Hopp til innhald
TONO talerstol årsmøte

Illustrasjonsbilde.(Foto: Kristian Dugstad/TONO)

Kva meiner eigentleg Ohlogy om TONO?

– Debatten om TONO blir ikkje ryddigare når argument blir omformulerte, og kritikken ikkje blir følgd av konkrete forslag til kva som bør endrast, skriv Hans Martin Sognefest Austestad.

Dette er eit meningsinnlegg, der avsendaren gir uttrykk for sine synspunkt og refleksjonar. Teksten er ein kommentar til Ohlogys innlegg frå 25. juni, «Er TONO en kulturpolitisk aktør?».

Her kan du følgje Tono-debatten på Ballade.

Av Hans Martin Sognefest Austestad, musikar og musikkpedagog

Hans Martin Austestad

Hans Martin Sognefest Austestad. (Foto: Privat)

Takk for at Ballade legg til rette for ein open debatt om TONO.

Eg ønskjer å peike på to forhold ved tilsvaret frå Ohlogy som eg meiner fortener ei presisering.

For det første meiner eg at argumentasjonen i innlegget mitt blir omformulert. Eg argumenterer ikkje for at TONO er eit kulturpolitisk organ eller ein kulturpolitisk aktør. Tvert imot skriv eg uttrykkeleg:

«Det mest interessante – og kanskje mest underkommuniserte – problemet er at TONO formelt ikkje er eit kulturpolitisk organ, men i praksis har betydeleg kulturpolitisk effekt.»

Dette er ei vesentleg nyanse. At ei verksemd har store samfunnsmessige eller kulturpolitiske effektar, er ikkje det same som at ho har eit kulturpolitisk mandat. Til samanlikning kan OBOS påverke bustadmarknaden utan at selskapet dermed er eit bustadpolitisk organ.

Poenget mitt er heller ikkje lausrive frå TONO sitt eige styringsgrunnlag. TONO sitt mandat er forankra i medlemsavtalane, vedtektene og lovverket.

Samtidig slår vedtektene fast at organisasjonen mellom anna skal ivareta musikalsk mangfald og «profilere sin virksomhet på en måte som sikrer aksept og legitimitet for TONO som kulturpolitisk aktør på musikkområdet».

Ledige stillinger

Innlegget mitt handlar nettopp om spenninga mellom dette mandatet og dei kulturpolitiske konsekvensane som oppstår gjennom måten mandatet blir utøvd på.

For det andre etterlyser Ohlogy meir openheit, transparens og etterprøvbarheit. Dette er viktige ideal, og eg deler ønsket om ein opplyst debatt.

Samtidig sit eg att med eit grunnleggjande spørsmål: Kva meiner eigentleg Ohlogy bør endrast?

Innlegget viser til «manglande transparens», «svak kontroll», «mangelfull representasjon» og «makt som ikkje kan etterprøvast», men peikar ikkje på konkrete vedtak, organ, prosessar eller avgjerder som underbyggjer kritikken eller seier kva som bør gjerast annleis.

Dersom kritikken skal føre til betre styring eller større openheit, meiner eg det er ein fordel at han blir knytt til konkrete forhold som kan diskuterast og etterprøvast.

Eit vesentleg problem i TONO-debatten er at partar ofte snakkar forbi kvarandre. Omgrep blir brukte om ulike ting, argument blir omformulerte, og alvorlege påstandar kjem stundom først etter at årsmøtet er over. Då blir det vanskeleg å få den opplyste debatten mange etterlyser.

Skal vi styrkje modellen for kollektiv rettigheitsforvaltning, trur eg vi er tente med å vere så presise som mogleg – både når vi gjengjev kvarandre sine argument og når vi kritiserer systemet.

Tydelege meiningar og konkrete forslag er eit betre utgangspunkt enn mistankar om skjulte agendaer eller uryddige motiv.

Det vil gjere debatten meir opplysande, og kanskje også bringe oss nærare løysingar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tono vegg

Er TONO en kulturpolitisk aktør?

– Makt er ikke nødvendigvis et problem. Men makt som ikke kan etterprøves, utfordres eller kontrolleres, er det, skriver Goran...

Tono vegg

Tono svarer Aslak Klever

Utfordringene er mange – korrupsjon er ikke en av dem, skriver Tonos Karl Vestli i sitt svar til musikkforlegger Aslak...

Tonos årsmøte

Tono kritiseres for skjeivfordeling av penger og makt

Motstridende syn på hvorfor musikkskapere flagger ut.

Tom Hugo Hermansen på Tonos årsmøte

TONOs årsmøte: Tom Hugo Hermansen ny styreleder og ja til forvaltning av digitale sangtekster

Ny styreleder, nei til eksterne i styret og ja til forvaltning av sangtekster. Her er noen av utfallene fra TONOs...

Karl Vestli i Tono uttrykker glede på musikkbransjens vegne etter at tysk rett har satt foten ned for en av verdens mektigste KI-aktører, i det som kan markere et historisk veiskille for både teknologi og opphavsrett.

Tono vil samarbeide med arrangørfeltet om en bedre konserttariff-modell

Et nytt samarbeidsutvalg vil utvikle en ny tariffmodell.

Her kommer «Tonohuset»

Tono blir huseiere

Vil skape «Musikkens hus» i kvadraturen i Oslo.

Flere saker

BRANSJEPRISEN 2025 deles ut lørdag 13. september under Bylarm

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»

Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av...

John Fryer

Sirenenes sang

Den engelske produsenten og musikeren John Fryer lagde drømmepop med This Mortal Coil på 80-tallet. Han har jobbet med artister...

Skjermbilde av helseminister Bent Høie fra dagens pressekonferanse om koronasituasjonen

Koronasituasjonen: – En tung beskjed å få

Regjeringen tråkker på bremsen for videre gjenåpning av samfunnet. Et nytt hardt slag for bransjen, sier organisasjonene.