600 – 800), der alle gjerne kunne nytta munnbind, sit framovervendt på nummererte stolar, med regulert avstand. Eg trur norske konsert- og teatersalar er blant dei «koronatryggjaste» stadane i samfunnet for tida, ingen stadar vert smittevern fulgt betre opp – så fort ein kjem ut på gata, kollektivtransport og inn på shoppingsentre, og ikkje minst alle stader der det vert servert alkohol, så aukar smittefaren betrakteleg. Smittefaren er ironisk nok mykje større heima i ditt eige hus, enn i ein konsertsal! (Med mindre du bur åleina.)

All smitte me har hatt i det siste har beviseleg vore knytta til meir eller mindre private arrangement, med alkohol i biletet – eg føler at norske folkevalde nyttar innstramming i kulturlivet som ei straff mot folket, og for å senda signal til folket om å skjerpa seg i det private rom. Det er ei rå utnytting av vårt sårbare kulturliv – og eit signal om at norsk kultur «ikkje er så viktig», at det kan ofrast, og nyttast som eit kommunikasjonsmiddel.

Seinast i kveld står Bent Høie fram på Dagsrevyen, og truar med å overkøyra Oslo byråd, fordi det har vore nokre døgn med 40-50 påvisa smitta i hovedstaden. Det fyrste (!) tiltaket han etterlyser, er sjølvsagt at man senker max-antallet ved offentlege arrangement til 50 personar!

Om me ser litt bak desse tala, ser man noko som er veldig underkommunisert: Det vert kun snakka om «antall smitta» – og ikkje kor mange (les: få) som vert sjuke. Man snakkar heller ikkje om at man testar mange gonger fleire enn man gjorde i sumar. Faktisk var det like mange (eller få), og til tider fleire, innlagt ved sjukehusa i Oslo i sumar, som/enn det er no.

Over 99 prosent av alle koronatester i Noreg er negative!

Likevel vurderer man å stenga ned kulturlivet ytterlegare – forstå det den som kan. Norske kulturinstitusjonar lever for tida med eit «damoklessverd» over seg – om nokon vert smitta blant dei ansatte, kan så store deler av teaterlaget eller orkestreret etc verta satt i karantene, at alt må kansellerast, sjølv om alle er heilt friske.

Alle institusjonar nyttar med jamne mellomrom frilansarar, ei sårbar gruppe der mange står heilt på bar bakke, utan oppdrag eller inntekt. No går det dessutan rykte om at kompensasjonsordninga for alle frie kunstnarar vert avvikla i november.

Me snakkar om ei mengde utøvende kunstnarar på svært høgt nivå, som kanskje må finna på noko heilt anna i livet.

Abid, me treng ein sterk kulturminister framover – ikkje berre ein snill og hyggjeleg kar som smiler og applauderer alt som Høie og Solberg seier! Gje oss tilbake kulturen – hugs, det var produkt/underhaldning frå vårt rike kulturliv, som haldt alle oppe då folk sat heima i stovene sine i mars og april.

Mange vil kanskje hevda at eg går litt hardt ut mot våre folkevalde, men eg litar på Albert Einstein, som ein gong sa: «Unthinking respect for authority is the greatest enemy of truth»

Helsing Eivind Gullberg Jensen

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev