Utsnitt av albumet "Jol i Vinje" frå 1978, med Vinje Songlag, Ellen Nordstoga og Sondre Bratland (Foto: Kirkelig Kulturverksted)

The secret christmas chord

Kva er det som gjer julemusikk til julemusikk? Og kvifor er noko musikk “julete” utan at det i utgangspunktet er julemusikk? Kvar ligg hemmelegheita?

KommentarMusikken og livet

Medieselskapet Vox media har gjennom sin Earworm-serie laga ei rekke forklarande videoar om musikk. I eit svakt augeblikk laga dei også videoen «The Chord that makes christmas sound so christmassy». Dei kom fram til den hemmelege akkorden Dm7b5. Same kor fengjande det høyrest ut, finnast det dessverre ingen hemmeleg juleakkord.

Men kva er det då? Er julemusikk berre musikk med juletekst? Er det kva som helst, berre du har dombjeller oppå det du vanlegvis gjer? Eller kan det vere kva som helst, berre du kjem i julestemning? Kva no enn det er då. Din julemusikk er mest sannsynleg ein annan enn min. Ikkje at min er så original, men julemusikk handlar om personlege minne, smak, kontekst – som det meste anna. Likevel er det spennande å leite slik etter linjer gjennom julemusikken. Og er det, trass nostalgifaktoren, slik at vi er meir opne for meir lyttekrevjande sjangrar i jula?

Julaftan då eg veks opp starta med amerikansk julemusikk – snop og Donald. Det var lyst ute, slik det er når Ole, Dole, Doffen opnar pakkar. Etter TV-stunda sette vi gjerne på folkemusikk, for eksempel Åsne Valland Nordli. Rett før kyrkja var kanskje Juleoratoriet på anlegget. Før Sølvguttene song oss til bords. Rundt midnatt kom gjerne den heilagste plata på, Rosa frå Betlehem med Sondre Bratland, Iver Kleive, Knut Reiersrud og Paolo Vinaccia – The Quartet.

Bugge Wesseltoft si Snowing on my piano er nok den første eg høyrer kvart år. Første søndag i advent. Lulle seg inn i mjukt flygel, stearinlys og melankoli og ei av landets mest populære juleplater. Før Messias og Juleoratoriet. Og så er det deilig å drukne i dei tette, amerikanske strykearrangementa til Nat King Cole. Eller danse til digg, slitsom Motown-jul som Jackson 5 sin “Santa Claus is coming to town”.

Klarer du å lage ein juleklassikar, er du på mange måtar redda. Førre veke havna Mariah Carey si 1994-hit «All I want for Christmas is you» på førsteplass på Billboard-lista etter 26 år, og ein nøye gjennomtenkt markedsføringsplan. Saman med Wham, Chris Rea og The Pogues på repeat har dei lydlagt julehandelen kvalmande i stil med forbruket. (Slapp av, eg synest faktisk alle dei låtane er fine nok, men inn i hovudet mitt har dei fått ein kjøpesenter-reverb som står i vegen). Men musikken er overalt i jula.

Utsnitt av platecoveret til Mariah Careys «Merry Christmas», der me finn ei av verdas mest spela julesongar, «All I Want for Christmas is You» (Foto: Columbia Records)

Det blir gjerne sagt at alle musikarar er sikra jobb i julesesongen. Anten i det hyperkommersielle segmentet, partyband eller taffel på julebord, det frivillige musikklivets julekonsertar eller heimvende musikkstudentar som lagar julestemning i bygda. Jazz, folkemusikk, klassisk, kor – sjangrar som elles i året kan vere nøgde med 30 publikummarar får besøk av det tidoble i jula. I jula er det til og med greit å spele meditativ, melankolsk musikk. Kanskje set dette nostalgiske, melankolske, ettertenksame i jula kan oss i ein posisjon der vi lyttar på eit anna nivå. Djupare, stillare.

Korklangen har noko nostalgisk i seg, utan at ein nødvendigvis har høyrt musikken før. Det same kan fela ha. Pumpeorgelet, saksofonen. Nostalgien er ikkje berre personleg, og slik sett treng ikkje julemusikken nødvendigvis å vere det. Plateselskapet Hubro sin “folkeimprosamtidsjazz” er midt i dette segmentet. Pumpeorgel, steel-gitar, fele, knitrete perkusjon, kontrabass, ein gammal mann og ei gammal dame som syng – A Christmas Gift for You from Andreas Meland* er alt eg ynskjer meg til jul.

Barne-TV-kalendarane har konsentrert mange julete uttrykk i musikken. Det ligg noko fjelljazz over Geir Bøhren og Bent Åserud sin musikk i Jul i Blåfjell. Ginge sin episke musikk til Julekongen lånar som John Williams i Home Alone frå Nøtteknekkeren. Men Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland sin temasong på Jul i Svingen og ikkje minst «Jolevise» stikk seg nok ekstra ut.

Og no skal vi trekke nokre linjer tilbake: I 1978 gav Vinje Songlag ut Jol i Vinje. Med Ellen Nordstoga (mor til Odd), og Sondre Bratland (som er søskenbarnet til Ingebjørg sin far), som solistar. Eg er farleg nær å kalle Jol i Vinje tidenes norske juleplate. Varianten av “No koma guds englar” er kanskje litt vel traust, men så er nettopp det litt frigjerande også. Høgdepunktet er “Her er det ny som på jorderig skjedde”. Den er kanskje ikkje så godt kjend, men er etter mi meining ein av dei finaste melodiane vi har. Og Ellen Nordstoga i Vinje kyrkje syng den på ein heilt spesiell måte.

Ein av dei mest julete lydane eg veit om er Bill Evans som halvironisk syng “Santa Clause is coming to town” under innspelinga av Waltz for Debby med Monica Zetterlund i Stockholm 1964. Det er noko med smilet ein høyrer. Han er ein musikar på jobb som kosar seg, og ler litt av at han spelar julemusikk. Det ligg eit deilig metaperspektiv i det klippet der.

Ein stad mellom Bill Evans og Vinje Songlag – der ligg “the secret”.

*Sjef i plateselskapet Hubro

Nemnde Andreas Meland er medlem av Ballades styre, men har ingen øvrig relasjon til artikkelen eller artikkelforfattaren.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo   

Ballade video: I stua, i limbo   

Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio