Jennifer Walshe i Time Time Time under Ultimafestivalen 2019 (Foto: Ultimafestivalen 2019/Signe Fuglesteg Luksengard)

Ultima 2019: Lyd av tid

Med operaen «Time Time Time» prøvar Jennifer Walshe og Timothy Morton å få oss til å erfare tid. Slik kan vi kanskje kome nærare ei forståing av klimakrisen og vår plass i verda.

Kalender

Gammal Maiden med Egil Hegerberg

05/12/2024 Kl. 19:00

Oslo

Lunsj med kultur – Operettelunsj

06/12/2024 Kl. 12:00

Oslo

Lørdagsopera

07/12/2024 Kl. 1400

Oslo

Det er annleis å gå på ein konsert på Ultima enn andre samanhengar. Du veit ikkje alltid kva du går til, men du går som oftast heim med heilt nye tankar – ny innsikt.

Eg ville gå til denne konserten. Langs Akerselva til Bjørvika. Når du går, oppfattar du tid på ein annan måte enn når du for eksempel tek trikken. Med trikken tek reisa 20 minutt, medan det tek dobbelt så lang tid å gå. Du opplever kvar meter. Når du i tillegg går i slike tankar, går du saktare. Så mykje at du likevel må ta trikken siste bit for å rekke førestillinga.
Eg var ute i god tid.

Komponist og performance-artist Jennifer Walshe og økofilosof Timothy Morton har laga ein opera om tid – Time Time Time. Morton har gjennom fleire bøker skrive om det han kallar hyperobjekt. Enkelt sagt fenomen som er så store at vi ikkje klarar å fatte det – som for eksempel global oppvarming. Eller tid. Gjennom musikk kan vi i alle høve forsøke å fatte det.

“Versågod, vel deg eit fossil. Det er ei gåve frå artistane”, blir vi helsa ved inngangen til Scene 2 på operaen. Ein 140 millionar år gammal fossil av ein blekksprut. Eg valde min ammonitt. Vi vart oppfordra å halde ammonitten gjennom førestillinga. Gjennom ammonitten er ein på ein konkret måte i kontakt med noko så abstrakt som tid. Ein blir liten og audmjuk i møte med 140 millionar år.

Ein meir effektiv sorg
På Scenekanten såg dei fire utøvarane ut som eit råd. M.C. Schmidt såg mest ut som sekretær med dressen på og ringpermen framfor seg. Leidningane i kaos ned frå pultane tilkopla alskens duppedittar, som om dei skulle måle noko. Den enorme og staslege harpa til Áine O’Dwyer skilde seg ut. Timothy Morton sat på sida og mediterte i lotusstilling under heile førestillinga.

Harpist Áine O’Dwyer i Time Time Time (Foto: _Ultimafestivalen 2019/Signe Fuglesteg Luksengard)

Sinusleiken frå e-bow-spelet til Lee Patterson opna det lydlege. Sinustonen er interessant under overskrifta tid. Det er vanskeleg å oppfatte starten, slutten og lengda på tonen. Når vi får bølgjene som oppstår i det i det frekvensane nærmar seg, får vi fleire hendingar som gjer at vi opplever tid på ein annan måte. Så oppdagar vi lydane som snik seg inn frå sidene. Frå dei to norske duoane Streifenjunko og Vilde & Inga på kvar sine balkongar. Saksofon, trompet, fele og kontrabass lagar harmoniar rundt sinustonen. Sakte harmoniske forandringar.

Time Time Time i Operaen fredag 13. september (Foto: Ultimafestivalen 2019/Signe Fuglesteg Luksengard)

Den store musikken, biletet av eit stort svart hol på lerretet og ammonitten i handa legg enorme tankar i oss frå første stund.

Når tekstopplesinga byrjar, skiftar rytmen. M.C. Schmidt og Walshe les høgt medan videoar frå fabrikkarbeid på femtitalet rullar i full fart bak. Det finnast ein produktivitetsguru med ditt namn på, blir vi fortalt. Vi får tips om korleis vi kan sørge meir effektivt, det er jo så greitt med alt som er gjort. Gråt på bussen, i heisa, alle ledige stunder kan fyllast. «Netflix and chill? Cry. Silently.» Det er komisk absurd.

Samspelet mellom Walshe og Schmidt var fascinerande. Dei har begge ei vanvitig sterk utstråling på scena, og engasjerte oss i tekstane. Med same manuset framfor seg, prata dei vekselvis, av og til i munnen på kvarandre. For eksempel kunne Schmidt seie noko vitskapleg om måling av tid, før Walshe gjentok det i rolla ein videobloggar frå California, “Like…you know the time is…”.

Det komiske er viktig gjennom heile førestillinga. Med humor framstår eit verk som skal ta for seg noko så enormt som meir ærleg. Det er komisk fordi det er absurd. Menneskets jag etter å vere mest mogleg produktiv er komisk.

Walshe har mellom anna oppsøkt stader der tid blir målt, atomklokker og stader der det er funne fossilar frå dinosaurar. Desse besøka har resultert i mengder med video og lydopptak. Desse ulike videoane, tekstane og lydane vart presentert i eit overveldande kaos, vi fekk ikkje med oss alt. Vi fekk bruddstykker.

Måten dei ulike ideane om tid vart reflektert i det lydlege, musikken, gjorde at vi kjente dei ulike tidsomgrepa på kroppen. Gjennom saktegåande klangar, store lydar. Dei små lydane frå elektronikken til Patterson, eller akustiske frå tungeslap frå dei to duoane på sida vart bilete på mikrosekund.

Inga M. Aas fra duoen Vilde & Inga under «Time Time Time» i Operaen, Ultimafestivalen 2019 (Foto: Ultimafestivalen 2019 / Signe Fuglesteg Luksengard)

Eit av dei sterkaste augeblikka kom mot slutten av operaen. Det vart med eitt heilt stille, og strobelys slo i auga våre. Lenge. Det var særs ubehageleg. Men det var eit viktig ubehag. Med all lyd, tekst og bilete bak oss, stod tida heilt stille i møte med strobelysa. Dette augeblikket gir ein viktig heilskap til førestillinga, og ei meining i alt kaoset.

Det kan til tider verte platt og klisjéfullt når kunstnarar skal la seg inspirere av klimakrisen. Det kunne ikkje falt meg inn å seie noko slikt om det eg opplevde i operaen på fredag. Dei kaotiske og til tider absurde tankerekkjene til Morton og Walshe er først og fremst ærlege. Kunsten, musikken, er ein av dei få stadane vi kan vere i kontakt med desse uforståelege fenomena. Musikken lærer oss å lytte, og ved å lytte kjenner vi etter. Vi må kjenne etter, og i Time Time Time fekk vi gjere nettopp det.

Om Ultima
Nordens største samtidsmusikkfestival, støttet av Kulturrådet og Oslo kommune.
Festivalen finner sted i september hvert år og foregår på arenaer over hele Oslo. I 2019 er festivalperioden 12. – 21. september.

Ultimas arrangementer skjer på både store etablerte arenaer som Den Norske Opera & Ballett, Oslo Konserthus og Universitetets aula samt på små klubber, butikklokaler, industrilokaler, museer, skoler og utendørs. Ultimafestivalen skal fremme kunstnerisk egenart, trender og innovasjon, og gjøre musikk av høy kunstnerisk kvalitet tilgjengelig for flest mulig.

Ultima er en stiftelse der 17 profesjonelle kulturinstitusjoner og organisasjoner er medlemmer. Medlemsorganisasjonene er representert i Ultimas råd, og deres bidrag danner grunnlaget for festivalen. Dette er medlemmene:

BIT20 Ensemble
Black Box Teater
Den Norske Opera & Ballett
Det Norske Kammerorkester
Det Norske Solistkor
Henie Onstad Kunstsenter
Institutt for musikkvitenskap
Kunsthøgskolen i Oslo
NICEM
Norges musikkhøgskole
Norsk Komponistforening
Notam, Norsk senter for teknologi i musikk og kunst
NRK, Kringkastingsorkestret
nyMusikk
Oslo Domkor
Oslo-Filharmonien
Oslo Sinfonietta og Cikada

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo