Av Ida Habbestad
Det er ikkje lenge sidan me såg KORK i utfalding på T-banestasjonar i Oslo sentrum, til glede for store og små forbipasserande. Om kort tid legg ”heile landets orkester” ut på kulturcruise-turne, med behørige stopp ved ei rekkje av dei nord- og vest-norske kulturhusa.
At det var KORK som skulle stå for den mest spesielle – og fleksible – orkesterkonserten under Ultima dette året var dermed inga overrasking, og med komponist Henrik Hellstenius som kurator sto lyttaropplevinga i fokus.
Gjennom ei rekkje verkemiddel vart lyttinga problematisert. To skodespelarar på lydband sto for ei verbal utgåve, der dei representerte publikummet, og sat som oss med programhefter fylde med intellektuelle kommentarar som skulle gje dei bilete av kva dei skulle høyra. Kva dei fekk ut av det er ikkje godt å seia – og korleis er det så med det vanlege publikumet?
Publikum i sentrum
Sidan kom den ukjende samtidsmusikken, men utanom vande rammer. Orkestret spelte i mørkna, bak forheng, og først etterkvart fekk me sjå inn bak ei glipe av teppet – til den nesten eventyraktige orkesterverda som skjulte seg der. For i teatret, gjennom desse enkle verkemiddel, vart framsyninga like mykje ei forteljing som ein konsert, ikkje minst gjennom Hellstenius sine monologiske introduksjonar som var beretningar om verket, eller tankar om lyttinga – til dømes hjå Luigi Nono.
Alt kom nærare i teatret enn i den vanlege orkestersalen; ikkje minst etter pause då orkestret var plassert langs veggane, og me som lytta sat i sentrum. Tanken er for så vidt ikkje ny – kora har til dømes eksperimentert med ulike oppstillingar lenge – men eg har aldri før opplevd eit heilt orkester gjera tilsvarande, med heile den verknadsfulle spennvidda det medførte.
Det usikre ved kva som ville komma, dei mange overraskande utbrota var ein tankjevekkande påminnar om kor mykje me lyttar med augo, og ein sat der på vakt, før ein etterkvart fann sine eigne mønstre og vegar i musikken – og lærde seg til å forstå når nye utbrudd var i emning.
Japansk legende
Den siste Ultima-konserten for min del vart konserten med Michiko Hirayama søndag. Den 84 år gamle songaren har dei siste 40 åra levd med Scelsi sitt ”Canti del Capricorno” – ei samling på 20 songar som Scelsi skreiv i samarbeid med henne i åra mellom 1962-1972.
I dag er ho den einaste i verda som framfører verket, og berre møtet med songaren sjølv var ei oppleving; gjennom den overveldande prestasjonen det er for eit eldre menneske å stå framfor eit stort publikum med vokale utladningar i halvannan time – i hovudsak åleine, men tidvis akkompangert av Matthias Bauer (kontrabass), Ulrich Krieger (altsax), Jürgen Grözinger og Roland Neffe (slagverk).
Dei instrumentale innslaga var gode avvekslingar i det elles smalt fokuserte Scelsi-verket, og særleg Bauer sin solosats på kontrabass – framført på lause strengar, med dynamiske utsving som einaste variasjonshøve – var magisk i denne samanhengen.
Men òg den legendariske Hirayama som frå høge utbrot med mykje vibrato til nasale vendingar og gryntande, mørke klangar tok oss med på den reisa gjennom verdshistoria som ho har [link id=63577 title=»fortalt «]at dette handlar om.
Dei to opplevingane bar mål om variasjonsbreidda i den etterkvart så omfattande festivalen Ultima-festivalen, og er begge døme på eksperiment som me gjerne ynskjer meir av i dei komande år.
Konsertar:
Ørets teater, Kringkastingsorkesteret, dirigent Ingar Bergby, Elisabeth Holmertz (sopran)
Henrik Helstenius (NO): Like objects in a dark room (2007)
Claude Vivier (CA) «Lonely Child» (1980) for sopran og orkester
Salvatore Sciarrino (IT) «Autoritratto nella notte» (1982)
Luigi Nono (IT) ”No hay caminos, hay que caminar” (1987)
Michiko Hirayama (vokal): Giacinto Scelsi: «Canti del capricorno»
Matthias Bauer (kontrabass), Ulrich Krieger (alt-sax), Jürgen Grözinger (slagverk), Roland Neffe (slagverk)

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske
I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner
Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide
Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal
Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.
Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn
Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.